Bratt

Langt oppe og veldig smale vegar og bratt
Skrekk og gru tenkjer eg
Har alltid syns at opp til desse gardane som ligg langt oppi bakkane,kunne eg aldri budd
Kjempebra seier dei som bur der
Nydeleg utsikt
Jau då..Den ser eg.Men ein skal jo både opp og ned desse smale svingete vegane

Mange år sidan eg var oppe på Berge
Syns då det var smalt og bratt
Det har gått ras og deler av vegen oppi der har rasa ut
Var oppe i kommunestyret
Har ein son som ikkje er redd smale svingete vegar
Så han ville opp og sjå kva vi snakka om eg eg var jo med
Det var mykje smalare og brattare enn eg huksa.
Den utrasa vegen gjorde meg ikkje mildare stemd
Vanvittig fin utsikt,men kjøre vene
Vintersdagen opp her og ikkje minst nedatt, Respekt for dei som bur der
Var nesten som eg tenkte at desse smale vegane her eg bur er ei velsigning
Det seier sitt
Pysete meg likar meg best på flatmark:-)
Utsikt er ikkje alt,tenkjer eg

Tung og forkjøla sit eg her og frys
Litt ferber gjer susen
Men,er berre ein virus,så går nok over iløpet av nokre dagar
Av og til treng kroppen litt ro.Det har eg ikkje gitt den,så no kjem straffa:-)
Er mange som er forkjøla så er ikkje aleine om det
Berre å ta verda med ro

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg