Har vore hos tannlege og renska opp i tannsteinen på eine sida.. Dvs var tannpleiar. Er bedøvd så det sit i til i morra.. Så no driv eg å et mest på eine sida.. Litt av eit syn Men no var eg altso svolten.. Først varma oppatt middag og no er eg altso starta på smoltringar.. Nausdal bakeri.. Skulle vere til jul,men skulle berre smake.. Ikkje for det.. Åt Lunch før bedøvelsen Syns rundstykka til bakeriet er gode Brukt peng på mat og litt julegåver.. Kjøpt meg to nye sofaputer fordi eg fortjener det…trur eg
Blir nok advent og jul her og.. Lurer på kor eg gjorde av lys og gardiner… Får sjekke torsdag… Gidd ikkje ikveld
Ein som var glad for å komme innatt. Steikje kaldt
To stykk Gåshild og Gåsulf. Familielikheita er der? Ikkje perfekte men kven er det Vart no ferdig så no er para kommen i kvar si skoøsje klar til å pakkast inn og komme til nye eigara.. Minner meg om sangen om bamsen til Mariann
Vinter ute Eg har helde meg inne og gjordt lite og ingenting Det er eg god på
Av og til er det godt å gjere ingenting Berre rusle ein tur i fint vinterver Drikke kaffi Sjå på sport. Kanskje bake nokre rundstykke Lade batteria Snakke i telefonen med dattera Rett og slett sanke krefter til ny arbeidsdag
Det er om ein er kjendis eller i denne såkalla bamsegutsaka..Dei har familie Er berre trist syns eg Blir jo berre verre og verre Er uansett menneske vi snakker om
Skikkeleg sur dag ute. Litt småsær eg og her eg sit. Ikkje alltid kroppen vil det eg vil. Men ,kanskje eg skal sjekke om advendslysa mine fungerer….Er jo snart tid for dei no:-) Naboen har fått opp utedekorasjonane .Lyser opp i mørketida Iår har streken fått seg juletre:-) Må ut og samle inn litt diverse når eg berre våkner.Bles godt idag og
Skal sei vi har fått eit veromslag det er smell i Her skal ein virkeleg få føle på naturkreftene:-) Litt kjekt å sitte inne og sjå dagen lysner og kor eg skal leite etter diverse bøtter eg høyrde fauk forbi i eit farleg høgt tempo
Glømde å ta ned eitpar blomsterpotter som sto på utebordet under tak. Det kan eg angre på no Ikkje meir av dei pottene og molda ligg strødd Min eigen feil Burde tatt runda rundt huset før eg tok kvelden Var mørkt eg kom heim,men desse hadde eg sett
Plaspottene med lyng finn eg vel att ein plass ein dag det er opphald og ikkje storm
Ingolf hadde tenkt seg ut,men då vi kom i døra lurte han på om eg var gal som meinte han skulle ut i dette veret Er vorten vand med godveret katten og
Måløybrua er stengd står det på nett,så er nok verre lenger nord i fylket
Håper våpenkvila på Gasastripa held ei stund Er nok elendigheit no
Forma seier sofadag og sidan veret er heilt einig,så blir det det:-)Iallefall første del av dagen.Har eindel ting eg må…Håper vinden løyer litt Null stress Berre snøen held seg vekke.Då vert det kaos då Vind og snø er dårleg kombo
Men,no skal eg finne meir kaffi i koppen og legge meg på sofaen:-) Ha ein strålande dag
Mens eg venter på storm og nedbør tok eg meg ei runde på folkestien etter jobb før eg sette kursen heim Blir så tidleg mørkt. gjer godt for muskler og sjelefreden. Må ta vare på dei fine øyeblikka Hukse å ta ein pust i bakken. Stoppe opp og tenkje på kva som er viktig. Hos naboen har streken fått seg juletre.. Heime blomstrer kaktusen Har fått fyr i ovnen og tulla meg inn i teppet. Ha ein fin kveld
Energien er det så som så med og viljen er på ferie Men det går på fram. Mangler fire føtter og to hattar pluss nebb. Og montering Er fort gjordt berre eg kjem igang…. Kaldt Nydelig morgenhimmel Berre å nyte for no kjem det normale vestlandsveret
Fått fyr i omnen.Har kaffi i koppen og berre roar heilt ned Det er eg god på
Lokalavisa er opptatt av realismen i budsjetta til kommunane. Vanskelig å priotere der og som i privatøkonomien Kan ikkje bruke meir enn vi har og rentene stig.. Vanskelig prosess Nokon vert alltid skuffa Men ein må sette tering etter næring eller rett fram Ikkje bruke meir enn vi har og spare til uforutsette utgifter
Skyer kan og gi vakre soloppgangar Vinden tek tak i trea og får det til å følast betydelig kaldare enn det er
Straumprisen stig når godveret varer lenge Baksida av medaljen Men har teppe og ved. Varmepumpe og.. Eg orkar ikkje fryse
Snart desember Stresser ikkje med jul Vaske gjer eg om våren når lyset er så bra att eg ser kva eg gjer Viktig å kunne kose seg litt i mørketida Ikkje la kjøpepresset ødlegge økonomien Alltid snakk om å støtte det lokale næringslivet.. Kan jo vere at ein ikkje har råd heller enn vrangvilje. Må ein prioritere så må ein det. Visst er det viktig å støtte opp og velge sunt.. Men ikkje alle har det valget.
Er nesten utruleg at vi har hatt ein periode over fleire veker med sol og blå himmel:-) Idag er det skyene som har overtatt og snøen lurer nok bak hjørnet:-) Her er det sofadag kjenner eg. Greit med slike dager av og til og eg treng det Pakke meg inn i teppet og gjere ingenting:-) Heilt utmerka innstilling tenkjer Ingolf Han har krølla seg ihop på teppet sitt og ein ser knapt ein bevegelse
Syreskader på tennene er eit auka problem smådrikkinga mi på sukkerfri brus må eg nok tenkje over.Skal ein drikke får eg ta alt med ein gang:-) Halde meg til vatten er vel tingen Verre er det at det no er eit aukande problem blandt dei unge Sukkeret har vi fått ned, men brus uten sukker og vatn med smak er like skadelig.Nesten.Men iallefall for syreskader
Ilandsproblem Krigshandlingane fortset rundt om Berre trist
Kanskje eg skal starte dagen med å gå ut og hente litt ved. Litt huskaldt idag syns eg Kanskje det berre er eg som er litt småslakk:-) Ha ein super dag