Gruar meg

Ute er det rett og slett utriveleg
Vinden hyler fortsatt rundt huset og det har hagla

Gamla og Larris skal på køyretur til Førde i detta veret
Har rett og slett ikkje lyst
Men ,må på sjukehuset og er lite lurt å la vere…
Gruar meg til begge delene
Ligg ikkje nett så tungt på vegen denne bilen min

Ser på nyheitene og dette grusomme jordsjelvet som har tatt så mange liv
Rett og slett forferdeleg.
Blir så stort at eg har problem med heilt å skjønne konsikvensane
Krig og naturkatastrofer preger nyheitsbilde
Då får litt uver og høge prisar på matvarer liten betydning
Ein ser kor plutseleg bildet kan snu seg

Men vi er jo uansett oss sjølv nermast når alt kjem til alt
Eg slutter ikkje å bekymre meg over kvardagslege ting, sjølv om det skjer ting ute i verda rundt meg
Ingolf gjekk ut i uveret.Må ein så må ein:-)Varde ikkje så lenge.Ikkje utever for katter,antageleg

Ferja er innstillt ,står det.Ikkje at eg treng ta den,men seier noko om vindtilhøva:-)

Ha ein super dag.Håper vinden roar seg 🙂

4 kommentarer

Siste innlegg