Og for meg arbeidshelg Sånn er det når ein jobber i helsesektoren. Når eg ser og høyrer veret så tenkjer eg..Passer fint Sit no her eg,Innpakka i pleddet mitt.Kaffi og data og har lese meg opp på nyheitene Litt må ein følgje med i verden så usikker som den er for tida
Sterk vind ute,så må ha meg ein sjekk på om det er bossdunkane som er ute på tur Posen med plastavfall som eg trudde vart levert mandag,fann eg att igår Langt ute i periferien. Så no har eg rikeleg med den typen avfall Men,men, Får prøve å levere det att neste månad
Hatt to dager fri Berre slappa av og tatt verda med ro Tanka litt krefter. Har fått orden i fryseboksen Fann liksom ikkje det eg visste eg hadde der No får eg sjå kor lenge eg har kontrollen:-) Veit iallefall kva eg har og ikkje har
Trur ikkje eg skal på tur ut idag..Isåfall må det verte litt mindre regn.For storm og regn er ikkje det optimale turveret ..Roar seg ti kvelden ser eg,men då er eg på jobb
Litt spent på den våpenkvila i midtøsten Korleis blir det no i Usa..Og det det fører med seg Korleis vert livet for folk flest i 2025 Kven veit
Det dundrer og braker og rister i veggen Vinden har mykje den vil ha ut Gamla har vore ute og salta og retta på papirdunken Den hadde landa flatt i vegen ilag med plasten Rekna med den ligg flat att,men orker ikkje stå å halde i den i timesvis:-) Veit jo aldri kortid bossbilen dukkar opp Skikkeleg kraftig vind og mildt,men ingen regn då eg var på sklitur. med brodder
Har nemlig vorte lite søvn i vindrosene Så eg legg meg på sofaen litt eg. har heldigvis seinvakt Innever
Lurer ofte på kor folk tek energien frå Dei vasker,baker styrer på med all verdens ting Og det i tillegg til familie og full jobb
Det er skiturer og fritidsaktiviteter over ein lav sko Huset er perfekt og maten laga frå botn
Eg for min del har meir enn nok med å stå opp og få kroppen igang Går på jobb,men då er den vesle energien eg har oppbrukt Er nok litt lat..Det skal eg innrømme,men skulle gjerne hatt litt meir av den driven
Akk Ja Kanskje den kjem..Litt meir ,ved at eg får baken opp av sofaen:-) For der likar eg meg litt for godt Planlegg alt eg burde ha gjordt,men det vert med det liksom Den fullføringa er det verre med No vurderer eg om eg burde gått tur før regnet kjem Ikkje så lenge før det kjem nedbør.Om den vert kvit først,er ikkje godt å vite.Trur fortsatt det er minusgrader:-)Men,veit liksom ikkje om eg orkar..Litt tidleg for ei trøtt gamlemor som har brukt helga til å sove
Morgenstund i fred og ro Sola held på å klatre seg opp i øst Siste innspurt på ei stund på desse kanter Berre å gjere seg klar til isglatta Finne fram brodde og håpe at regnet tek vekk isen fort
Kaffi Nyheiter Berre senke skuldrane og ha heilt kvilepuls:-)’ Rydde vekk resten av jula Berre nyte fridagane:-)
17 mil tilbakelagt Sånn er det å bu i distrikta.Sjukehuset ligg ikkje rundt hjørnet Men kaldt og fint å køyre. Kjekt med litt sosialisering inniblant Litt kikking i butikker og enda opp med mat Mat må ein ha.
Kafebesøk selvfølgeleg Varm var den og.Heilt nystekt rett frå takka:-) Burde nok ha gått ein tur og nytt godveret mens det er her. Skyene er begynnt å samle seg opp uti havet.Klar til innsats:-)
Eg la innsatsen i enkel middag.Fiskekaker ,poteter og raspa gulrøtter. Til å med eg klarer det Er rett og slett ingen kokk,men overlever:-)God på å ete
Det å verte invitert til bålkos og avslapping Nyte vinterkvelden Går ikkje på ski,men bålkos er supert Takk for turen:-) Ingenting er bedre enn nokre timar i godt selskap
Send SMS mage til …… Neitakk Har ikkje tru på at desse reklamane kan hjelpe meg med magen eller noko anna skal eg vere ærlig Selvfølgeleg finns det gode produkt derute,men noko under skaper dei sjelden,anna enn ei slunken lommebok:-)
Men,men reklame er greit av og til.Får jo med meg tilbuda rundt om Dei som sel skal jo og overleve:-)
Her nyt eg solstrålane frå sofaen i ein beinkald dag for å vere her:-) Sove eitpar timar etter nattevakt og prøver å snu døgnet til normalen att. Imorra er det tid for å sjekke auget att. Kan gjerne halde seg kaldt til eg har køyrt dei mila Nullføre treng eg ikkje
Brenn noko volsomt fortsatt i Usa,, Skremmande Og volsomme krefter i sving
Må ta ein vurdering om eg orker ut… Nydelig sol,men den er her ikkje så lenge Men,den gjer godt for psyken
Sit her innpakka i teppet mitt med kaffikoppen og ser ut på ein fin morning og funderer litt overe eit og hitt
Lurer igrunnen på kva som skjer når han der borti Usa ikkje får kjøpe verken Panama eller Grønland? Sa jo indirekte at då vart det andre boller Skremmande at ein påtroppande president av Usa kan komme med slike uttalelsar Verden er frå før i kaos og krig Folk i nød overalt Uff seier eg Her i Norge er vi for det meste opptatt av snø fortida. Vinter brukar vi å ha kvart år No er det nydeleg vinter her,men vegane er litt meir bob bob å køyre på. Er det som er den største bakdelen med vinter syns eg
Kva er bedre etter ein dag på jobb enn å ta på vinterhabitten og vandre Nyte frisk luft og naturen og kjenne at stress og tankar som forstyrrer dunster bort
Her sit eg med kaffien min eg som vanleg og gruer meg til dagens første treningsøkt Snømåking Igår fekk eg litt hjelp til å ta litt ekstra. Eg brukar å parkere nesten nede med vegen.Berre måke ein smal sti ned til bilen og så må eg ta nedafor den då
Der er det rikeleg snø,,,For det snør og snør I tillegg er der ein høg kant som bruker vere ganske så fast..Plogen som køyrer forbi legg att spor.. Og det har snøa inatt.. Kor mykje ser eg ikkje,men reknar med ei skikkeleg god trimøkt.. Har ikkje lyst Men har eg valg…Nei Etter hjelp av naboen og fresen:-) Idag er han på jobb,så gamla må fikse sjølv Nydeleg dag igår vart nytta til tur ut.Var kaldt må eg innrømme Er flott med snø når den er måka og ligg iro. Akk ja Glad eg har seinvakt så eg har litt tid på meg. Men,må få tid til nokre kaffikopper til kjenner eg Har nok berre godt av litt trim etter all julematen og ikkje minst julegodteriet Ingolf venter til eg har laga veg seier han. Det kan eg skjønne Kunne eg tenkt meg og:-) Veit ikkje kor mykje det har snøa igårkveld og inatt,men sikkert meir enn nok trim Ser ut som det har tenkt å fortsette med snø ei stund til Vinteren kan bli lang:-) Ha ein fin mandag