Kor er nr 47?

Har nokon sett han så sei frå kor han er.

Ifølge gps på stolpeinfoen er han fortsatt 2040 meter unna der eg er.
Det var han og på ein annan stad i kommunen.Så trur gps- en min er like ute å køyre som meg

Som de skjønner har eg vore på tur.
Utgangspunktet er at eg har snakka litt til meg sjølv og funne ut at eg skal prøve ta denne 10 turen i kommunen
Starta i 1 mai i god driv .Tok tre turar og så var den energien borte vekk
Men idag var det tur 4.Berre 6 att no

Bøheia

Nydeleg tur om enn litt bratt på slutten
Valde gå den lengste og slakkaste vegen opp og den brattaste nedatt.Litt utfordrande med glatt underlag og sånn passe feste på skoa

Her fann eg ein stolpe:-)
Det var nr 46.Var 47 som var borte vekk
Sikkert gått forbi eller i feil retning.Kva veit eg

Opplett og var flott å gå
Kosa meg
Hadde det berre ikkje vore for den forsvunnede stolpen
Men,kjende blodsukkernivået var fallande og temperamentet på veg opp,så tusla meg nedatt til bilen
Tross alt 3,5 mil heim
Men no har gamla fått dusja og ete så verden ser litt lysare ut
Litt må ein finne på i ferien
Stolpejakt får eg utsette til eg har med meg nokon som skjønner seg på kart

Får halde meg til 10 turen ,trur eg:-)
England utligna i fotball og verden er visst atter iorden heilt til målet vart annulert…
No er det nermast krise…
Ha ein fin kveld

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg