Stille og roleg hos gamlemor og Ingolf Godt med slike dagar der ein har tid til å la kropp og sjel få våkne før ein må på jobb eller andre ting Halsen er sår og kroppen slakk.Har vart eitpar dagar så håper det forsvinn like fort som det kom Er vel tida for slike viruser no
Strikkeprosjektet mitt ligg fortsatt på vent Har ikkje hatt tid eller lyst til å gjere meir med det Men,ein dag så blir det nok ferdig Ingolfen har tatt morgenrunden sin Burde nok gjordt det same,men kjenner at formen ikkje er der den burde vere,så venter no litt
Så er spørsmålet Går rentene ned eller ikkje Kva finn stormaktene på idag Litt nyheiter på morningen før eg kanskje bør komme meg ut av pysjen Ha ein super dag
Starta å snøe ute Grått ver,men sånn er det med mars Iallefall betydeleg varmare enn den kalde nordavinden frå igår
Litt ventemodus til seinvakta så kjem liksom ikkje igang med noko som helst Rakk heldigvis ein luftetur mens veret var så nokonlunde
Ny veke og nye muligheiter heiter det visst Dette er sånn lang jobbeveke,så veit ikkje eg Men på mandag har eg ingenting på tapetet:-) Gjeld å sjå fram til dei positive øyeblikka
Har endeleg fått sett ihop bol og ermer på gensaren Eter å ha tatt oppatt og telt i dagesvis så fann eg ut at eg mangla ei maske..No stemmer mønsteret trur eg Er håp i eit hengande snøre Blir verkeleg ein trigger for sinne mitt når ting ikkje går på skinner i vekesvis Tolmodigheit har eg lite av
Men ,men No skal det få ligge litt å kose seg til eg er i humør til å strikke att Overlot eit tenkt strikkeprosjekt til veslesysta Dette er fort gjordt sa ho
Kosetur i nydeleg men kaldt ver Nordavinden beit skikkeleg Venter på ferja Bitande kaldt på kaia i Lavik Lot bilen stå og tok ferja
Kaffien fekk varmen i kroppen før eg tok beina fatt opp bakken til tante. Middag og masse gode kaker.Hyggelege folk og god stemning Heimover i nydeleg solnedgang Balsam for kropp og sjel No er det Spillet og snop Ikkje sunnt altso men steikande godt
Ingen overraskelse for det har vore temmeleg kalde netter dei siste dagane Heilt greit å ta ein innedag Ser huset treng litt omsorg Men det vert ikkje nett endå Endå tek eg og Ingolf det temmeleg med ro Sovna tidleg igår, og det gjer at eg kanskje får litt meir timar ut av dagen idag
Skremmer meg å lese om stormaktene sine diverse utspel Følelsen av å sitte å vente på noko eg ikkje heilt veit kva er Likar ikkje følelsen og den vert berre verre
Trur eg må fyre iovnen for det er ganske så huskaldt Kryp liksom inn gjennom veggene denne kulden Kanskje fordi vinden har tatt godt tak ute
Dagen skal få starte roleg ei stund til Kaffi i kroppen ,men ingen knekkebrød på fatet Her skal det gå i mjuke brødsorter framover:-) Reprise av The Voise på tv skaper god stemning i kropp og sjel Litt trist alltid når ein av to må ut av eit program og begge er flinke,men sånn er det jo
Glad i husmannknekkebrød med ost Skulle kose meg med eitpar før gårsdagens nattevakt Den kosen vert nok dyr For med knekkebrødet gjekk ei halv tann
So no sit eg her på vent Krisetime for midlertidig fiksing så eg slepp tannverk denne helga og Tenner til besver Men kjenner den murrer så glad eg får hjelp God helg🥲😝
Men,kjenner at det ikkje er sommartemperaturar Kan ikkje få både i pose og sekk.. Eller ein kan visst det og,men ikkje denne dama Har så mange fine turområde i nærmiljøet Det gjeld berre å finne dei Alltid kos å ha nokon å dele opplevelsane med:-) No venter eg på at middagen min skal gjere seg ferdig For blir svolten av frisk luft:-)
Berre sånn som eit frisørbesøk i ny og ned Den gode følelsen det er når ein ligg i frisørstolen og får håret vaska Litt jålete er eg og kanskje litt ute Farger fortsatt håret i ein verden der grått er det ein skal ha Men,no gjer eg no det.Endå iallefall Sånn er det med den saken Rosene eg fekk av dattera til helga er fortsatt fine Snart klar for seinvakt Glad eg har litt tid på formiddagen til å få kroppen igang.Motoren er ikkje som før
Snø på fjella idag og ingen varme akkuratt Litt meir sånn vinterstemning att. Mars:-) Tidleg vaken Ikkje i toppform og kaffien gjer godt Snart kle godt på meg å rusle ein morgontur Hjelper på mykje
Hadde strikka ferdig ein arm,trudde eg. Litt knapt med trå Tenkte heile tida at den var jo litt kort Men men.Fellte og starta på ny Nesten ferdig med den tek eg ein titt på mønsteret for å lese lengde ein gang til Mangla 6 cm på den første Ikkje rart den er kort Så no er det å ta opp att fellingane og starte på nytt
Kjenner at eg nesten vert kvalm av meg sjølv Må først finne ut om eg har meir trå av denne sorten ein plass Men ikkje idag Kor eg har fått den andre lengda frå er uvisst men har nok lese på bolen Gjordt er gjordt Bør nok halde meg til enkle sokkar:-)
Ikkje serleg hyggeleg lesing og heller ikkje greit å sjå og høyre på Kva som er sant og ikkje sant er jo og vanskeleg å finne ut av mitt i alle skriveria Men,fullstendig unødvendig og ikkje bra i det heile visst det er sant Viktig å feile for eiga dør før ein går laus på andre Det siste er vi jo og gode på Men,reglar er til for å følgjast
Ser ut av glaset og sukker litt sånn forsiktig Godt eg hadde vit å nyte dagen igår Idag er det innever:-) Sofadag Skal nyte den og Vurderer kva eg skal lage til middag. Enkelt blir det uansett
Verdensfreden og alt det som kjem med den har drukna i vm og alle den sine opp og nedturer denne veka.Så kva som rører seg uti verden står visst på vent til mandag Nett no er det reprise på the Voise.Vakker sang Fin start på søndagen:-) Carpe diem