Grensa til galskap

Hei Ingolfen her.
Må berre få lette litt på trykket.
No har eg ikkje budd her så lenge,og lite kan eg om skikk og bruk.
Men meiner bestemt å fått med meg at røde gardiner høyrer jula til.
Har prøvd å gi beskjed.
Men ikkje berre ser ho dårleg.
Hørselen virkar å vere heilt vekke.

Men så heilt som lys frå klar himmel hadde visst hjernecella slått seg på.

Tenkte at no var det vel tid for mat..
Nei då..opp med oppvaskmaskina og rydda på..
Plutseleg bevega ho seg eit par skritt vekk,for så å dukke oppatt.

Middag! tenkte eg og hoppa til..
At då gamla måtte stane i meg og med brask og bram dunke leggen i hjørne på oppvaskdøra, er då søren ikkje mi skuld!.
Men der tok eg visst feil.
Det både lynte og tordna rundt øyrene på meg..
Kan eg hjelpe for at det vart hol..
Herregud..er ho av glas..
Då eg skulle inn på badet for å hjelpe ho med plasteret vart eg nærmast kjeppjaga..
La meg under sofaen mens ho gjekk ut..vi har hatt lite kontakt resten av dagen,kan ein sei..
Men no har vi enda i sofaen begge to.
Var godt å komme inn i varmen.

Lufta har gått ut av ballongen.
Men trur ho bør på sinnemestringskurs

4 kommentarer

Siste innlegg