Saknet er stort

Idag er det eit år sidan vi tok farvel mamma
Saknet har vore stort for heile familien
Bautaen vår var plutseleg ikkje meir
No må vi ordne opp sjølv
Ta vare på familiesamhaldet
Var der vi samlast.
Hos mamma
Trygg og god med gode og ærlege råd

Men sånn er livet
Vi skulle gjerne hatt deg med oss nokre år til,men du ga oss ei god ballast i livet
Lærde oss kva som var viktig

Så idag tar eg ein roleg dag og let minna få strøyme på.Høyrer fortsatt stemma di i hovudet når eg gjer ting som eg ikkje heilt får til eller eg veit du ikkje syns heilt om:-)Alltid ein god kommentar:-)

5 kommentarer

Siste innlegg