Mandagmorgen blues

Snø på fjella idag og ingen varme akkuratt
Litt meir sånn vinterstemning att.
Mars:-)
Tidleg vaken
Ikkje i toppform og kaffien gjer godt
Snart kle godt på meg å rusle ein morgontur
Hjelper på mykje


Hadde strikka ferdig ein arm,trudde eg.
Litt knapt med trå
Tenkte heile tida at den var jo litt kort
Men men.Fellte og starta på ny
Nesten ferdig med den tek eg ein titt på mønsteret for å lese lengde ein gang til
Mangla 6 cm på den første
Ikkje rart den er kort
Så no er det å ta opp att fellingane og starte på nytt

Kjenner at eg nesten vert kvalm av meg sjølv
Må først finne ut om eg har meir trå av denne sorten ein plass
Men ikkje idag
Kor eg har fått den andre lengda frå er uvisst men har nok lese på bolen
Gjordt er gjordt
Bør nok halde meg til enkle sokkar:-)

Ny veke og nye muligheiter heiter det
Veit ikkje helt eg
Syns det går i same tralten:-)
Jobb og soving
Ha ein strålande dag:-)

2 kommentarer

    1. Ja til tider går det i same tralten….
      Håper du har nok trå – om ikkje har dei på butikken 😀 Blir god og varm den der.
      Snø i fjella og sola skin!
      Lag deg en fin mandag

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg