Siste dagen

I mars altso:-)
Sit no her og funderer over livets gode og mindre gode sider.
Kaffien er nett ferdig.Lukter og smaker godt for ein sliten og trøtt kropp

Ser ut som det vert ein fin dag..Snart påske, og eg må innrømme at i år så er det lite viktig
Men, kjem gjer den uansett

Prøver å manne meg opp til å gå i dusjen.
Men alternativet er ikkje bra.
Litt hygiene må nok til her i gården og, skal eg ikkje skremme livet av dei på legekontoret
Må inn å ta blodprøver. Er då ein skulle ønska at ein budde litt meir sentralt
Ikkje for det
Dusje bør eg uansett:-)Og blodprøver kan og vere viktig

Må ta meg ein tur på gravplassen idag.
På tide åt eg rydder litt på grava til pappa…Kan jo unnskylde meg med at det har vore kaldt og snø, men det er på høg tid,altso
Tek det i same slengen.

Lite energi å spore anna enn ho Ingolf her i huset.
Han syns våren er topp.
Til tider misfornøgd med maten, men kven er ikkje det.
Vi er litt ueinige om prioriteringane,og har litt ulik døgnrytme:-)

Røyter noko volsomt fortida,så lodden pus i hus er ikkje alltid noko stas.Men er selskap .
Kjekt å ha nokon som blir glad for at du kjem heim og viser det:-)
Litt meir styr med dyr når ein vil reise vekk

Er berre å gå i dusjen og prøve sjå lyst på livet:-)Kan til tider vere travelt nok det og

Ha ein super dag,og fin palmehelg

Klokkestilling meg her og der


Eg heng litt etter.Kroppen er fortsatt på vintertid og det var klokka og eg og.

Sola skin,det er fortsatt kaldt og gamla har ikkje bøy🌻
Går seg vel til håper eg.

Glad i vårenn.
Ser naturen veks til liv att.
Fuglane kvitrar og alt vert igrunnen koseligare.

Men fortsatt er nettene kalde.
Og eg må vakne..
Ingolf er berre superfornøgd med vårlivet.
Har starta hagearbeidet og greve opp all tulipanløken.
Jorda skal vere fri for klumper,meiner han.
Frustrasjonen til matmora den skit han i bokstaveleg tala.
Ifølge Ingolf er det kun tre vi skal ha i hagen.
Dei kan nyttast til å kvesse klør og til klatring.

Gamlemor berre et.
No har eg fått smaken på pomfrites.

Sikkert veldig usunnt,men godt er det om ikkje for vekta.

Ha ein super dag

Ting tek tid

Verker fortsatt i kjeven etter tannoperasjonen.Litt sånn irriterande med tråder og sting i overmunnen
Hoven og sårt.Veit det går over,men tek lit lang tid…Syns eg vert hovnare for kvar dag eg,men håper det berre er noko eg trur:-)
Tek no medisin..
Litt må ein stønne over på morningen
Ikkje mi beste tid på dagen:-)
Men kaffi hjelp på.
Snart helg og fri og takk for det:-)

Har eit mål og det er å gidde støvsuge
For her røyter Ingolf og ikkje berre litt
Langhåra katt er ikkje berre berre…
Ikkje lat eigar heller:-)

Renta stig i takt med prisane ellers.
Må ein livstilsendring til hos mange.
Ikkje så lett å komme imål økonomisk

Verden er uroleg og eiin veit liksom ikkje neste trekk
Skumle tider
Imens må vi no kose oss så godt vi kan.Kan ikkje godt låse oss inne heller
Skjer og mykje positivt i samfunnet rundt oss
Sjølv er eg snart klar for ny dag på jobb.
Blir omtrent min andre heim:-)
Litt kaffi til så er eg klar:-)

Ha ein super fredag:-)

Skikkeleg vestlandsver

Vore ute på uversturen min
Er igrunnen ei uverskråke.s Så passa sånn sett bra.

Lang dag på jobb og møte
Ny kommunedirektør i kommunen, som igrunnen har vore det ei stund..

Vi har hatt mange siste åra.

Sein postgang i distrikta.
Tja..det har det vore lenge.
Ikkje er det post meir enn annakvar dag.
Går ikkje nett på fram.
Kanskje det var på høg tid med ei gransking av posten.

Men det går mot vår.

Sterkt


Sterk lesing og gjer meg trist.

Kor viktig er det ikkje at vi ser og føler magefølelsen vår i møte med ungar vi har rundt oss.

Dyr fornøyelse..

Kan ikkje kallast fornøyelse eingang.
Over 4000 for å operere ut betennelse sv ei rot…
Ikkje snyt deg noko særleg før om 10 dager,sa han..
Håper vårforkjølelsen held seg vekke.
Men,flink er han.
Det skal han ha.
So no er gamla trygt på sognebåten.
Ligg fortsatt ved kai.
Tatt penecelin og smertestillande og håper på det beste.
Har vasa rundt i Bergen i fleire timar.
Berre tatt runden.
Kafe er lite hjelp i med bedøvd kjeve.

Tek resten av boka på heimturen.
God og lettlest
Ekspressbåtane er ein flott oppfinnelse.
Berre litt dyrt å reise med.
Men,alt er dyrt no for tida.
Kjøpte meg ny bukse..
Litt må ein unne seg.
Kleda krymper i vask fortida🥳

Morgondikt

Grått og vått ,men er det flott?
Spørs kva ein likar,eg syns not
Snøen smelter og dagen gryr
Gamlemor er så trøtt at ho nesten spyr

Men det er håp om endring i humøret
Må berre komme ut av tankekjøret
Har liksom mista gleda og det er litt trist
får sjå om det kjem att ,får gi den ein frist

Skal snart ta på meg vestlandskleda
Det er regnklær, og finne uversgleda
Er berre litt sur og lei fortida
Kanskje eg berre vaknar på den feile sida

Rett og slett grått og trist ver
Veit ikkje om det hjelp med vanntette klær
Men det skal vel bli verre før våren kjem fram
Kanskje vi innan den tid treng finne ein pram:-)

Kan ikkje berre sitte her og spekulere
Livet blir sjelden bedre av å evaluere
Må nok ta tak der det skurrer som mest
Slik at livet igjen kan bli ein fest

Ha ein super dag:-)

Carpe diem


God morgen…
Skulle tru det var høgste vinter og ikkje vår.
Men flott syn.Bevares..
Men kaldt og betyr ut å måke etter gårsdagens snøfall
Kaldt..
Spor i snøen.

Spennande.
Kva dyr er dette mon tru?

Igår var eg på Førdetur.
Mamografi
Trudde dei skulle klemme av det vesle eg har.
Men eit viktig tilbud.

Kosen er kafebesøk.
Lunch på Olefine.
Alltid like gode rundstykker og kaffi.
Var innom clas Olson og kjøpte nokre oppbevaringsbokser til mjøl og div.
Har tenkt det lenge,men har vorte utsatt..
Ryddinga og.
Ting tek tid fortida.

Ha ein super dag

Kor trøtt og lat kan ein bli?

Veldig spør du meg.
Hatt ferie over ei veke og ikkje gjordt nokon ting.
Har ikkje fått kroppen til å lystre i det heile..
Jaja .sånn er det no
Men nydelig på kveldsturen.
Gjer godt for sjela.

Litt kald vind,men har lue💥
Heime venta ein lettare irritert Ingolf.
Ingen nøkkel og ikkje katteluke
Misfornøgd med eigaren og kom ikkje fort nok inn.
kjem du?

Kva type ver får vi i morra tru?

Våren kjem nok den eingang.
Ha ein super mandagskveld

Eia var eg der:-)

Er faktisk sjelden eg lengter til solfylte strender og varmare land,
Men no gjer eg faktisk det.Eia var eg der
Kroppen min likar ikkje vinter…
Kjennes ut som eg prøver å bevege ein trestokk uten bøy.
Gjer vondt overaltliksom

Men går seg til sånn utover dagen
Snøen har lava ned i fleire dagar.Blir nok den vanlege trimmen idag og.
Har no god og lett snøskuffe om ikkje anna:-)Her får ein ta med det positive
Har parkert bilen nede i vegen eit stykkesånn i tilfelle eg ikkje orkar heile strekket,eller at eg rett og slett ikkje kjem meg opp .

Global oppvarming gjev forskjellige utslag.Nokon renn vekk av varme og her er den nye istida på veg innover landet:-)
Har hatt ei veke ferie.Sikkert vore topp dette visst eg hadde vore glad i snø og kulde.
Men eg er ikkje det…Men veret kan ein ikkje gjere noko med uansett.
Så er berre å gjere det beste utav det
Nekta å tru at denne varmepumpa mi fungerer som den skal…
Berre å få fyr i ovnen før eg frys ihel:-)

Katten vil heller ikkje ut.
Men det vil eg altso.Har måtta leite fram att piggskoa etter ein mindre salto på glatta igårkveld:-)Polerte vegar er ikkje for alle skotypar:-)
Men skal først innom naboen ein tur
Tur gjer meg berre godt,og sånn passe oppvarming til snømåkinga:-)

Hekleduken nermar seg no litt meir ferdige tilstander om ikkje anna:-)Er håp.
Berre å prøve å unngå fleire feil og oppattrekking.

Så idag vert det veksling mellom sport på tv og snømåking.
Sol ser det ut til at eg kan skyte ei kvit pil etter,men ein kan ikkje få alt ein ynskjer seg:-)

Ha ein super søndag:-)