Mars

No er dataprogramerte skriveprogram eller robotar begynnt å ta over.
Romanar og artikler.
Kunstige hjerner kan vere skumle nok dei.

Men enn så lenge så reknar eg med forfattaryrket er trygt.
Det demonstrerast for samane sine rettigheiter.
Togulykke i Hellas.
Kjenner eg blir kald inni..Trist.

Drikk kaffien min og prøver få kroppen til å rasle seg på plass.

Bør slutte drikke kaffi kl 10..les eg.

Då er eg nett starta.
Har med søvn å gjere vistnok.
Får vere som det er.
Eg treng litt andre tider eg.

Litt grått ute idag.Yr melder sol,så er håp😁
Nesten så eg får lyst å gjere litt i hagen.
Eller mangel på hage.
Her er totalt fråver av grønne fingra,men må rydde litt opp.
Ikkje i dag…
Ein anna gang..
Er lat.
Men kanskje eg skal rusle innom naboen.
Ha ein super dag