Avslapping:-)

Vakna med sår hals og dårleg stemme
Snakker jo på inn og utpust så er vel ikkje rart at stemma vil ha pause:-)
Planen var fjelltur og ein snartur på ein av arrangementa i nærheita…
Vart ingen av delene
Men,fekk slått plenen og vandra ein liten tur etter vegen

Berre slappa av og tanka krefter eg
Fann fram Jo Nesby si bok Kongen av Os
Så gamla sat ute og las mens dattera har brukt dagen til å vere støttekontakt til ting ho mor slit med.Selvfølgeleg diverse datastyr og kommunikasjon på Engelsk
Der er eg altso meir enn svak:-)Gjeld å ha dei rette folka rundt seg har eg lært

Sommertemperatur på ettermiddagen
Myggen kom då sola gjekk ned
Var der då eg slo plenen og
Men ,held seg vekke i solsteiken.

Litt godt med slike rolege dager
Dager ein ikkje skal eller må nokon verdens ting

Kva eg skal i morra.
Usikker.Men kanskje gjere det same som idag:-)

Kveldstur i Bergen

Kva er bedre enn å rusle ein tur i kveldssola etter ein innhaldsrik seminardag.Og det i Bergen:-)
Iallefall når gamla hadde ete alt for mykje til middagen
God burger.Det skal Terminus ha,Sjølv om rommet nok burde hatt seg ein oppgradering:-)

Så med to til turglade så la eg iveg.
Litt greit at den eine var kjend…


Rusla oss ein tur rundt store lundgården.
No fann vi plutseleg ein stolpe vi kunne scanne…Då var jo stolpejegargenet vekt..

Turen vart litt lenger enn vi hadde tenkt.
Det gode med å gå med nokon som er kjende er jo at ein kan legge inn ekstrasløyfer og alikavel finne fram der ein bur:-)

Tidleg opp og ny seminardag idag
Kjekt men blir trøtt av mykje innetid

Det gode med å vere vekke er jo at det er kjekt å komme heim:-)
Det syns Ingolfen og.Fekk både velkomst og tilsnakk:-)
Frisør imorra og høg tid for å fikse litt på tustane
Bedre seint enn aldri:-)

Det bøtter ned

Skal sei dei driv med storvasking frå oven
No må eg sei
Misunner ikkje dei som skal ta Lihestklyvet idag.777 meter opp i bøttande regnver er ikkje kos

Då var det no litt berdre forhald då eg gjekk.
Det lyner og tordner og så veit ikkje heilt eg

Men gårsdagen var no fin
Fekk med meg deler av siste bit av sommergrykonserten mens eg venta på dei eg skulle hente
Sånn frynsegoder frå bilen:-)

Bursdag har eg og idag i ruskeveret
Volsomt som Tor brummer oppi eteren
kanskje det er til ære for meg.Det kan han spare seg

Friidrett på tv fortida.Nokon lukkast og andre er skuffa.Slit med å skjønne alle desse gule og røde korta.Kortid er kva.Trur dei slit med det sjølv eg

Trur eg skal ta litt krem på ei kake.Ikkje at eg trur eg får så mykje besøk,men har eg bursdag så har eg det:-)Men vente til Tor er ferdig med det verste trur eg:-)

God søndag:-)

Innetid:-)

Surt ute.
Sit med følelsen av ein skikkeleg haustdag
Kan vel ikkje klage etter den flotte maimånaden, men tosifra temperatur i juni er å foretrekke

Så eg har sove lenge, og tek innetid før jobb
Sånn skikkeleg doven føremiddag
Litt snufs.
Vurderer å fyre i ovnen.
Ingolf er einig
Vi held oss inne og slapper av
Tida fyk jo avgarde.

Lokalavisa skriv om redningsaksjon etter mann over bord på cruiseskip.
Fann mannen men ingen ting ein kunne gjere.
Ingen kjekk opplevelse akkuratt

Her i kommunen skal det vere kvernsteinsmarknad og popkonsert i helga
Ikkje så lovande vermeldingar for uteaktivitetar og eg håpar det vert opplett
Litt trist når ting regnar vekk.
Men kryssar fingrar og håper det beste
Ikkje skal eg gå Lihestklyvet på søndag heller
Aldri gjordt det faktisk og no hadde eg komme opp lenge etter det var avslutta for dagen:-)
Fjellturar der ein skal komme opp innen visse klokkeslett er ikkje noko for meg:-)
Men mykje som skjer i helga
Eg skal vere heime:-)
Rett og slett gjere ingenting
Kjenner det er det eg treng:-)
Latmannsliv

Har ikkje den store energien fortida
Mulig alderen er ein del av forklaringa,men ikkje alt
Så tek dagen som den kjem
Kanskje eg skal røyse litt på meg og gjere noko før jobb:-)
Ha ein super torsdag

God morgen

Ingolf og gamla nyt morningen på balkongenNyt solstrålene før regnet kjem

Tanke litt energi før jobb.
Gjer godt.
Søndagsro og humlesus.
Vi har godt av det og.
Det å gjere ingenting
Finne roa i oss sjølv og tenke at eg er god nok som eg er.
Tanke litt sjølvtillit på morningen
Alle er vi ikkje superflinke og har energi til det meste.

Alle har nok sitt og eg har mitt.
Lese litt og drikke litt kaffi og gjere som Ingolf
Ta verda med ro.

God søndag