Stolpejakt Rutlekvia-Ulvik-Drøsdalen

Mange fine turer i årets stolpejakt i kommunen og denne turen her har eg i mange år hatt lyst å gå,men når det er lite merking å gå etter og ein er totalt retningsvill,så er det ikkje så lurt

Men ,no har eg sjangsen tenkte eg.
Utfordringa mi for tida er at eg vert svimmel på feil tidspunkt,men tenkte..Får berre sitte iro her og der:-)

Nydeleg tur

Ganske lang tur.Trur at hadde eg gått ruta omvendt hadde eg nok komme fortare til toppen.
Men ruta var super

Oppe på Åsen
No var det store spørsmålet
Skulle eg orke å gå ned mot Sørbøvågen eller ikkje..Tja..
ikkje lettare å ta det seinare heller
Eg labba i veg
Her var null dekning og av alle ting dreiv stolpejaktappen å logga seg ut heile tida
Flymodus kanskje,tenkte eg
Kva eg då gjorde er uvisst,men slo av lyset på skjermen
Totalt svart
Den fekk eg jo ikkje på at
Såg ingenting eg med dei brillene eg hadde
Gode råd var dyre
Men,her gjeld det å få hjelp.
Såg det var folk ute ved eit hus,så eg strena nedover bakkane og håpa på tilgivelse og hjelp der eg labba inn i hagen
Fekk kjempehjelp eg og berre hyggelege folk
Oppatt gjennom skogsvegen bar det til eg oppdaga eg hadde gløymt ein stolpe
Nedover i same farten og oppover gjekk det temmeleg seint.
Litt ekstra meter hadde eg her og der.
Men eg fann fram til slutt

Rett og slett ein kjempefin tur
No går jo ikkje eg fort så det tok si tid
Det skal innrømmast
Men fekk vere ute i frisk luft
For kropp og sinn gjorde det godt
Idag er det nydeleg ver ute
Skikkeleg nydeleg påskever men ganske kaldt på morningen:-)
Skal ikkje på langtur idag altso.
Det fine med stolpejakta er at det er mange fine turar i kommunen ein ikkje hadde gårr uten
Når ein har stolpane å gå etter er det lettare å finne fram på eit vis:-)

Målet mitt er ikkje å fullføre alle turane på stolpejakta,men tenkte eg skulle klare tituren
Får sjå.IKkje begynnt endå:-)Og er nokre høge fjell der eg og kolsen kan møte våre utfordringa:-)

Ha ein super lørdag

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg