Oj,oj,oj

Den følelsen av å vakne og kjennes som ein er oppbanka.
Har eg verkeleg høyrt plogen fleire ganger i natt?
Ingolf som banker på soveromsdøra..
Kva er klokka?
Kjenne at naturen krever at eg står opp.
Inn på badet
Mat til pus
På med kaffien og så ser ut..

Vind og snøkave..
Ikkje rart plogen køyrer.
Dagens trim vert eingod del lengre og hardare enn planlagt..

Pokker..
Eg orker ikkje vinter no.
Eg vil ha vår.

Meldt snø i fleire dagar.
Litt spent på kor mykje det blir..

Rekordlåg deltagelse i årets kollenfemmil les eg.
Til og med toppidrettsøverane er lei vinteren💥
Trist for arrangørane.
La det bli 19 pluss og sol.
Har ikkje behov for snø i midten av mars..Som vanleg ingen som spør meg.

Nei,best eg fyrer i ovnen og psyker meg opp til snømåking.

Ha ein finfin lørdag

Brrrrrrrr

Altso…Har ikkje temperaturmålar,men no er det beinkaldt
Trur varmepumpa slit i kulden.eller så er det litt mykje lekkasje..
For eg syns det er kaldt inne og..

Gamla har fyrt i omnen,sola har vist seg og kaffien er klar

Det er håp.

Kong vinter er vorten dement.
Så lite ein kan gjere med saken.

Stiv som ein pinne og ryggen på tverke..
Er nok kulden,og går seg til.
Noko skal ein ha.

Men vakkert er det ute.
Ærlig talt..
Vil ha over 10 pluss og vår eg.

Ha ein super dag.
Når sola får tak,kjem det seg

Kva i all verden…

Her sit eg djupt inni 71grader nord,mens eg prøver hekle på langtidsprosjekter..
Merkelig..
Tråden sit fast stadig vekk og eg kjenner at irritasjonen stig..
Rykker til,men bom fast..
Bøyer meg ned for å ta skikkeleg tak..
Der sat Ingolf.

Ikkje rart eg sleit.
Vinteren har tatt skikkeleg grep,og når sola går ned er det beinkaldt.

hadde meg ein fin tur i ettermiddagssola.

Litt glatt,men flott.
Tida fyk.
Familietid og laga raspeballer til middag..
Gjere ting ein sjelden rekk.
Godt var det og.
Meldt snø så då får eg kanskje gjere litt av det eg igrunnen hadde planlagt.
Kor vert tida av?

Alderen som set sitt preg🎈

Dagen derpå

Sikkert litt vel mykje skarp vårluft igår,for idag snufser eg
Men,var verdt det.

Ute er det kun minus åtte.
Det er overskya og meldt rikeleg snø
Vinter med andre ord.

Klar for ein ny dag.
Tida fyk i godt selskap.
Litt usikker på om eg passer barnebarna eller dei meg.
Treng berre at det er nokon her.
Sånn sett passer vi kvarandre.

Er slike ting det har vore lite av i desse åra.
For lang avstand for nokre timar,og bakdelen med turnusarbeidane farmor.
Sånn er det berre

Godt med kaffi kjenner eg
Nyte stillheita.
Vi snakker ikkje så mykje nokon av oss på morningen.
Idag rreng eg ikkje vente på sola,så kan trygt ta morgonturen tidleg..
Om eg orkar er ei anna sak.

Verden er utrygg syns eg og vert meir skremmande for kvar dag.
Kina er og begynnt å rasle med sablane.

I det heile er alt usikkert og tidene har endra seg.

Ha ein fin onsdag🎈

På jakt etter sola


Sola kjem litt seint her på Sande..
Beit godt i nasa og var glad eg hadde kledd meg godt sånn på føremiddagen.
Labba iveg på oppdagelsestur
vakkert.

Og eg gjekk og gjekk…
Gjorde godt for kropp og sjel.
Men vel heime var sola på plass og gamla enda i solveggen.

Dette er verkelig ferie.
Sol,avslapping og tid med barnebarna..

Venter på konsert,men den er visst utsatt på ubestemt tid🥰

Ikkje for å vere negativ,men..

Syns minus 11.8 er beinkaldt no i mars

Hett og godt inne,her eg går å vaser i pysjen,men brr.

Men nydelig ver.
Kaffien er god og eg har ferie.
Blir nok lekkert når sola får tak
Ha ein super dag

Ferie er berre lekkert

Fordelen med ferie er at eg får tid til å vere bestemor.
Besta som barnebarna kaller meg
Så idag har eg vore på handballkamp.
Tap og vinn med same sinn..
Eller som barnebarnet sa..Vi er redd for å skade målvakta til dei andre og redd for å bli skada sjølv.
Stemmer på ein prikk .

Store og klarer seg sjølv,men greit å ha besta i hus.
Tatt med meg evigheitsprosjektet
Nermer seg i det minste..
Trimtur på nye stier i morgon
Ferie er supert

Snø og påskestemning


No snør det att.
Tett snødrev avbrutt av strålande sol.

Følelse av skiløyper og påskever på føremiddagsturen.
Sånn litt tungt å gå i snøen.
Men var superfint..å gå altso.

Men glad og lykkelig over at eg valde rett øyeblikk.
No frester det ikkje.
Krølla meg opp i godstolen med teppe pakka godt rundt meg..
Kjemper litt med søvnen.

Har ikkje lyst å gjere nokonting,men heldigvis søndag.
Då er det lov😁
Har ein plan,men trur den er like usikker som den til Egon i Olsenbanden.

Merkelig denne arbeidslysta…
Har det med å stikke av.
God søndag.
Eg skal tanke krefter…

Mens eg venter…


Kva gjer ein ,når ein skal vente eitpar timar…
Vurderte å gå på treningshallen,men i sol?utelukka.
Så eg valde gåtur med litt oppoverbakke.


Fordelen var flott utsikt på toppen

Fekk opp pulsen på veg opp og gjekk veldig lett nedatt.
Runda av i kvernsteinsparken.

Kjekt med tur i uvante omgivelsar og gjorde godt.
Må nyte godveret når det kjem.