Morgondikt

Grått og vått ,men er det flott?
Spørs kva ein likar,eg syns not
Snøen smelter og dagen gryr
Gamlemor er så trøtt at ho nesten spyr

Men det er håp om endring i humøret
Må berre komme ut av tankekjøret
Har liksom mista gleda og det er litt trist
får sjå om det kjem att ,får gi den ein frist

Skal snart ta på meg vestlandskleda
Det er regnklær, og finne uversgleda
Er berre litt sur og lei fortida
Kanskje eg berre vaknar på den feile sida

Rett og slett grått og trist ver
Veit ikkje om det hjelp med vanntette klær
Men det skal vel bli verre før våren kjem fram
Kanskje vi innan den tid treng finne ein pram:-)

Kan ikkje berre sitte her og spekulere
Livet blir sjelden bedre av å evaluere
Må nok ta tak der det skurrer som mest
Slik at livet igjen kan bli ein fest

Ha ein super dag:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg