Ifølge gps på stolpeinfoen er han fortsatt 2040 meter unna der eg er. Det var han og på ein annan stad i kommunen.Så trur gps- en min er like ute å køyre som meg
Som de skjønner har eg vore på tur. Utgangspunktet er at eg har snakka litt til meg sjølv og funne ut at eg skal prøve ta denne 10 turen i kommunen Starta i 1 mai i god driv .Tok tre turar og så var den energien borte vekk Men idag var det tur 4.Berre 6 att no
Bøheia
Nydeleg tur om enn litt bratt på slutten Valde gå den lengste og slakkaste vegen opp og den brattaste nedatt.Litt utfordrande med glatt underlag og sånn passe feste på skoa
Her fann eg ein stolpe:-) Det var nr 46.Var 47 som var borte vekk Sikkert gått forbi eller i feil retning.Kva veit eg
Opplett og var flott å gå Kosa meg Hadde det berre ikkje vore for den forsvunnede stolpen Men,kjende blodsukkernivået var fallande og temperamentet på veg opp,så tusla meg nedatt til bilen Tross alt 3,5 mil heim Men no har gamla fått dusja og ete så verden ser litt lysare ut Litt må ein finne på i ferien Stolpejakt får eg utsette til eg har med meg nokon som skjønner seg på kart
Får halde meg til 10 turen ,trur eg:-) England utligna i fotball og verden er visst atter iorden heilt til målet vart annulert… No er det nermast krise… Ha ein fin kveld
Akk ja. No har eg strikka og rekt opp att i timesvis og er kommen omtrent der eg var på det meste igår Mønster kan ikkje slurvast med. Ikkje nokon strikkar så dette kan ta tid. men har iallefall arbeid lenge Kanskje litt for lenge:-)
Kaffi i koppen og fått imeg litt mat. Best å ha blodsukkeret iorden når eg skal jobbe med dette,ellers så havner det nok fort i ein krok:-) Grått ver ute,så om eg tek meg ein tur eller ikkje det får vise seg Ikkje endå iallefall Ikkje så volsomt opplagd om morningen
Syns villblomstbukettane er så fine Treng ikkje kjøpe når ein kan plukke i vegkanten
Ha ein super søndag:-) Gjer som meg Ta den som den kjem
Det er tanken når eg sit her inntulla i pleddet mitt og ser og høyrer på regnet som høljer ned Hatt ein sånn litt slakk dag idag,så eg har sove middag og berre slappa av Gjer seg det og Viktig å høyre på signala frå kroppen har eg høyrt:-) Hekla ferdig gardina igår.Gjenstår å feste tråder ,men det er eit anna tema la opp til genser Kva årstal den vert ferdig og om eg vert ferdig er uvisst Vel mykje mønster Men får gjere mitt beste og søkje eksperthjelp når eg står fast Duger ikkje uprøvd
Sykkel på tv Kaffi bok og strikk. Ingolfen har krølla seg ihop i korga si Innever er vi einige om Berre at vi begge er litt for glad i mat Blir fort meir av det på sklike dagar:-)
Men vi får sjå når regnet gir seg om nokre veker Ha ein super lørdagskveld
4dagar med sol Reknar med det er status for ferieveret mitt ifølge yr Idag har det vore Bob Bob Så fått tatt runda mi uten regn og lufta meg mellom bygene Må avpasse aktiviteten etter veret tenkte eg Pizza er kommen i frysen og brøda er ferdige
Korleis dei smaker Aner ikkje Fullstappa av pizza og er grenser på kva eg klarer trykke i meg Fekk bakeklede til bursdagen og det var supert
No er det skikkeleg vestlandsver ute så her vert det Krim på tv,kaffi og litt meir av boka mi
Kanskje gjere ferdig hekleprosjektet og Ikkje mykje att,men må berre ta meg sammen. God fredagskveld:-)
Og eg nyt dagane så godt eg kan.Regnet er like om hjørnet Berre kosa meg idag Kjørde dattera på jobb og rakk ta dei siste 4 stolpane i stolpejakta i sentrum av Askvoll. Nydeleg der no om sommaren.
Traff på han her Staseleg kar der han står på kaia:-)
Hadde meg ein snartur til barnebarnet får returen gjekk om Askvoll,litt handling og ferje tilbake til Fure Det var altså nydeleg i denne varmen og med stille sjø
Lese ferdig Jo Nesby sin Kongen av Os,og starta på Jeanette Walls Herfra til månen Må lese litt anna enn krim og trur eg ellers kan det verte litt skummelt:-)
Meldt regn ,torden og lyn No er sola gått ned hos meg og den største fienden er myggen:-) Snart ei veke av ferien er borte vekk Tida fyk:-)
Nydelig tur .Kultur,stolpejakt og titur Fjaler i ein pakke. Etterpå var det nydelige Straumsneset
Nydelige timar med systa på tur feriefølelse og rekreasjon Anbefalast For retningsville meg er det godt med drahjelp.men på fine skogsvegar og stiar finn eg og fram Må vere glad i kyr og deira avkom,for det er det eindel av på Straumsneset.Snille men kontaktsøkjande:-) Ha ein fin torsdag
Sola har snudd Det blir litt mørkare for kvar dag og eg er trist Den for meg finaste årstida er over Veit ikkje kvifor men det gjer meg depremert Jadå.Fortsatt er det lyse kveldar,men det går fort nedover med lyset
Men men…Ferie frå mandag av.Først må eg få arbeidshelga unna Nyte dei fortsatt lyse kveldane mens dei er her
Vinden tok hardt Bles godt i natt Krisemodus i kroppen min Du kan ikkje sove,for no er det vind Eg lukka auga og lot pusten kvile Men kroppen sa nei, her er ikkje tid til slikt Så eg sto likegodt opp eg Får sove i morgon For skal tidleg på tur Vert inga tid for ein morgonlur Men, sommarnatta er lys og fin sjølv om veret får meg til å tenkje på andre ting Snart haust seier den meg ein regnfull dag Skal sitte i bil så gjer ikkje det slag
Ingolf snorkar,som katter kan Best å vere i hus for katt og mann Det regna og bles jo i bøtter og spann Har kaffi i koppen og gjesper stort God morgon til deg som snart skal stå opp:-)
Regn og skodde Ro etter torden og lyn Litt småkald luft minner meg om haust Teppe og kaffi Stille morgonstund Var sommaren over i mai? Snart solsnu Den for meg finaste tida på året er snart over Tida før sola snur Men snart ferie Spådd ruskever Sånn er livet med veret Eg har ingen kontroll Berre å nyte dagane som dei er
Den finaste buketten ein får er plukka ute i det fri Glad i sommarblomster. Sove lenge og kjenner at i dag og nok vert ein slik gidd ikkje dag Men det er heilt greit Heilt stille på fjorden Kveldane no har hatt eit nydeleg lys.Må berre nytast no får sola snur og det fort vert mørkare
Lange morningar med kaffikoppen som selskap er ikkje å forakte:-) No er det fotball på tv stort sett heile kveldane. Ikkje så veldig mi greie må eg innrømme Men sikkert god trim:-) Slepp å vatne for temperaturen har gått ned og det er vått Myggver Blir nok berre ei vandrestripe etter vegen idag og men regnklær Viktig å berre gripe dagen som den er God søndag:-)