Den forsvunne bålplassen

Skal ikkje vere enkelt her i livet
Var på stolpejakt i dag eg må vite
Var ikkje langt frå folk men burde hatt støvla
Det var vått og glatt,ellers ein fin tur
hadde eg no endå funne den bålplasssen som skulle vere ved ein blå stolpe

/&gt
Informativ tur:-)Her kan ein lære mykje om skogen

Var veldig vått for å vere ærleg og eg gjekk og eg gjekk.Her var det merkeleg nok ganske tørt:-)
Fram og tilbake og hit og dit
Kor den siste blå stolpen ved bålplassen er må faderen vite
Fann ingen av delene eg

Men den er der nok einstad.Godt gjømd for meg:-)
Kjekk stolpedag på gamlemor og frisk luft ikkje minst
Godt å få av seg turtøyet
Litt kvalitetstid med dattera før eg havna heime i sofaen ilag med kompisen Ingolf
Venta trufast han.Antar det mest er for maten:-)
Siste aprilkvelden skal nytast i sofaen

Eigentid

Gårsdagen var igrunnen heilt magisk den
Starta som vanleg er kvar dag
Stiv som ein pinne og passe morgengretten

Men etter ein luftetur og besøk hos frisøren vart gamla god som ny
Gjer seg med litt eigenpleie

Skal ikkje alltid så mykje til før ein føler seg bedre
Når dattera då kom frå byen med blomster til ho mor var jo alt berre velstand

Idag skal eg berre vere heime og tanke litt krefter:-)
Burde nok for kroppen sin del lufta meg litt før det store regnet kjem
Ser det ikkje er så langt unna

Ha ein super tirsdag:-)

Ingen dager er like

Når ein våkner om morningen og det kjennes ut som der ikkje er eit einaste bevegeleg ledd.då er det berre å finne seg ein kopp kaffi ,krølle seg inn i teppet og ta verda med ro

Brukar å verte litt bedre utover dagen.Det er håp.
Hjelp å bevege seg og,men veret frestar ikkje idag.
Har rett og slett ikkje lyst å gå ut eg

Så har funne meg eit nytt prosjekt
Håper at eg skal komme i mål med dette

Håp i eit hengande snøre

Ha ein super mandag:-)

Carpe diem


Koseleg med stille og roleg helg der det einaste ein gjer er å vandre litt rundt i nærmiljøet
Vakkert desse dagane med nydeleg vårver.
Idag er vi tilbake til det som er normalen
overskya og snart regn:-)April

Turlysta forsvann like plutseleg som den kom
No er det leselysta som har overtatt:-)
Har sett poteter i helga.Ikkje mange..
Kanskje eg får oppatt litt meir enn eg sette,eller omvendt
Alltid like spennande med meg og denne dyrkinga
Er vel ikkje noko hagemenneske for å sei det pent


Igrunnen er eg veldig lat
Makeleg anlagt
Men vi er no som vi er
No sit eg sånn godt inntulla i teppet mitt,med kaffikoppen og berre nyt morningen
Har ingen planer for dagen og syns det er heilt fint
Ha ein super søndag

Enkelte dagar burde ein halde seg heime

Ikkje alle dager ein bør gå nokon stad,tenkjer eg
Hadde ein sånn dag i veka
Hadde først tenkt å vere heime,men etter fin snapp og råd om å gå turen før regnet kom så tenkte eg
Eg går.Stolpejakttur for einøgde og retningsville som ikkje skjønner kart
Kvimsen.
Aldri vore der før
Ante ikkje kor langt eller kor godt merkt
Trudde turen gjekk sånn ganske bratt oppoverDet gjorde den ikkje

Første eg møtte etter første steg inn på stien var ein hoggorm
Den låg der mitt i stien og flytta seg ikkje ein cm
Tenkte at…Skal eg snu.Er det eit varsel..
Men eg gjekk no forbi

Gjekk ikkje rett fram,men fram og tilbake og hit og dit
Eg gjekk og eg gjekk

Vart totalt retningsvill .
Merka var ikkje røde men i diverse fargar og for retningsville meg med syn på eit auge var det litt vanskeleg
Prøvde få med meg kor eg gjekk for tenkte at…Skal nedatt og.
Var vått enkelte plassar og over myr,så skjønte kvifor eg skulle gå før regnet kom
Fint å gå ,men fekk litt uggen følelse om eg fann heim att

Kom opp.Kaldt på toppen,men fann ein lun plass og roa ned:-)Det trur eg var lurt
Så starta nedturen
Bra start,men ein eller annan plass så mista eg stien
Eg gjekk på kryss og tvers for å prøve å finne den att
Ikkje søren
Til slutt tenkte eg at eg kan jo ikkje gå her oppe i natt
Nedover bar det
Var oppturen på kryss og tvers så vart nedturen det motsatte
Ganske så bratt for å sei det slik og ikkje noko eg anbefaler
Ikkje alle plasser ein kjem ned heller:-)
Men eg kom no ned tilslutt..Litt heftig nedtur

Som de ser er det lite sti her.men landa i skogsvegen.
Spør meg ikkje korleis

Om denne turen frestar til gjentagelse?
No har eg vore der
Turen er fin den visst ein finn stien
Heretter skal eg halde meg i løyper som er merka ofte og med knallfarga:-)

God morgen

Utruleg flott vårver vi har for tida,men det er ganske kalde morninga

Fristar ikkje heilt å ta morgonkaffien på altanen idag sjølv om skinnet bidrar.
Ser frestande ut
Skal nok gå ut idag og,men vente litt
Planen er å få rydda vekk påska og evt sjå om det er meir klær eg bør få vaska.
Nyte godveret..Kjem nok til dei i nord og..Vi får vel eit skifte
Kjøpte kukompost igår,så får prøve å få det fordelt i kassane.Planen er å sette litt potet oppi dei
Tenkjer det er nok planer for dagen

Litt godt å berre sitte å få vakne i fred og ro:-)

Våren er vakker
Skal bli full sol kl 20 ikveld står det på tv.Då er sola gått ned her hos meg:-)
Trump likar Norge og kunne tenkt seg ein skiferie her..Jaja
Bra møtet ikkje enda i katastorfe.Veit altso aldri med den mannen.
Veit aldri kva han kan finne på

Uansett så lag deg ein fin fredag og ei flott helg:-)

Teflonhjerne

Eller rett og slett total gjennomtrekk

Dattera har aldri gått ti-turen i heimkommunen
Stolpejakt er ikkje hennar ting men ti-turen kunne ho vere med på.
Forhaldet ho har til den er at ho har vore med meg på turar før og sett meg føre dei inn på skjema

Ut på tur aldri sur,så vi tok Alefjellet
Kort tur som passa bra etter jobb for henne

Koseleg tur
Lokka henne med på runden rundt fjellet
Godt slitne etter endt dag var vi nesten nede..Lunta vår var vel ikkje maks
Då kom eg på…’Vi har jo ikkje registrert oss på Ut appen
Vi har ikkje kva?sa dattera.Du har aldri sagt vi skulle det
Har berre sett deg skrive inn på skjemaet..Uaktuellt å gå oppatt no
Sorry…
Viktig informasjon som hadde gått forbi
Jammen bra vi gjekk ein kort tur og ikkje ein lang

Einaste bevisa på turen er bilde:-)
Akk ja..Den hukommelsen…

På nye stier


Hyllestad
Tur til Brukarlida. Og til Sæsol
Høyrt mykje om den turen men aldri våga gå
Totalt retningsvill
Så når denne kom på stolpekartet så måtte eg jo berre gå den
Var ikkje berre stolpar å navigere etter men veldig godt merka heldigvis
Skikkeleg triveleg plass i Brukarlia
Alt kva ein kan finne i skogen:-)

Eg gjekk og eg gjekk
Godt merka og fin skogstur
Anbefalast..Litt lurte eg enkelte plassar og anpusten vart eg.Men angrer ikkje..Koseleg med nye turer Sjølv om eg igrunnen ikkje heilt visst kor eg var ein periode:-)

Må innrømme at eg vart litt letta då eg endeleg kom i mål:-)

Litt småuggen:-)

Tur i Båneset sånn aleine:-)
Gjekk den for mange år sida ilag med fleire.Som den einaste den gang fekk eg berre lyst til å gå derifrå fortast mulig
Men,no i forberedning til stolpejakta har eg vore der fleire ganger ,med ulike personer og har gått heilt fint
Så tenkte at…Må kunne gå aleine eg og

Der kryr av yndlingsblomsten min som eg kaller kusymre på denne sida av fjorden
Hos meg er det ingen;.(
Vakker og vår
Turen gjekk fint den.Der er alltid vått i deler av stien

Turen gjekk i fred og ro
/>Tenkte at No kan eg ta fram mat og kaffi
Men ,nei,,,
Der kom den uggne følelsen fram att.’Litt sånn guffen stemning .
Her vart den ingen kaffipause idag
Den tok eg heime
Flott tur,men godfølelsen mangla denne gangen
Sånn er det av og til

At har ein ende

Påska er over og paven er død
Lett oppsummert
Trur kanskje paven sin etterfølgjer blir litt meir konservativ enn han som no har vore
Han rydda vel litt opp i diverse
Ser på God morgen Norge og tenkjer det er flott at prominente personar står fram og fortel om parkinsondiagnosa si
Skjønner godt ein prøver alternativ behandling når ein får ein alvorleg sjukdom
Ein alvorleg sjukdom som grip veldig inn i kvardagen

Hatt ei roleg påske her i huset
Anten ute på treningstur eller strekk ut på sofaen
Vore jatakk begge deler
Eit skritt fram og to tilbake
Men,gir ikkje opp så lett:-)

Idag er det overskya
Stille og roleg morning med kaffikoppen

Det er vår:-)
Lurer på kvifor desse veks som berre det på den andre sida av fjorden,men hos oss er det ingen:-)
Nydelegaste vårblomsten eg veit

Når ein ikkje drikk kaffien på tur ,så tek ein den heime på altanen
Idag er det fortsatt innekaffi
Sein morning og stiv kropp idag:-)Går seg vel forhåpentlegvis til

ha ein super dag