Tidleg oppe på ein lørdag Lang tid å våkne Pakke tursekk med vatn og appelsin Ekstra lader til telefon Sjekka om eg hadde ledning Alt under kontroll Heimafrå halv ti Merke løype til stolpejakt med kjekke damer Nydeleg ved sjøen så eg gledde meg til å ta bilder
Vel framme og klar til dyst Fram med telefonen Men kor var den? Den var borte vekk Kva eg skulle med alt det andre når eg ikkje sjekka at telefonen var i sekken er eit anna tema Heldigvis har andre ikkje same teflonhjernen som meg:-)
Koseleg tur som enda i nydeleg utsikt Båneset:-) Koselege timar i godt selskap:-) Heim og lage vafler Nydeleg vårdag Kjenner eg stort sett har tilbrakt dagen i friluft Var herleg å få dusje og få på seg romslege klær
Ha ein strålande lørdagskveld Bilder skal eg ta neste tur:-)
Fekk no endeleg sumla meg til å gå over dørstokken Tok si tid
Hadde meg ein liten tur nedom nermaste hyttefelt. Vakkert ved sjøen Våren er her Iallefall så er det snøklokker,krokus og små påskeliljer hos naboane Ser litt tegn til vår her hos meg og,men ikkje det store:-) Gjorde seg med litt frisk luft:-)
No trudde eg at det skulle verte litt vår idag eg,men ser ikkje slik ut Regnar og bles Måtte sjekke yr som har lova meg opplett seinare idag Meir kan eg kanskje ikkje forlange Så eg ventar Kroppen min har vore uten tur i fleire dagar og er omtrent like bevegeleg som ein stokk Det vil sei,fint lite Endå er det tidleg på dag så kan med god samvittigheit nyte frihelg og kaffikoppen Ingolf er einig Ikkje utever endå iallefall
Ser på nyheitene og det gjer meg iallefall ikkje meir beroliga.Kor dette ender er ikkje godt å vite Verden er ikkje det den eingang var Lokalavisene er mest opptatt av skader etter ekstremveret Vi er alle oss sjølv nermast når alt kjem til alt Godt med frihelg og den skal nytast
Var ikkje heilt meininga Men,etter seinvakt igår Litt for lite søvn og dagvakt idag så var eg nok trøtt Laga meg middag Skulle gå tur Berre kvile litt Og vakna etter to timar jaja No fekk eg med meg skiskyting og 71 grader nord Kvelden er redda og blir nok sein denne kvelden etter all sovinga
Uveret har forhåpentlegvis gått over og vi kan få litt pent vårver Eg syns vi fortjener det etter all vind og nedbør
Betyr igrunnen berre ekstremver Regner og bles i mengder Berre å halde seg inne Må jo på jobb,så ut må eg innimellom men blir ikkje noko regntrimming på meg altso
Istaden tek eg og Ingolfen ein liten avslapppingstime på sofaen Dvs Ingolf har nett vore ute i fem minutt Hald deg inne var rådet:-)
Går vel over dette og om ein dag eller so Vand å ha det vått her i vest Gidd igrunnen ingenting fortida Litt sliten trur eg,men går mot frihelg så lys i tunellen Har jo denne gensaren eg liksom skal prøve å gjere ferdig,men kva for år veit eg ikkje Det meste går veldig seint Gjengen borti Usa kjem stadig med nye utspel Utryggheit er det eg sit att med Veit liksom aldri kva neste trekk kan bli frå den kanten Farlig Desverre lite vi vanlege kan gjere med det
Mars er kommen og er velkommen Møte mellom Usa og Ukraina vart ein fadese Er vel ikkje noko bombe Trur til å med eg hadde vorte på tverka i samtaler med framtoninga frå Usa No er vel eg kanskje stort sett på tverka,så kanskje det hadde vore mindre overraskande
Så no er det å vente på neste steg Vind her hos meg idag Må nok ta rusleturen min,men må ærleg innrømme at det fristar ikkje
Så enn så lenge drikk eg kaffi Trur vi er to som ser dagen litt an