Enkelte dagar burde ein halde seg heime

Ikkje alle dager ein bør gå nokon stad,tenkjer eg
Hadde ein sånn dag i veka
Hadde først tenkt å vere heime,men etter fin snapp og råd om å gå turen før regnet kom så tenkte eg
Eg går.Stolpejakttur for einøgde og retningsville som ikkje skjønner kart
Kvimsen.
Aldri vore der før
Ante ikkje kor langt eller kor godt merkt
Trudde turen gjekk sånn ganske bratt oppoverDet gjorde den ikkje

Første eg møtte etter første steg inn på stien var ein hoggorm
Den låg der mitt i stien og flytta seg ikkje ein cm
Tenkte at…Skal eg snu.Er det eit varsel..
Men eg gjekk no forbi

Gjekk ikkje rett fram,men fram og tilbake og hit og dit
Eg gjekk og eg gjekk

Vart totalt retningsvill .
Merka var ikkje røde men i diverse fargar og for retningsville meg med syn på eit auge var det litt vanskeleg
Prøvde få med meg kor eg gjekk for tenkte at…Skal nedatt og.
Var vått enkelte plassar og over myr,så skjønte kvifor eg skulle gå før regnet kom
Fint å gå ,men fekk litt uggen følelse om eg fann heim att

Kom opp.Kaldt på toppen,men fann ein lun plass og roa ned:-)Det trur eg var lurt
Så starta nedturen
Bra start,men ein eller annan plass så mista eg stien
Eg gjekk på kryss og tvers for å prøve å finne den att
Ikkje søren
Til slutt tenkte eg at eg kan jo ikkje gå her oppe i natt
Nedover bar det
Var oppturen på kryss og tvers så vart nedturen det motsatte
Ganske så bratt for å sei det slik og ikkje noko eg anbefaler
Ikkje alle plasser ein kjem ned heller:-)
Men eg kom no ned tilslutt..Litt heftig nedtur

Som de ser er det lite sti her.men landa i skogsvegen.
Spør meg ikkje korleis

Om denne turen frestar til gjentagelse?
No har eg vore der
Turen er fin den visst ein finn stien
Heretter skal eg halde meg i løyper som er merka ofte og med knallfarga:-)

2 kommentarer

    1. Jaja – du er no flink å gå tur😀🌞
      Trur de kanskje må endra namnet til hvimsen?
      Alltid kjekt å lesa det du legg ut❤️

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg