Stakkars meg:-)

Du veit desse dagane når ein har sove dårleg,vakner stiv som ein pinne.
Eg har rett og slett kjempeilt i halsen og kjennes ut som feberen er sånn like om hjørnet…

Stakkars meg..
Greit å syns synd i seg sjølv når ingen andre gjer det, men veldig lite hjelp i
Ute er det eit slikt ekte drittver.
Idag er snøen vekke og regnet og vinden har overtatt.
Stadig krig om kven av dei som er sterkast
Trur eg skal la vere den daglege turen min idag, og heller satse på å prøve komme meg på jobb.
Håpe på at eg berre fortset å vere sånn halvsjuk

Irriterer meg fortsatt litt at eg ikkje vann på den basaren for var kjempefine og store gevinster. Må antageleg forbedre karmaen min.
Trur den er litt rusten og slår sprekka.
Drikk kaffi og håper det hjelp på halsen.
Og ja då . Eg har tatt både vitamina og det som verre er for å halde helsa sånn nokonlunde i lodd:-)
Er vel slik forkjølelsetid og det var veldig kaldt i det kjøkkenet igår. Mulig det er årsaka

Farmenkjendis har fått ein vinnar. Eg fekk med meg spikarslaga. Liker godt 71 grader nord, der vi har sett mykje fin vestlandsnatur i frå Nordfjord.
Prøver å få med meg iallefall nokon av reprisane.
Turnusarbeid er ikkje tv venleg slik sett:-)

kanskje eg snart skal prøve komme meg or pysjen og i vanlege klær.Kanskje ta ein coronatest for sikkerheitsskuld.
Ja ikkje for min del,men treng ikkje dra det med meg på jobb i tilfelle.Reknar med det er berre halsen som er problemet

Ha ein super dag uansett ver:-)

2 kommentarer
    1. Det er mange som er syke nå.
      Håper det går fort over.
      71 grader Nord liker jeg også å se.
      God bedring!🤗👍🏻

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg