Dørstokkmila

Dårleg form.orker ikkje modus og sol..
Inspirert av dei rundt meg som forserer berga som fjellgeiter tok eg på turutstyret og labba ut døra..
Det tek tid.

Mens eg tusler på nesten attgrodd sti så lurer eg på kvifor det var så lenge sida sist eg gjekk her.
Vardeheia
Slepp køyre bil.
Kan gå rett frå stovedøra og eg kjenner godfølelsen kjem
Har ein dårleg pust så har ein det..
Ting tek tid…og vel så det
Ser eg burde hatt med meg noko å tatt litt lyng med
Men ikkje idag.
Mor mi rydda kvar gang ho gjekk ..
Burde nok lært litt av ho der.

Frose og tørt og fint å gå.
Litt is gjer at eg må passe litt på.

Gjorde godt for kropp og sjel.
Aldri brukt så lang tid men kom meg no opp.
Og nedatt
Nesten skumlare det..
Når ein går tidleg blir det og tid til familie og kos
Gjer seg med slike dagar.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg