Mandagmorgonblues

Krigens herjingar forset for full styrke
Nesten så ein ikkje klarer å ta innover seg all elendigheita
Høge renter og dyr mat er ein bagatell i denne samanheng.
Ikkje for dei som slit med å få endane til å møtast.Misforstå meg ikkje,men her er i det minste fred enn så lenge

Det lokale skipsverftet er seld til Tyrkia
Om det er bra eller dårleg skal eg ikkje uttale meg om,men stadig meir av våre arbeidsplassar vert styrt frå utlandet
For dei er ikkje lokale forhold og tilpassingar viktige
Er å håpe at det går bra no og
Vi treng denne arbeidsplassen
Men skulle ønska at det meste var på norske hender

Overskya no på morningen
Planlegg ein rusletur etter vegen, men ting tek tid
Ingen hopp og sprett av denne dama …
Kjem liksom ikkje igang idag.
Kvitrima på marka og nedfrosen bil.
Vurderte handletur,men får sjå.
Dagen er endå lang

Juleforbredelsar er og eit framandord iår
Ikkje gjordt noko og heller ikkje kjøpt ei gave
Er no berre å vaske over golva og slenge på nokre dukar når så langt lir
Litt julegaver må eg få til,men kortid er uvisst
bør helst vere før jul
Har ikkje tenkt å handle så mange
Må handle advendskalendera…Tradisjon
Viktig å halde på dei få eg har:-)

Sola skin inn til meg så mulig det betyr at dagen er starta:-)

Ha ein super mandag

Dørstokkmila

Dårleg form.orker ikkje modus og sol..
Inspirert av dei rundt meg som forserer berga som fjellgeiter tok eg på turutstyret og labba ut døra..
Det tek tid.

Mens eg tusler på nesten attgrodd sti så lurer eg på kvifor det var så lenge sida sist eg gjekk her.
Vardeheia
Slepp køyre bil.
Kan gå rett frå stovedøra og eg kjenner godfølelsen kjem
Har ein dårleg pust så har ein det..
Ting tek tid…og vel så det
Ser eg burde hatt med meg noko å tatt litt lyng med
Men ikkje idag.
Mor mi rydda kvar gang ho gjekk ..
Burde nok lært litt av ho der.

Frose og tørt og fint å gå.
Litt is gjer at eg må passe litt på.

Gjorde godt for kropp og sjel.
Aldri brukt så lang tid men kom meg no opp.
Og nedatt
Nesten skumlare det..
Når ein går tidleg blir det og tid til familie og kos
Gjer seg med slike dagar.

Brrrrr


Eg frys så gode råd er dyre
Har varmepumpe men sikkert energilekkasje her og der
Har heldigvis ovn og ved

Litt god varme blir det og
Lurer på kor energien min har tatt vegen for den har eg ikkje sett på lenge😉
Men.sånn er det med den saken
Nydelig ute idag og.

Fekk med meg skal vi dansefinalen igår og såg Maskorama på nett.
Det siste er morsomt og kos familieprogram
Kven som sjuler seg bak maskene aner ikkje eg

Planen no er å vente på at kroppen slår seg på
Imens drikk eg kaffi og tek verda med ro

Ha ein super søndag

Novembersol


Lettare men lenger seiast det..
Tungt uansett for gamla fortida.Gjekk ein veg opp og ein annan veg nedatt frå yndlingsfjellet
Flott i fjellet no men litt is her og der.
verdt slitet

Berre å nyte desse flotte dagane vi har for alt det er verdt.
Så får heller alt anna ligge på vent
Gjeld å fordele kreftene rett

Jaja.det får bli som det blir

Strikkar Gåshild og Gåsulv…Men å få dei like i størrelse det er ei anna sak
Har vel og med bytta trådtype,men trur ikkje det er heile forklaringa

Ligg nok hos gamlemor
Og eg trur eg fyl mønsteret:-)
Det får bli som det blir
Veit ikkje anna råd
Er i det minste starta på å ferdigstille prosjektet

Nydeleg ver ute i dag og.
Eg vakna alt for tidleg .Treng ingen hane til vekking her i huset.Ei heller vekkerklokke
Eg har Ingolf.Han har desverre ein annan døgnrytme enn meg
Vurderer katteluke…

Ha ein super dag

Fredag:-)

Litt sånn smågretten her eg sit etter å vorte vekt av Ingolf

Det er greit at han er tidleg oppe,men å forlange frukost kl 07 når eg ikkje skal på dagvakt er å dra den for langt

Og denne katten kan lage liv
Hopper mot døra og mjauer slik at ein trur det er krise på gang
Så eg sto opp for å sjekke kva det igrunnen var
Mat,sa Ingolf og eg må ut…oversåg heilt humøret til gamla

La meg att,men var bortkasta
Så no sit eg her med kaffikoppen og ser på God morgen Norge og høyrer om ereksjonsproblem
Er ikkje å kimse av det heller
Har mange problemstillingar føre seg dei på morningen

Blir uvel av krigsherjingane som går utover sivile og ungar.Ser heler ikkje ut til å slutte med det første
Krig løyser sjelden problem.Starter berre nye
Og ein vert så hjelpelaus …Les og høyrer om dei ulike sidene og meiningane.
For meg er det krigen sine uskyldige ofre som er viktig. Ingenting kan bortforklare det

men,livet her hos meg er trygt heldigvis

Ha ein fin dag:-)

Brrrr

Frys idag eg altso
Ikkje for at eg trur at det er så veldig kaldt ute,men eg er kald…
Skya ute ser eg.
Det er så smått begynnt å lysne
Litt småslakk etter vaksina,så er nok grunnen til den indre frosten

Vel og med kan eg vel oppfattast til tider som ein kald fisk,men det gir sjelden frostbyer:-)
Kaffien er ferdig:-)

Ingolf og eg slåst om kven som har rett på pleddet.
idag var han rask og fekk beslaglaagt det meste før eg fekk dandert der rundt meg:-)
Frys nok han og eller han vil vel berre ha litt nærheit

Krigsherjingane fortset på Gasa og ukraina.Den siste krigen drukner i den nye
Fryktelig
Her blir det meste dyrare.
Skal noko til å klare alt som er av utgifter for mange
Ikkje enkelt

Idag skal eg ha ein under teppe dag,kjenner eg
Viktig det og av og til
Kanskje hekle Gåshild,og få ferdig eit til av prosjekta:-)

Ha ein fin torsdag:-)

Influensavaksine

Litt småsnufsen idag etter influensavaksine igår
Valgt å ta den
Kanskje like mykje for å beskytte dei rundt meg

Kva som er rett og gale veit eg ikkje
Ikkje tatt den kvart år.
Fleire coronavaksiner har eg ikkje tenkt å ta
Syns det er eindel meir bivirningar med den

Ein kan vere for eller mot vaksiner.Får vere opp til den enkelte

Litt meir skyer på himmelen idag
Vi har vore heldige og hatt lenge fint no,så begynner å ta det som ein selvfølge
Skal ikkje så lenge til:-)

Kaffikoppen er god å ha her på morgonkvisten mens eg og kroppen prøver å bli einige om neste skritt
Fekk i det minste festa endane på juleløparen og vaska den igår
Eit skritt nermare
Kroppen til Gåshuld er og ferdig
No er Gåsulv og garderoben att
Må legge inn eit nytt gir
Men ikkje no:-)

Desse er i det minste ferdige
Mangler berre knapper i capen:-)
Snart jul

Ha ein fin dag

Tja…snart jul


Har hatt så veldig god tid at eg plutseleg har fått det travelt

Liksom litt for pent ver om dagane til å vere inne og om kvelden så orker eg liksom ingenting

Lat
Utruleg fargespel på himmelen
Vel vert trimturen
Kjenner det gjer godt for sjelefreden
No er det kokkeskulen og kanskje litt meir hekling

Tida fyk