Falsk alarm😀

Pengesluket laga eit vanvittig bråk i veka
Hylte så ein skulle tru det meste var laust…
Har knapt tørt å bevege på han. Bestillte  jo fort time på Fure mek..
Er der han brukar få stell og pleie.
Lite med det heime..
I dag var vi der.
To stykk var på tur med han..
Høyrde dei noko…langt ifrå

Følte meg temmeleg smart og såg formelig  at Pengesluket sto der å gliste…
Sikkert vore berre ein stein.
No fekk no Pengesluket litt oppmerksomhet.
Venter på neste utspel..
Eller mulig han no har skjønner at slike nykker er berre dumt  for då vert ein utskifta..

Glad eg slapp utgift og dei på verkstaden tenkte nok sitt om halvgamle tåsete kjerringa.

No får han berre stå der og furte…
Eg kjenner at han skal få fred ei stund

#humor#ironi

Kaffi og valgkamp

Ja ikkje det at eg har tenkt å drive valgkamp…
Men det er viktig å stemme uansett kva ein vil stemme på.

Ingenting er så irriterande som folk som har veldig sterke meiningar om ting og aldri kjem lenger enn til kjeftbruk.

Vil han ha forandring må ein gjere ein aktiv innsats.
Det å gå til stemmelokalet og avgi stemme på det partiet ein trur på, krev no ikkje allverden.

Det eg likar minst med valgkampen er vel all sverting av personane .
Å vere uenige politisk er greit.
Det er når det går over til personlege angrep eg reagerer.

Gjeld forøvrig ikkje berre i politikken
Veldig enkelt å sitte på gjerdet å bjeffe.
Å delta aktivt krev noko av ein sjølv og då vert det straks verre.😚

Alle gjer ein forskjell og det er viktig at vi engasjerer oss i samfunnet rundt oss.

Ha ein fin dag

Nei…går berre ikkje

Trur eg har fått ei eller anna sperre for fjellturer.
Kom etter eg ramla.
Kan skulde på at det er vått,sleipt og glatt..men er ikkje det..
Har rett og slett ei blokkering.
Sist magefølelsen sa eg skulle la vere å gå fjellturen så ramla eg…
No høyrer eg på magefølelsen og traska etter vegen..
Litt kjedelig  kanskje,men ser både orm og oter…
Grøsser av ormen….

Tenkjer mykje bil pris og type om dagane..
Trur kanskje eg burde ta ein tur og sjå på og prøve…
Må passe meg..og det er jo ikkje enkelt..
Har jo pengesluket endå men han er ikkje frisk stakkar.
Fått time torsdag så ser vi no kva det no er som feiler🤡

 

Så no sit eg no her og funderer med den eine cella eg har

Hekler litt og tenkjer at i grunnen så har eg det slett ikkje så verst.

Endeleg var den her😙

Adressa mi.
Etter mange år med frustrasjoner over nettbestilling og ikkje godkjend har eg fått gateadresse😗
Vegadresse rettare sagt.
Sidan eg bur på enden av ein lang veg langs ein fjord ,har eg jo høgt nummer må vite…er sikkert 100 nr.på ein km..

Manglar ikkje på ledige nr.
Kor enkelt eller logisk det er for folk å skjønne eller finne fram veit eg no ikkje..
Er nemleg 30 nr.mellom meg og hyttenaboen..
Og vi bur ganske nærmt😉

Men skal vere glad eg endeleg fekk denne adressa og teie  stille
Har folk funne fram uten,  så finn dei nok fram fortsatt.
Til å med bestillingar på nett kjem til å gå som ein leik😉

Vi er jo plutseleg  ein del av samfunnet vi og🤓

Litt usikker på om det gjeld frå no eller seinare..
Las det på nett.
No forventar eg at det vert skilting.

Fins ingen her frå før så er god plass til dei og😗
I det heile er det plass til mykje.

Men no har vi jo fått både bryggeri og vegadresse uti her…
No lurer eg på kva som no kjem.
Vi er jo i drevet😗

Latskapen lenge leve 😙

Eg forstår ikkje kor folk tek all den energien sin frå
Klarer å halde huset strøkent ,spring på fjellet aktive i det eine og andre i tillegg til full jobb

Imponert eg.
Vel eg klarde vel litt meir før, men no får eg ikkje reva i gir🤓

Mangler ikkje på planane og har til og med ferie…men gjer eg noko…
Langt ifrå..

I dag har sola skinne i opptil fleire timar..regnet snakker vi ikkje om
Så gamla kasta all dårleg samvit over skuldra og tusla etter vegen.❤Hærlig..

Støvsuga etter mykje om og men over golva.
Husarbeid er ikkje mi greie..
Mulig eg får att litt arbeidslyst ein dag..
Kan jo leve i håpet..
Men matlyst er bra😚og har det fint i mi eiga boble
Trøsta meg med at alle er ulike og ikkje alle kan verte verdensmester.

Eg er som eg er…sjølv om det nok er forbedringspotensiale

 

#humor#ironi

 

Eg må ha meg bil🙂

Må det…
Dette kan jo verte morsomt.
Har ikkje peiling på bil i grunnen.
Har hatt ein Toyota Carina i mange år. Storfornøgd med den…
Derfor Toyota

No har eg pengesluket. Volvo og stasjonsvogn….elendig å rygge etter speglar…så skal ikkje ha stasjonsvogn, og må ha ryggekamera seier prinsen…Han har hatt nokre turar med besta og Pengesluket..

Har ikkje trening med automatgir…så skeptisk.

Vil ha bil og ikkje padde så kan ikkje vere alt for liten og heller ikkje for stor…
Vil helst ha bensinbil…hybrid kanskje…men ikkje elbil…
Kor skal eg lade?

No har eg to sønner og har sett dei på saka…
Betale må nok eg…eller banken..rett skal vere rett:-)Må berre låne først
No har eg no tenkt å vinne i lotto så eg må berre legge ut så lenge😍

Har i grunnen litt merkelege krav til det meste…
Ikkje rart eg bur åleine☺

Pengesluket dreg på åra og er litt sjuk stakkar så vi får ringe verkstaden imorra….

Var igrunnen ikkje så glad i han heller med det same ,men vi har funne ut av det.Vi slit berre litt med den der rygginga:-)

No fekk vi forsynemeg bronse i Vm….Vi…eg er jo med:-)

Sjuk svak og dårleg bak

Når ein bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu så er milevis å køyre nesten normalen

Når nokon i familien vert sjuk så er det mykje køyring..
Sjukehuset ligg liksom ikkje rundt hjørnet.
Samtidig treff ein jo på familien litt oftare.
Der er pappa heldig.
Har mykje besøk.
Kunsten er å time det inn slik at vi ikkje nødvendigvis er der på same tid.
No låg han på firmannsrom idag og er jo litt masete for andre når nokon har mykje besøk…ikkje så store desse romma

Mat måtte vi ha…
Litt sånn trege med å vaske av borda..
Måtte be om det..
Klart der er travelt å vere åleine på salg og servering men ikkje bra…
Minuspoeng

Men når pizzaen kom så var den god

Delte på tre og mette vart vi😄

Heime og litt sånn småsliten.Sola skin ute.Var lite med sol lenger inne i landet.
Mørke skyer truer.. .lurte  litt på gå tur men veit ikkje…har liksom ikkje ånden

Venter litt.

Ferie fortsatt og har jo det veret😀
Heile 14 grader ute.
Men i grunnen nett passeleg til sykebesøk og prøve få litt orden i sysakene

Pengesluket er ikkje i form så får kontakte verkstad i morra..
Uler noko voldsomt når eg trykk her på bremsa…sjøl eg skjønner at noko er gale..

Må nok skifte ut pengesluket med eit nytt ikkje så gammalt pengesluk.
Toyota hadde eg tenkt…håpar banken er einig😆Men må først finne noko eg trivst med og klarer køyre…og ikkje minst betale…
Koster å vere avhengig av bil😉

Heilt fortapt

Hadde i grunnen ikkje trudd eg skulle følt det slik når det vært stille rundt meg .
Rart dette at sjølv om ein er van med å vere åleine ,så vert det veldig rart når ein har hatt folk i huset i ein periode og alle har reist..

Litt rart uten prinsen.
Han var overlykkelig over å komme heim😙
Trur ikkje han har hatt nokon nød men er rart med det.
Han var ikkje heilt fornøgd med at eg hadde vore hos frisøren…Besta skulle vere bustete på håret…
Neste gang han kjem får eg la vete å kjemme meg😙Eg som skulle gjere godt inntrykk

Vurderte å ta meg ein fjelltur etter gammalt men har ikkje hatt magefølelsen for det
Så i staden har gamla tråkka langs vegen

Vurderte ei stund om eg skulle tatt meg ein tur med Pengesluket, men ikkje magefølelsen for det heller.
Sol ute😙men fuktig så i hagen hadde myggen fest😉
Så då gadd eg ikkje gjere noko der heller🤡
Lese ferdig boka mi.Skikkeleg god.
Så no må eg finne meg ei ny.
Rikeleg å ta av

Mulig denne er bra.
Kjende det var greit å lese ein vanleg roman etter gammalt.
Men krim er ikkje å forakte det hellet.
Gamla er litt rastlaus men går nok fort over.

Er nok sola😙

Glad eg ikkje er uteliggar

Det er når veret syner seg frå si verste side eg tenkjer mest på dei som  er huslause.
Føler at sjølv om eg ikkje er rik på kroner har eg heim kor det er varmt trygt å godt
Eg er heldig❤
Det å føle seg trygg og ivaretatt er viktig.
Det å ha nære og kjære rundt meg som sjølv om eg kanskje ikkje merkar det ser etter at det går greit😁

Kan vere greit at nokon passer etter ei halvgammal tåsete kjerring

Fått lapp på auge og krølla meg opp i sofaen.
Prikk lik ei heks…
Hadde med ein tur ut i ruskeveret i full regnmondur og lapp på auget..
Ikkje rart bilane køyrde fort forbi.
Godt sliten etter Førdeturen er det godt med fyr i ovnen og kveikte lys

Ha ein super fredagskveld❤

Grått og vått

Grått ,vått og slett ikkje flott
Vinden piskar så det er ikkje knott
Igrunnen er det ikkje ver å gå ut
Verken for folk,kyr eller stut

Skikkeleg høststorm
Sommaren er slutt
Ikkje kjekt for jente eller gutt
Men til Førde vi må om vi vil eller ei
Sjølv Pengesluket tek til å bli lei