Surt ute.
Sit med følelsen av ein skikkeleg haustdag
Kan vel ikkje klage etter den flotte maimånaden, men tosifra temperatur i juni er å foretrekke
Så eg har sove lenge, og tek innetid før jobb
Sånn skikkeleg doven føremiddag
Litt snufs.
Vurderer å fyre i ovnen.
Ingolf er einig
Vi held oss inne og slapper av
Tida fyk jo avgarde.
Lokalavisa skriv om redningsaksjon etter mann over bord på cruiseskip.
Fann mannen men ingen ting ein kunne gjere.
Ingen kjekk opplevelse akkuratt
Her i kommunen skal det vere kvernsteinsmarknad og popkonsert i helga
Ikkje så lovande vermeldingar for uteaktivitetar og eg håpar det vert opplett
Litt trist når ting regnar vekk.
Men kryssar fingrar og håper det beste
Ikkje skal eg gå Lihestklyvet på søndag heller
Aldri gjordt det faktisk og no hadde eg komme opp lenge etter det var avslutta for dagen:-)
Fjellturar der ein skal komme opp innen visse klokkeslett er ikkje noko for meg:-)
Men mykje som skjer i helga
Eg skal vere heime:-)
Rett og slett gjere ingenting
Kjenner det er det eg treng:-)
Latmannsliv
Har ikkje den store energien fortida
Mulig alderen er ein del av forklaringa,men ikkje alt
Så tek dagen som den kjem
Kanskje eg skal røyse litt på meg og gjere noko før jobb:-)
Ha ein super torsdag
Ja når veret er som det er er det godt å være innomhus og gjere svært lite 🙂 God helg til deg!!