Må ein så må ein

Enkelte turar likar eg rett og slett ikkje å gå
Veit ikkje kvifor men denne fjellturen til Sørbøheia har aldri vore ein favoritt

Så her må ein glede seg over dei små lyspunkta undervegs:-)
Høyrer nemlig til 10 turen som eg har planer om å gjennomføre.Ein av dei lågaste til og med
Og eg sleit

Var eit strev

Litt stolpar og undervegs
Å sei det var ein kosetur er å overdrive
Her fyk folk opp på null komma null.Er oppe før eg er kommen meg ut or bilen omtrent
Skal ikkje sei kor lang tid eg brukte
Kolsen fekk kjørt seg

Eg ser heim:-)Berre det er verdt turen:-)

Nedatt gjekk som det kosta:-)
Er merkeleg dette kor enkelte turar rett og slett ikkje passar ein
Finn aldri godfølelsen
På toppen er det supert
Ein av 10 turar gjennomført
Om eg klarer alle er uvisst men eg er no starta iallefall:-)

Skogens dronning

Litt skremd av kor lite eg igrunnen veit om kva som fins i naturen rundt meg.
No skal det seiast at det å vandre i skog og mark etter bær og sopp heller ikkje er mi greie
Her i desse skogane er det sikkert mykje av begge deler og då er det ofte slik at det snakker ein ikkje om:-)

For plutseleg oppdaga eg at her oppe i Ønamarka krydde det av små skogsvegar på kryss og tvers

Nydeleg å gå tur her på stolpejakt

Av og til dukka det opp ting.Kom tilbake minner om gamledager der ei kollega fortalde om campingvogna dei hadde i skogen.Her var den:-)
Rekreasjon for kropp og sjel

Påskemysteriet
Sekker og klær,men ingen folk.Ikkje høyrde eg nokon heller
Tja tenkte eg.Kor er dei blitt av.Har tussane tatt dei?Frå der var det fleire skogsvegar så eg tok til venstre
Mykje oppover på desse stiane og eg og kolsen bruker tid
Så då vi kom nedatt til start hadde påskemysteriet løyst seg.Eigarane var tilbake og hadde benka seg med kaffi og boller.
Heldige meg fekk ein.Hyggelege folk,Torde vel ikkje anna enn å tilby meg .Og mat det har eg greie på:-)Smellgod
Kaffi hadde eg med sjølv.
Hadde fortsatt eitpar avstikkara att før eg var ferdig

Mange små plasser ein kunne slå seg ned der ute i skogen
Var fleire som gjekk tur der, men med så mange avstikkara føler ein seg alikavel aleine
Fin stolpejakttur
Litt kjekt med turar som ikkje krev at ein er kjempesprek:-)

Turglede

Er ikkje så lange og tunge turar på meg
Likar helst dei som er litt midre strabasiøse
Litt sånn koseturar

Må nok prøve å få med meg tituren iår og
Det betyr litt tyngre klatreetappar for gamla og kolsen,så litt trening gjer kanskje godt:-)
Skogsvegar er det eindel av berre ein finn dei

mange fine vatn

Av og til må ein ut i skogen:-)
Men så dukkar det opp fleire vatn:-)

Høgdepunktet med turen:-)
Gjeld å nyte øyeblikka
Stolpejakta hjelper gamla å finne vegen vekk frå den vande stripa eg brukar å gå:-)
Kanskje det vert ein tur til ein ny plass idag
Kroppen må berre finne formen først:-)

God påske:-)


For oss som er vaken om natta var det nydeleg nordlys igår
Ikkje så sterkt men mykje
Ikkje så mykje ein ser av det her hos oss.Er liksom bakom fjellet

Idag er himmelen skya.Litt sånn aprilver
Nett vaken og sit her med kaffikoppen og funderer over livet
Starta på ei ny bok igår og antar det vert hovudtingen å gjere i dag’Må sjå veret litt an og ikkje minst forma:-)
Starten verkar lovande
Igår var det nydeleg,men formen var laber.Hadde lyst på tur men vart bok
Litt spesiell men koseleg krim visst det går an å sei

Påskekrim høyrer liksom med 🙂
Ha ein super dag

Stolpejakt Rutlekvia-Ulvik-Drøsdalen

Mange fine turer i årets stolpejakt i kommunen og denne turen her har eg i mange år hatt lyst å gå,men når det er lite merking å gå etter og ein er totalt retningsvill,så er det ikkje så lurt

Men ,no har eg sjangsen tenkte eg.
Utfordringa mi for tida er at eg vert svimmel på feil tidspunkt,men tenkte..Får berre sitte iro her og der:-)

Nydeleg tur

Ganske lang tur.Trur at hadde eg gått ruta omvendt hadde eg nok komme fortare til toppen.
Men ruta var super

Oppe på Åsen
No var det store spørsmålet
Skulle eg orke å gå ned mot Sørbøvågen eller ikkje..Tja..
ikkje lettare å ta det seinare heller
Eg labba i veg
Her var null dekning og av alle ting dreiv stolpejaktappen å logga seg ut heile tida
Flymodus kanskje,tenkte eg
Kva eg då gjorde er uvisst,men slo av lyset på skjermen
Totalt svart
Den fekk eg jo ikkje på at
Såg ingenting eg med dei brillene eg hadde
Gode råd var dyre
Men,her gjeld det å få hjelp.
Såg det var folk ute ved eit hus,så eg strena nedover bakkane og håpa på tilgivelse og hjelp der eg labba inn i hagen
Fekk kjempehjelp eg og berre hyggelege folk
Oppatt gjennom skogsvegen bar det til eg oppdaga eg hadde gløymt ein stolpe
Nedover i same farten og oppover gjekk det temmeleg seint.
Litt ekstra meter hadde eg her og der.
Men eg fann fram til slutt

Rett og slett ein kjempefin tur
No går jo ikkje eg fort så det tok si tid
Det skal innrømmast
Men fekk vere ute i frisk luft
For kropp og sinn gjorde det godt
Idag er det nydeleg ver ute
Skikkeleg nydeleg påskever men ganske kaldt på morningen:-)
Skal ikkje på langtur idag altso.
Det fine med stolpejakta er at det er mange fine turar i kommunen ein ikkje hadde gårr uten
Når ein har stolpane å gå etter er det lettare å finne fram på eit vis:-)

Målet mitt er ikkje å fullføre alle turane på stolpejakta,men tenkte eg skulle klare tituren
Får sjå.IKkje begynnt endå:-)Og er nokre høge fjell der eg og kolsen kan møte våre utfordringa:-)

Ha ein super lørdag

Grå Langfredag

Litt treig start på dagen
For meg har ikkje påska prega av kristelege tradisjona,men eg har barnekunnskapane mine med meg

Stille og roleg dag her hos meg og Ingolfen
Han har tatt seg ei stripe
Eg derimot,sit godt inntulla i teppet mitt og ser på Alle mot alle
Koseleg program som eg gjerne ser i reprise
Håpet er at eg lærer noko og ikkje minst hukser det:-)

Har sove godt inatt i det minste
Styret starta ikkje før eg skulle stå opp. Ikkje enkelt å stå opp uten feil bevegelsa:-)

Har gitt opp mønsteret på genserprosjektet
Har ein eller anna plass gjordt feil. Sikkert i kor eg var i forhald til felling,så no vert resten einsfarga.
Trur faktisk det slett ikkje vert verst
Rett og slett ha min eigen vri på ting

Er no berre eg sjølv som skal ha den

Haein super fredag

Påske:-)og jakt på egg

Starta litt slakk i ånden denne påska mi,men sånn er det er
Berre å unngå å bøye seg eller snu på hovudet så går det bra
Alternativet er å føle eg besvime og kvalme
Går nok over denne gangen og

Familiedag
Påska sitt koselegaste kvart år
Jakta på påskegga som ofte kan vere litt innvikla
Særleg når hjelparen til påskeharen har mista litt oversikta:-)Men alle vart funne ..No var ikkje innhaldet helt som det burde skjønnte eg.Men,litt var no etande:-)
Påskeharen må skjerpe seg:-)Men aktivitet for heile familien
Kjekt med fellesmiddag
Ikkje så ofte det skjer
Koseleg å berre slappe av ilag.Treng ikkje vere superkokk.
Vorte lite turgåing på meg til no i påska.
Imorra er det meldt regn
Gamla får finne fram bok og ta verda med ro.
Er endå lenge til det vert vinter:-)
Her er det mord og mysterier og sofa for meg og Ingolfen
Han er litt utslått etter mykje folk og påskeeggjakt
han for sin del jakta på andre ting
Egg står ikkje på hans aktivitetsliste:-)

God påske:-)

Frisk luft som medisin

Ofte er det mykje hjelp i turer i skog og mark
Fred ro og stillheit
La kroppen sjølv få bestemme neste steg
Puste godt inn og ut og berre vere


Treng ikkje vere langt

Gårsdagens tur var ikkje det,men gjorde godt
Kolsen tuller seg for tida så treng litt pes:-)
Ryggen er ikkje god og det er ikkje gamla heller
Så greit å berre tusle rundt uten å forhalde meg til anna enn meg og slitet

Mange slike figurer langs løypa
Desse såg an til å ta verda med ro

Det kjenner eg at eg og skal gjere idag

Kose meg heime i eige selskap
Drikke litt kaffi og lese ei bok
Lese slutten på Mord i bokhandelen:-)

Ha ein fin dag:-)

God morgen:-)

Her sit vi som vanleg og prøver finne ut korleis vi skal komme igang
Ingolf og gamla
Kaffi i koppen og gjesp og strekk
Må prøve å samle meg til ein liten tur ut i frisk luft
Gjer godt for kropp og sjel
Må nok ha regnjakka på

Påskeferien nærmer seg for mange.
Min starter fredag etter jobb:-)
Tre daga.Luksus
Men har valgt yrke sjølv og trivast i det så lite å klage for
Påskeharen brukar og å stikke innom

Verden er utrygg og den skremmer meg
I tillegg så veit ein aldri kva han med hentesveisen finn på
Ingenting som forundrer meg frå den kanten

Men her må gamla snart ut å gå .Eser ut i uante bredder
Alt for glad i mat og søtsaker

God søndag

Idag starter Stolpejakta:-)

Oppstart av stolpejakta i Hyllestad kommune idag
Alle grendene er med
Så her kan ein gå til ein stuper
Ikkje tenkt å ta alle for nokon er litt for strabasiøse til at eg trur eg skal utsette medg og kolsen for det
Men dette er jo ein super måte til å sjå seg om i kommunen

Har vore litt arbeid med å få dei opp og
Men dette blir jo litt kjekt i tillegg til tituren til turlaget:-)

God trimpåske:-)