Ligg no her i senga og føler på korleis det er å vere pasient. Har eg sikkert berre godt av. Fått meg ein sm.stillande . så rusler å går
Med all denne med. så kjem mageproblema😉 Det er ikkje enkelt… Og det vil eg ha sagt.Pisselunka dulphalac er ikkje godt…trur den hadde vore mykje bedre kald… Einaste eg får av den drammen,er luft i magen 😙
Lurer på om eg kanskje skulle prøve å bevege meg litt😉 Hjelp nok det…men ikkje dagen… Tru om eg vert eit bedre menneske etter dette
Ligg no her å venter på at smertene skal sleppe taket
Vasa no meg bort for å hente meg ekstra sm.stillande.. Kjære deg…du måtte ha ringt…du har jo eit stygt brudd… Vi hadde komme… No veit eg det…ringer i morra tidleg… Greit med nokon som seier kor gale det er😉 Håper det gir seg litt så eg orker frukost…dvs ned i kantina… Neste måltid er middag…eit måltid mindre i helgane… Men natta har no vore så nokolunde…. Må finne det positive
Flytta på sykehotell. Trur ikkje dei heilt veit kva dei skal gjere med meg eller overarmsbrota . Skal på ct mandag visstnok. Så idag er eg flytta på hotellet.dvs..rett over gangen
Tomannsrom så kan risikere der flyttar nokon inn.. Akk o ve.
Får no trene med ein arm.utruleg kva ein klarer. Kveldsmaten må hentast borti gangen.. Ellers er det no kantine i 2 etg. Der er det frukost og middag
Snakk om service.😁 Bar maten på rommet til meg
Blomster har eg og fått idag
Og hatt besøk. Eldstemann har handla meir klær til mamma og besøket hadde med seg lørdagsgodt og natronkaker😉 Berre velstand
Armen gjer sitt beste for å gjere livet litt surt… Vanskelig type.. Godt med TV på rommet. Funne meg lesestoff og håper det går så nokolunde… Ser for meg ei fredeleg helg😙 Om armen er einig er eg usikker på
Kanskje alle som jobbar i helsesektoren har godt av å ha ilt så ein skjønner korleis andre har det
I dag har det rett og slett vore ein drittdag… Verka
i heile dag…og håper det gir seg snart.. Vert litt ilter av heile greia… Men matlyst har eg og god mat får vi og😉 Pleiarane er kvite engler med stor tolmodigheit…
Pokkers greie dette å ikkje toler sterke sm.stillande
Skal ikkje operere men skal gro av seg sjølv. Får tru på legane..Er visst fleire litt rufsete brot..
Ut idag er greit ,sa legen… Gamla har nekta.. Så lenge eg ikkje har funne ut av kva eg toler og kan ete uten å spy å få hovudverk så niks… Helsikes smerte med denne sjølvpåførde tyleskapen… I morra eller fredag sikkert..då er det greit. Alt er ei treningssak.. Går å klare seg med venstrearmen… Her er det berre å ta på seg maska for godt humør😊
Det er så gale skulle vore på film Stupte over oksygenslangen til faren min Landa på golvet med eit salig brak Men gjekk nok ikkje utover berre bak
Vart køyrd til lege og takk Tonje for da Ros skal alle på Eiklund ha Men smerter så gale som berre armen kan Bar det på sykehus så fort som ambulanse vann
I dag har eg stort sett kasta opp Tablettane passer ikkje heilt til min kropp Kvalm og uvel og dårleg til beins Skuldra mi er nok like eins
Men søster Linda og resten dei passer godt på og er veldig grei Har skifta tabletter så det vert nok ei råd Til dess så ligg no gamla heilt iro Ute er det no sommar..for seint for meg no
Latskapen min vil ingen ende ta.. Einaste eg orkar uten noko knussel er å ete😎 Det kunne eg gjerne hatt mindre lyst til.. Har planlagd i timevis å gå tur.. Ser på Facebook at her har dei entra både den eine og andre toppen…
No har regnet overtatt så no har eg ikkje lyst… Kor er gale Lise…mitt litt sprekare og opplagte alterego? Ikkje høyrt snurten av ho på lenge.. Mulig det er eit sunnhetstegn men syns det er vel tidleg med høstdepresjonar…
Har no vore nede med sjøen om ikkje anna.. Der var det magisk😙
Jaja…får prøve å motivere meg til ein tur på vegen… På fjellet skal eg iallefall ikkje i denne bløyta. Må berre slappe av litt til først😊
Vanvittig kor det høljer ned At vi aldri helt kan få vere i fred Har vore ganske så flott idag Men skulle ikkje få føle velbehag
Er vått i graset og knotten den bit Har ikkje fått meg felle og det er eit helsikes slit Er full i stikk ,så har stengt meg inne Prøver lagre minner over på ein pinne
Vore på besøk hos pappa idag Tilbake på sjukeheimen heldigvis. Kols er ikkje det kjekkaste ein har.
Der var det eldrekafe i regi Helselaget Steike for flotte kaker . Nydelege bløtkaker.natronkake og eplekake…trur eg. 20 kr.pr person….billig.. Stort oppmøte var det og.. Kjempekos😙 Slike damer vil gamle Norge ha..
Vert varm om hjerterota.
Ser på TV.. .Er så gale.. Sykkelløp stoppa grunna ei bru som opnast.. . Kjem innunder dårleg planlegging og dårleg reklame…Nesten litt molbutilstander😲akk o ve… Kva gjer ein ikkje for å få publisitet..
At det går an… Fekk no fram smilet mitt. Dagens😍Gamla har ikkje gjordet ein skit idag. Rusla meg ein tur etter vegen… Ja har jo vasa rundt på sjukeheimen nokre timar og til dels vore til plage😙
No skal eg nyte kvelden i sofakroken.. God lørdsgskveld
Terroren i Spania igår viste oss igjenn kor skjørt livet er. Verden er skummel og vi har liten kontroll på det som skjer rundt oss. Vi kan ikkje slutte å eksistere av den grunn. Viktig at vi Grip dagen. At vi tek vare på oss sjølv og dei rundt oss. Skapar gode minner og fine øyeblikk. Treng ikkje koste ei krone.. Vi er alle verd noko. Skal ikkje alltid så mykje til..