Jammen bra ein får med epikrise Står at eg har fått informasjon om fatlebruk og bevegelsesmønster
No lurer eg på korttid eg fekk det… Hadde eg no endå forstått latin
Comminutt proximal humusfraktur med avløysing av tuberculum majus Minimal lateral og dosal avvikling og ca 1 cm lateral dislokasjon av tuberculum majus osv….
Kan verte skuggeredd av mindre.. Står og at eg skal ha fatlen på om natta…kontinuerlig…. Har ikkje hatt den på om natta eg…i det heile… Jaja…ikkje tenkt å starte med det no… Brukar den når eg går… Må antagelig ikkje fått med med noko… Har forstått at eg har litt mindre pent brudd i overarmen… Held for meg .så prøver eg å halde armen slik at det gjer minst mulig ilt…
Skal i grunnen på kontroll neste veke står det… Ikkje fått time endå
Står no heldigvis på norsk. Må innrøm at sjølv om eg jobber i helsevesenet har latin aldri vore mi greie… Ser jo ofre ganske så skremme de ut Så trur det er best å gjere det eg har gjort…sitte i godstolen og sjå TV..
Trur eg må lese ferdig boka om Veeum…Litt krim gjer susen
Kanskje eg først må ta litt smertestillende…
Trur eg må gløyme denne epikrisen… Vart berre deppa av heile greia
Ser på all elendigheita etter flomkatastrofa i Texsas. Naturen sine krefter er sterke og tek ingen hensyn Skremmande og eg syns det vert meir av dei…
I det heile syns eg verden vert tøffare på alle måtar..
Sjølv har eg det no greit her eg sit med kaffekoppen og ser Godmorgen Norge Vel banner gamla ganske heftig innimellom Verste smertene skulle gi seg etter 10 dager Jau….kan no hende…er no bedre om natta visst eg klarer ligge pinn iro
Det einaste eg tenkjer på er korleis eg skal halde armen så smertene er minst mulige.. For det verker heile tida… Av og til er det så nokolunde… Verden rundt meg går meg nesten hus forbi
No er det no stort sett valgsendingene det dreier seg om Kan no verte metta av det og… Så her sit eg.. .full av meg sjølv og fullt klar over at mange har det mykje verre .. Humøret står i stil med veret. Ser ut som gallupresultatet gjer det same.. Vert Mykje TV om dagane og døsing Og slik går no dagane…..
Merkelig dette korleis ein liksom har ei fast side i senga… No har eg litt for mange ting inne på soverommet og senga er stor… God plass på sida mi…
Men må nok skifte side…for når høgrearmen er ute av drift og smertene hindrar ein å strekke venstre over, så må ein ta grep
I natt klarde eg å slå vatnet utover pute og golv istedenfor inn i munnen Akk ja.. Må få litt hjelp til å ommøblere litt.. Nesten som eg gruar meg for å ligge på den andre sida… Vanedyr..alltid vore mi side
Brukar alltid ta ut datakontakter og TV om kvelden… Skriv brukar for igår gjorde eg det ikkje Selvfølgelig kom torever!!! Gamla tumla seg or senga … Berre det at eg i ørska heilt hadde glømt at armen var broten
Merka det iallefall då… Vondare i dag men går seg nok til. Kvardagen er starta
Håper resultatet vert bra og det gror som det skal
Fekk drosje på tunet. Heime venta nytrekt kaffi.varme skillingdbollar og natronkaker Verdens beste mamma.
Veslesysta som har bakt bollane Kjempegode..
Har stabla meg og alle putene opp i godstolen. Godt å komme heim men sakner englane på ortopedisk i Førde. Dei er kjempeflinke… Imponerte meg No får eg klare meg på eiga hand. Går no greit så lenge eg klarer halde armen i ro. Rigga meg til med det eg treng rundt meg Har det så bra som eg kan ha det. Ting tek tid…og tolmodigheit er ikkje mi sterke side.
Dusja idag… Heise liv…men alt er ein vane.. No verker eg som pokker Skal heim idag Kor det skal gå veit eg ikkje… Får prøve tusle meg på apoteket og hente dopen
Lettare skjelven..sov antagelig tungt for liksom heilt utav intet sto legen ved fotenden å snakka til meg.. Ser visst ut som dei helst ikkje vil operere..skulle konferere med Lærdal…men antagelig heim imorra. Trur det var det ho så for skjelv endå… Ikkje berre berre dette her
Ikkje berre berre å vere skvetten.. Ligg no for det meste uansett. Er det som er minst vondt.. Går seg nok til etter kvart…
Trur eg må hente meg litt kaffi for å roe ned pulsen
Får lese litt meir om Veeum Passer til sinnstemninga
Dosetten er på plass så treng ikkje bevege meg stort meir idag.. Kjenner at eg har fått dagsdosa når det gjeld bevegelse.. Ein vil ofte meir enn ein får til..
Litt lærer ein i rolla som pasient og sjølv om eg gjerne skulle vore forruten denne opplevelsen
Ynskjer både det eine og andre mindre pene ting og glad eg er åleine.. . Vore på ct og det gjorde ikkje verken noko bedre… Fått ekstra sm.stillande.. Prøver å unngå det..vert så sløv og er no ikkje så sikker på kor mykje det virkar på smertene.
Går no bedre med denne typen. Å kaste opp i fleire dager var ikkje det store.. Verker ein god del men nesten bedre det enn å vere heilt susen
Har trumfa meg sjølv ut or senga og på altanen Trist at eg ikkje har fått nyte godveret denne veka…men sånn er livet.. Er no i trygge omgivelsar
Nydeleg ute.vore hos dei hyggelege damene på ortopeden og fått kaffi. Smertene gjer det beste dei kan for å gjere livet surt… Ser no i morgon kva som skjer … Har det best i senga men kan ikkje vere der heile tida… Liggesår neste Sånn går no dagane Barnebarna skal på miniputt turnering i Askvoll. Kjekt
Heilt fantastiske her på sykehuset Dama på sykehotellet kom og så frå at no var det mat Tok oppå til meg og bar den på rommet. Vert heilt rørt eg av all omsorga
God mat her på sjukehuset Påfyll av kaffi Trur kanskje ho er veldig snill.
Petter og Vendela på TV.. . Akk ja.. Kan bli vel mykje privatliv.. Har heldigvis fleire kanaler
Har gått glipp av sommaren… Den har jo vore denne veka… Får krype oppatt i senga med alle putene mine.. Der har eg det best.. Hatt besøk av nr2 og fått litt fleire klær. Var godt å skifte Hadde liksom ikkje pakka koffert for anledninga… Sånn kan det gå
Sånn går no dagane Ta vare på øyeblikks.Ein veit aldri kva som skjer