Trege morninga hos meg og denne klokkeendringa gjer no ikkje saken bedre men kommen or senga og fått meg ein kopp kaffi Sola skin,men meldt regn Kanskje eg skal lese ferdig boka mi før jobb Få med meg siste halvdel Starter eg så klarer eg ikkje legge den frå meg’ Kjenner på kroppen at eg bør ta ein liten spasertur og sjå om eg får rista laust nokre musklar For her er alt som ein stokk idag:-)
Ha ein super mandag:-)I morra er det ny måned og nye muligheiter:-)
Fantastisk vårdag Kjenner at vårsola sine stråler gjer godt for kropp og sjel Tilbrakt dagen utendørs vi to her i huset Kva vi har gjordt? Tatt verda med ro og tanka krefter Starta på ny bok som fanga meg heilt Over halve er lesen og kjekt med nynorsk litteratur Boka var annarleis enn eg hadde tenkt men noko med den som gjorde den vanskelig å legge frå seg:-) No har eg tatt fram att strikket mitt Oppdaga igår at eg har surra md fargane.men kva gjer vel det Skal ha den sjølv og då er det ikkje så nøye No slit eg med to fargar som i lyset her ser for meg heilt like ut Når eg strikkar vel å merke Synet er ikkje som før Tek oppatt annakvar omgang.Trøsta er at eg har lenge arbeid og går ikkje tom for tråd:-) Må sjå humoren i det
No har eg sett på Spillet og litt nyheiter Litt må eg følgje med:-) God søndagskveld
Vi har ikkje fiber her ute i pereferien Men,kjem nok.Det går på fram
Idag gjekk det rundt ein mann og sette opp orange pinnar og var flittig med spraymaling På bilen å dømme blir det nok fiber på oss og med tida Så berre å spare.Kjem ikkje gratis Må nok grave grøft frå hovudvegen til huset sjølv og Kan vere eg bør droppe heile fiberen:-)Ser det for meg
Til og med fått i meg ein eller to doser frisk luft og idag Opplett men vind Passa meg heilt flott No er det tvkos og strikk Håper eg slepp fleire opprekksomganga for det er så forbaska irriterande Men,kan ikkje love noko Til og med sett kjapt gjennom ny turnus.Årsturnusen klarer eg først sjå skikkeleg føre meg når eg skriv den ut,men men… På jobb må eg no uansett No er det berre sofatid for oss to her 🙂 Ute er det skikkeleg surt.
Eg har frihelg Det ser ein på veret Ikkje veit eg kvifor Lurer på om moder jord har misforstått litt sidan eg som regel får skikkeleg uver på frihelgane Eg er ikkje så glad i regn:-) Her må bestillinga tatt nokre krumspring
Jaja No kan eg ta ein treg og lang morning uten dårleg samvittigheit Få vakne i fred og ro og nyte kaffikoppen
Usa er veldig glad i Grønland.. Det er Putin og Trur ikkje dei som bur der er så glad for all denne oppmerksomheita
Rygg på tverke og gamla er lei Må antageleg ta signala på alvor og trene opp både mage og ryggmusklatur Gjer sikkert godt Toler hjelpe meg ingen feile bevegelsar før elendigheita tek overhand Men,eg pinkser no på Snart frihelg:-)
Må antageleg ta meg saman og starte oppatt litt trening Ikkje dei store,men dei små førebyggjande Må innrømme det er eit ork Litt vel langt til treningssenter så eg får ta nokre enkle heime Kan iallefall starte der:-) Men ikkje idag Iallefall ikkje endå
No nyt eg og Ingolfen ein stille og roleg morgon Stille ,men grått ute Kaffi i koppen
Norge har vunne fotballkamp og alle er fornøgde Pressespørsmåla har våre masete for trenaren så han er sliten Usa skjekkar sikkerheita på Grønland visstnok..Edelt Ellers er verda like utrygg som den har vore
Treng det Desse rolege morningane der kroppen prøver å finne den rette stillinga uten at det gjer formykje vondt:-)
Les nyheiter Når det å ha på pressevest gjer deg til målskive seier det mykje om korleis det fungerer i det landet Eller ikkje fungerer Tøffe tider
Her er den største bekymringa idag skodde og regn Veldig temperaturskilnader om dagane Her har vi hatt den vårstemninga Igår sludda det då eg køyrde heim frå Førdeturen !grad Trur ikkje det er så varmt ute her heller ,men litt meir enn det er det Det koselegaste med slike turar er maten:-) Lunch på Olefine Litt sunn mat og så mest usunn. Kaffien var nytrekt og god Berre velstand
Prøver å psyke meg opp til ein regnverstur før jobb Gjesp Ikkje det minste lyst, men kan jo vere det endrar seg om ei stund Eg er i tvil,men bevegelse må eg ha
Stille morgen hos gamla og Ingolfen Vi tek det heilt med ro i sofaen Eg med kaffikoppen Litt meir skya utanfor døra idag,men vind er det fortsatt
Grønland har fått nytt storbesøk av Usa Dei gir ikkje opp Ligg og vakar i vannskorpa
Idag har eg tenkt meg på tur til nermaste by,så om det er sol eller ei er igrunnen lite nøye Litt godt å berre komme seg vekk litt og Lade batteria Kjenner eg er sliten etter arbeidshelg Gjesp
Det går no litt på fram med dette gensarprosjektet Ikkje fort For trur eg rekkjer nesten meir opp enn det går på fram Plutseleg så har eg bytta om på fargane og det vert eit einaste rør Her må eg nok vere litt meir konsentrert. Skjønner jo det,men det er like irriterande for det Gruar meg til fellinga skal starte:-) Det nermar seg Ikkje tenkt å strikke no altso Det ender i katastrofe:-) Ingolf vil gjerne hjelpe til, men det er igrunnen endå verre Sånn går no dagane her ho oss Les om flinke hagefolk og fjellryper Her syns eg at eg har gjordt ein bragt når eg går etter flate vegen hagen burde forlengst fått renska ugras Jaja Hagejevelen trivst no uansett og den ser eg spirer like flott som dei andre åra:-)
Ha ein super mandag her må det inn litt meir kaffi
Langt oppe og veldig smale vegar og bratt Skrekk og gru tenkjer eg Har alltid syns at opp til desse gardane som ligg langt oppi bakkane,kunne eg aldri budd Kjempebra seier dei som bur der Nydeleg utsikt Jau då..Den ser eg.Men ein skal jo både opp og ned desse smale svingete vegane
Mange år sidan eg var oppe på Berge Syns då det var smalt og bratt Det har gått ras og deler av vegen oppi der har rasa ut Var oppe i kommunestyret Har ein son som ikkje er redd smale svingete vegar Så han ville opp og sjå kva vi snakka om eg eg var jo med Det var mykje smalare og brattare enn eg huksa. Den utrasa vegen gjorde meg ikkje mildare stemd Vanvittig fin utsikt,men kjøre vene Vintersdagen opp her og ikkje minst nedatt, Respekt for dei som bur der Var nesten som eg tenkte at desse smale vegane her eg bur er ei velsigning Det seier sitt Pysete meg likar meg best på flatmark:-) Utsikt er ikkje alt,tenkjer eg
Tung og forkjøla sit eg her og frys Litt ferber gjer susen Men,er berre ein virus,så går nok over iløpet av nokre dagar Av og til treng kroppen litt ro.Det har eg ikkje gitt den,så no kjem straffa:-) Er mange som er forkjøla så er ikkje aleine om det Berre å ta verda med ro
Fins dagar for alt Om eg kjenner meg så veldig lykkeleg her eg sit er vel meir tvilsomt Forkjøla og tett i pappen Småsur på morningen Kva gjer meg igrunnen lykkeleg og kva er å vere lykkeleg? Tja Har det vel så nokonlunde uten den stoe lykkefølelsen
Slike små fine tankevekkarar får meg alltid til å smile å tankane blir i det minste meir positive Trur eg stort sett har det heilt greit Men er det å vere lykkelig? Ikkje veit eg Ei runde ut i naturen gjer meg og sjelefred Ikkje dei store fjelltoppane Er ikkje så høgt eg kjem før kolsen gjer sitt beste for å stoppe meg Men ute er eg no:-) Ser på Ingolf og lurer på om han er lykkeleg? Trur eg kjefter formykje til deg.Han har det sånn nokonlunde greit han og trur eg
Ikkje greit med denne lykka Men i min alder skal eg kanskje gå for å ha det så nokonlunde greit