Mandag morgen blues

Stille morgen hos gamla og Ingolfen
Vi tek det heilt med ro i sofaen
Eg med kaffikoppen
Litt meir skya utanfor døra idag,men vind er det fortsatt

Grønland har fått nytt storbesøk av Usa
Dei gir ikkje opp
Ligg og vakar i vannskorpa

Idag har eg tenkt meg på tur til nermaste by,så om det er sol eller ei er igrunnen lite nøye
Litt godt å berre komme seg vekk litt og
Lade batteria
Kjenner eg er sliten etter arbeidshelg
Gjesp

Godt eg ikkje må ut så tidleg på morningen

Det går no litt på fram med dette gensarprosjektet
Ikkje fort
For trur eg rekkjer nesten meir opp enn det går på fram
Plutseleg så har eg bytta om på fargane og det vert eit einaste rør
Her må eg nok vere litt meir konsentrert. Skjønner jo det,men det er like irriterande for det
Gruar meg til fellinga skal starte:-)

Det nermar seg
Ikkje tenkt å strikke no altso
Det ender i katastrofe:-)
Ingolf vil gjerne hjelpe til, men det er igrunnen endå verre
Sånn går no dagane her ho oss
Les om flinke hagefolk og fjellryper
Her syns eg at eg har gjordt ein bragt når eg går etter flate vegen
hagen burde forlengst fått renska ugras
Jaja
Hagejevelen trivst no uansett og den ser eg spirer like flott som dei andre åra:-)

Ha ein super mandag
her må det inn litt meir kaffi

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg