Eia var eg der:-)

Er faktisk sjelden eg lengter til solfylte strender og varmare land,
Men no gjer eg faktisk det.Eia var eg der
Kroppen min likar ikkje vinter…
Kjennes ut som eg prøver å bevege ein trestokk uten bøy.
Gjer vondt overaltliksom

Men går seg til sånn utover dagen
Snøen har lava ned i fleire dagar.Blir nok den vanlege trimmen idag og.
Har no god og lett snøskuffe om ikkje anna:-)Her får ein ta med det positive
Har parkert bilen nede i vegen eit stykkesånn i tilfelle eg ikkje orkar heile strekket,eller at eg rett og slett ikkje kjem meg opp .

Global oppvarming gjev forskjellige utslag.Nokon renn vekk av varme og her er den nye istida på veg innover landet:-)
Har hatt ei veke ferie.Sikkert vore topp dette visst eg hadde vore glad i snø og kulde.
Men eg er ikkje det…Men veret kan ein ikkje gjere noko med uansett.
Så er berre å gjere det beste utav det
Nekta å tru at denne varmepumpa mi fungerer som den skal…
Berre å få fyr i ovnen før eg frys ihel:-)

Katten vil heller ikkje ut.
Men det vil eg altso.Har måtta leite fram att piggskoa etter ein mindre salto på glatta igårkveld:-)Polerte vegar er ikkje for alle skotypar:-)
Men skal først innom naboen ein tur
Tur gjer meg berre godt,og sånn passe oppvarming til snømåkinga:-)

Hekleduken nermar seg no litt meir ferdige tilstander om ikkje anna:-)Er håp.
Berre å prøve å unngå fleire feil og oppattrekking.

Så idag vert det veksling mellom sport på tv og snømåking.
Sol ser det ut til at eg kan skyte ei kvit pil etter,men ein kan ikkje få alt ein ynskjer seg:-)

Ha ein super søndag:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg