Innever

Skal sei vi har fått eit veromslag det er smell i
Her skal ein virkeleg få føle på naturkreftene:-)
Litt kjekt å sitte inne og sjå dagen lysner og kor eg skal leite etter diverse bøtter eg høyrde fauk forbi i eit farleg høgt tempo

Glømde å ta ned eitpar blomsterpotter som sto på utebordet under tak.
Det kan eg angre på no
Ikkje meir av dei pottene og molda ligg strødd
Min eigen feil
Burde tatt runda rundt huset før eg tok kvelden
Var mørkt eg kom heim,men desse hadde eg sett

Plaspottene med lyng finn eg vel att ein plass ein dag det er opphald og ikkje storm

Ingolf hadde tenkt seg ut,men då vi kom i døra lurte han på om eg var gal som meinte han skulle ut i dette veret
Er vorten vand med godveret katten og

Måløybrua er stengd står det på nett,så er nok verre lenger nord i fylket

Håper våpenkvila på Gasastripa held ei stund
Er nok elendigheit no

Forma seier sofadag og sidan veret er heilt einig,så blir det det:-)Iallefall første del av dagen.Har eindel ting eg må…Håper vinden løyer litt
Null stress
Berre snøen held seg vekke.Då vert det kaos då
Vind og snø er dårleg kombo

Men,no skal eg finne meir kaffi i koppen og legge meg på sofaen:-)
Ha ein strålande dag

2 kommentarer
    1. Synd med de blomstene og blomsterpottene. Shit happens!
      Væromslag her også. Stor forskjell fra minus 12 i går til pluss fem i dag!
      Jeg har også sofadag i dag. Ha en fin dag! 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg