Mykje tragedier rundtom

Nyheitsbilde idag gjer meg berre trist
Mange sjebner rundt om ,og mange familietragedier
Kunne dei vore unngått?
Ikkje veit eg.Veit ikkje bakgrunnen
Men tragisk er det uansett

Sit og funderer over livet,mens eg ser på Godmorgennorge:-)
Fjerna kulen ver øyret iår.Litt stor.Forhåpentlegvis helt ufarleg,men fortsatt litt hovudverk
Sikkert bedøvelsen.Litt vanskeleg når eg er plastra og sydd med tjukk bandasje der brillene skal vere
No har eg funne nokre gamle slakke og har bogane omtrent rett opp:-)
Ser no i det minste.Må sitte iro,men heilt greit det

Snufsete vorten.Tid for det no
Ute har vinteren igjenn tatt tak, ilag med vinden.
Dei to er litt av eit team.Ingenting å sei på samarbeidsevna
Men syns igrunnen vinden har rydda nok og er lei kong vinter forlengst:-)
Ingolf er lei og seier han.Ikkje noko ute og herje ver:-)

Ta meg ein sofa og komme meg til hektene dag.
Skal komme kontrollør på vedovnen i ettermiddag,så kanskje eg skal ta ut oska mens eg hukser det
Må antageleg rydde litt og.Her ser det ut,eller ikkje.
Eg er ikkje den med mest ordensgen
Berre å smekke det inn på eit rom og late att døra:-)

Ha ein fin fredag:-)

Gruar meg

Ute er det rett og slett utriveleg
Vinden hyler fortsatt rundt huset og det har hagla

Gamla og Larris skal på køyretur til Førde i detta veret
Har rett og slett ikkje lyst
Men ,må på sjukehuset og er lite lurt å la vere…
Gruar meg til begge delene
Ligg ikkje nett så tungt på vegen denne bilen min

Ser på nyheitene og dette grusomme jordsjelvet som har tatt så mange liv
Rett og slett forferdeleg.
Blir så stort at eg har problem med heilt å skjønne konsikvensane
Krig og naturkatastrofer preger nyheitsbilde
Då får litt uver og høge prisar på matvarer liten betydning
Ein ser kor plutseleg bildet kan snu seg

Men vi er jo uansett oss sjølv nermast når alt kjem til alt
Eg slutter ikkje å bekymre meg over kvardagslege ting, sjølv om det skjer ting ute i verda rundt meg
Ingolf gjekk ut i uveret.Må ein så må ein:-)Varde ikkje så lenge.Ikkje utever for katter,antageleg

Ferja er innstillt ,står det.Ikkje at eg treng ta den,men seier noko om vindtilhøva:-)

Ha ein super dag.Håper vinden roar seg 🙂

fykande ver

Du veit,
Her skjønner til å med gamla at det nok er tryggast å halde seg innadøs
Hadde store problem med å både komme meg inn og ut av bilden.
Det er kraft i vindkasta.
Er til å med sånn at eg følte meg som eit lite lett lauv,der eg fekk fart rundt hjørnet

Så kanskje eg berre skal slappe av,hekle litt og sjå etter kor ting fyk henn:-)

Berre å skalke lukene

Dette her prosjektet får fram adrenalinet til tider.
Hekler ti sentimeter og rekk oppatt tolv.
Og sånn går no dagane:-)
Ha ein super onsdagskveld i vinden:-)

God morgon😊

Eg sit no her med kaffien min
Må tilstå eg er trøtt i kropp og sinn
Men tenkjer at jaja,det går seg til
Får i det minste vakne i fred

Kjenner at jordsjelvet i Tyrkia gjer inntrykk på meg
Så volsomt og skremmande ,og synte lite nåde på sin veg.
Naturen er lunefull og veldig hard
Tek ikkje hensyn,berre er brutal

Gratulerer med dagen

Samane sin nationaldag.
Verd ein gratulasjon.Kan forlite om samekulturen

På nyheitene er det Helge Ingstad ulykka dag ut og dag inn føler eg.
Blir litt metta og har ikkje behov for å vite kven av dei som har skulda.

Jordsjelv i Syria og Tyrkia er vel kanskje litt viktigare.
Naturkreftene er skremmande.
Der er vi hjelpelause.

Eg og Ingolfen slapper av.
Fridag skal ein ikkje kimse av.


Mildt,grått og nesten vårstemning ute.
Godt dagane vert lysare.
Energien min aukar med lyset.
Ikkje at den er så stor,men er no kommen på pluss.

Ha ein super mandag🎈

Rakk det akkuratt

Dobbeltvakt gir ikkje så mykje pause,men fordelen var..
Rakk omvisning på Sognhostell.
flotte veggmaleri.

Kart med markering over land gjestane kom frå.rom i div. Størrelsa.
Trimrom.
Og ikkje minst hyggelig vertskap og god atmosfere.
Huset er forandra sidan eg hadde ungar der i skule og barnehage.

I dag verker beina etter 14 timars trakk igår,men kosa meg med kjekke kollega så gjekk som ein draum.

Kjenner at det er heilt passe å kun ha seinvakt idag.
Nyte morningen og få tid til frisk luft.

God søndag❤️

Fredag🥳


Snøen kom den,så kalde føtter som melder snø skal ein ikkje kimse av.

Men vakkert ute enn så lenge
Meldt snø,så kjenner eg er begynnt å grue meg til arbeidshelga .

Ikkje jobben altso,men køyringa.
Justering av statsbudsjettet på gang
No er eg litt spent på kva som vert justert.
Prisveksten gjer det nok vanskelig for mange sektora og rett og slett for folk flest.

Sjølv sit eg no varmt og godt.
Innballa i teppet mitt,kaffi og godmorgennorge.
Dei lover meg vind og meir snø..
Eg har ikkje behov for det i det heiletatt.
Så heilt unødvendig.

Men kose meg litt til før eg må måke snø.
Innfarten er nok ganske stappa etter snøplogen.
Greit å få vekk.
Dagens trim🥳

God fredag

Britahuset

Oppkalla etter dama som budde der før,men no er det velvere som lyser mot meg når eg kjem inn dørene.

Idag tok eg full pott.
Først frisøren.
Ingrid er berre topp altso.
For deg frisør passer perfekt.

Vegane her har ikkje midtstripe,men det har til gjengjeld håret mitt.
Eller hadde..
Vekke for ei veke eller to🥲

Så var det til Anne Berit.
At ryggmasasjen var kun ein nytelse er å lyge.Bare god..litt misvisande namn 😊Men passer på eigaren
Var til tider på grensen til at eg ville skrike og det høgt..Ho finn absolutt alle vonde punkt eg ikkje eingang visste eg hadde
Men vert nok bra om ei stund.
Etterpå fiksa ho både sjegg og augebryn.
God som ny eg.
Ikkje så ofte eg unner meg det,men var på tide.

Fekk frosten i meg.
Frys på beina så vert nok snø.
Har pakka meg godt inn.
No skal eg berre ta verda med ro

Ha ein fin kveld

Sånn går no dagane

Av ein eller annan grunn er eg begynnt å knuse..
Går utover matskålene til katten.
Ingolf er faktisk ganske skeptisk
Mulig han frykter for livet.
For selvfølgeleg mister eg divése ned på desse skålene..Her må det innkjøpast plast eller metall.

Nydeleg ver på lufteturen i ettermiddag.
Og dagens høgdepunkt.
Vaskemaskina vart levert.
Toppen var at naboane kom ikveld og bar både ut og inn.
Maskina kom til og med i vater..
Merkelig maskin eg har kjøpt igrunnen.
Lager merkelege lyder og oppfører seg snålt
Så no les eg bruksanvisning og prøver få med meg litt av funksjonane..
Nesten så eg angrer eg ikkje valde ei litt enklare..
Om vi vert venner er uvisst.
Enn så lenge er vi forsiktig på nikk.
..
Fyrt i ovnen og kjenner at no er det tid for å la humla suse