Her kjem 71grader nord ifrå i oktober:-)Lifjellet:-)

Altso
Det er lenge sidan eg har vore så sliten ,men eg kom meg opp takket vere tolmodig hjelp
Er fantastisk med fjellet deroppe,
Nydelig sol og mange på tur.Og ei veldig sliten gamlemor

Langt å gå i varierande steinlandskap

Endeleg oppe
Berre seig ned eg.Heilt gåen,men utsikten var verdt pengane og vi var ikkja aleine på toppen.
Populær utfartspunkt.Kan velge rød eller svart løype.Vi valde rød men den er lang:-)Sparer tid på den svarte,men er tøffare.Lurer på kva som er verst.Vi tok den svarte ifjor og trur igrunnen ikkje den var så mykje verre visst ein slår alt saman.Men ein gløymer fort:-)

Fekk servert middag og kaffi på toppen:-)

Supert turfølge:-)
Aldri klart turen uten
kje glad i trapper,men fine var dei

Takk for at du går bak,har tid og tolmodigheit og passer på mammaen din:-)

Idag er eg rett og slett berre støl
Ute ligg skodda tett.
Vurderer om eg skal gå meg ein liten tur etter vegen når skodda letter:-)
Kanskje gå på basar…
Men først kaffi og treg søndagsmorning:-)

Når ein går så seint at det ikkje vert registrert

Då går ein sein då,skal eg sei dåke
Nå viste tellarane til turfølge ganske så mykje meir,og til trøst den på telefonen og:-)
Men var no ein mal.Verkar bra ellers:-)

Hadde ein tur att på 10 turen.
Dattera tok ansvar og fekk meg på den nest lengste.
Idag var det eine sonen og svigerdattera som fekk testa tolmodigheita si,
På lang fjelltur med gamla med dårleg kondis og kols kan no trigge nokon kvar

Starta i skodde

Skogsveg første stykket heldigvis

Fasinerande å komme over skydekket
Følelsen av å sjå alt i frå flyperspektiv

Var veldig ofte pausar og dei auka veldig i takt med pusten min:-)
Litt greit når vi endeleg kunne trekke litt pusten etter første stigninga
No var det mange andre moment undervegs opp men valde å ta bilder på veg nedatt.
Opp hadde eg meir enn nok med meg sjølv

Kjem meir seinare
No er det Alle mot ein:-)

Store kontraster

Altso
Når det er meldt sol og uttrykk for skodde ved kysten,så håper ein i det lengste at det er litt
Og at den er raskt vekke

Denne ser ut som den vert tettare etterkvart.Lammer flytrafikken og
Skuffande på ein fridag
Kanskje eit hint til at eg bør ta helgevasken
Trengst:-)
Kontrast til gårsdagens soloppgang tatt før jobb

Men sånn er det.
Så eg tek heller ein sein oppvakning under pleddet mitt
Drikk kaffi og let kroppen slappe av
Det kjennest ut som den treng,eller den treng det motsatte:-)
Stiv og støl er den iallefall

Ingolf er ute på jakt
Er jo den tida no:-)sjølv for kattar

Krigsbilde i verden er skummelt fortida
Kjenner det gjer noko med meg
Ha ein super fredag.
Skodda letter etterkvart:-)

tvkos og godver

Berre lekkert med dette nydelege veret som plutseleg dukka opp i eitpar dagar:-)
I tillegg kan eg sjå fram til 3 dager fri:-)
Så no feirer eg det med chips og Fjellhytta
Chipsen burde eg nok ikkje ete men steik god

Laga meg middag .Fisk ,i ettermiddag
hadde meg ein kort tur på klesnora i godveret.
Døra åpen
og kven møtte meg på kjøkkenet
Ingolf med nyfanga mus
Grøss og gru
Han nekta gå ut så eg tok meg ei ekstra runde rundt huset
Vel på plass at var det heldigvis tomt kjøkken
Var stolt av fangsten han,men altso…Den kan han la vere å vise fram
Vi har ein aldri så liten pause frå kvarandre:-)

Mandagmorgenblues

Fridag og sein oppvakning under pleddet med kaffi og God morgen Norge:-)
Trump har opplevd eit nytt attentat…Nesten som eg lurer på om han har istandsatt det sjølv for å få oppmerksomheit,men det er å dra det for langt
Ikkje at det hadde forundra meg
Overskya og sånn surt høstver ute..Kjenner på temperaturen at høsten er her
Småslakk så skal ta verda med ro idag
Kjenner behov for å hente litt ved å fyre i ovnen:-)
Litt må eg antageleg gjere i huset
Har no klart å sette på oppvaskmaskina:-)Latskapen lenge leve


Må prøve å få ferdig denne her.Tenkte gi den til basaren vi skal ha på omsorgssenteret og då bør eg kanskje ta meg litt saman ..Godt å ha eit mål:-)

Politiet får meir pengar for å auke tiltak for forebygging av kriminalitet i skulen
Syns det er på tide
Tøffe tilstander dei unge opplever.Glad vi vaks opp i ei tid der ikkje alt kunne delast på internett
Ha ein super mandag:-)

Dagen derpå


Igår var det strandrygging etter kommunestyret
Ikkje så mange som dukka opp men sosial og kjekk stund
Dugnad er ofte det og vi fekk rydda

Fint ved sjøen

Som belønning var det nydelig pizza på hotellet i Leirvik .Dette kan dei:-)
Mett endå
Godt for psyken med herlige folk og frisk luft

Idag er formen einanna
Har hangla litt denne veka
Mykje corona i omløp😉
Så idag må eg melde pass
Bør ikkje vere med folk
Ingolf sympatiserer
Mest grunna veret trur eg

Berre å ta verda med ro
Paracet og sofadag
Går no over om det tek litt tid

Krekar vil tilbake til Norge
Er visst ikkje snille med han i Italia
Trump vil ikkje stille til ny debatt. Kanskje det er lurt
Vert spennande å sjå
Ha èin fin fredag
Her vert dagen heller laber,men går seg nok til
Helsing oss to i sofaen❤️

Innedikt:-)

Må sei eg er glad eg er kommen i hus
Og ikkje bur ute og er ei lita mus
For kjære vene kor det hølgjer ned
Best å sitte inne og drikke sin te

Ja her vert det iallefall ikkje meir frisk luft idag
Der føler eg at eg og katten er på lag
vi koser oss inne og berre ser ut
Lurer på om eg skal starte spå i kaffigrut

Kan jo spe på lønna med så mykje rart
Utruleg kva ein kan tene pengar på og fortsatt vere vel bevart:-)
Men kanskje best eg berre skal hekle litegrann
Og heller tømme kaffigruten opp i eit spann:-)

Olefine

Koselig å sitte her med frokosten på kafeen til Naustdal Dampbakeri

Er liksom ikkje ver å rusle ute i og er ikkje så mykje som er åpent før 10
Går nokre tima med bilen

Les om valgkamp i USA og ellers elendighet i verda
Verda er skummel og naturkreftene viser tenner
Snø i fjella
Hjortejakta er igang høyrer eg på samtalene i kafeen
Morgenmøte i gutteklubben🎶
Ha èin super onsdag

Basartid:-)

Mange som brukar høsten til å samle inn peng til lag og organisasjoner
Sjølv er eg med kollegaer så smått starta å planlegge årets basar på omsorgssenteret

Ikkje berre berre det for ein må jo tigge etter gevinstar
Det er noko eg igrunnen ikkje likar.Men må ein så må ein.
Litt har vi no fått og meir håpar eg det blir

Sjølv tenkte eg å hekle ferdig denne løparen:-)
Går smått
Men sit no her inntulla i teppet mitt.Ser tv og heklar og har det heilt ok:-)
Imorra går fridagen med til Førdetur og service og eu kontroll på Bilen
Pengesluk desse bilane,men her går det ikkja an å bu uten,så sånn er det med den saka
Ser ut som det vert innever imorra,så får ta på regnkåpe og støvla
Må nesten komme så nokonlunde tørr ned til sentrum.
Berre håper dei ikkje finn alverdens feil med bilen:-)Dyrt nok.

Snart Fjellhytta:-)og tvkos
Når veret er surt ute får eg kose meg inne:-)
Ha ein super tirsdagskveld

Presis


Kan sei mykje om Yr
Men melde regn frå 14 og presis på klokkeslettet kom regnet
Slutt på to dagar med sommerstemning og tilbake til normalen

Eg les og les
Frå hjerneslagpasientens ståstad til krim
Ragde si bok var god som vanleg
💕
Har ei gidd ingenting helg
Berre slappa av
Har gjorde godt med 2dagar sommar
Energinivået er heller labert,men sånn er det no med den saken.
Vi kan kunsten å slappe av eg og Ingolf:-)


God søndag