Litt på tverke

.For tidleg våken og med ryggen på tverke
Landa i sofaen med ryggen som verke

Går seg nok til,eg har kjent det verre
Berre at humøret no ikkje er noko serle

Men nydelig ute,så eg kjem meg nok til
Vi er jo altso berre i april

Må nyte siste dagane av sol og stemning
Har nemlig lese at kulde er i emning.

Trur eg lagar meg kaffi
For det brukar å hjelpe
Når gamla er trøtt og humøret på tverke

Vi ligg no her og slappar av
Snart er vi klare for ein nydelig dag

Fantastisk

Utruleg ver vi har fortida.
Berre nyt det eg.

Endelig fått kobla til toalettet i kjellaren.
Den sure svie kjem nok med rekninga,men supert at det vert litt orden på diverse
Kos å kunne ete middag ute i solveggen.
Ikkje direkte sunn mar,men ikkje så nøye.

Ingolf er fortsatt misfornøgd med tingenes tilstand.
Men,veret passer han utmerka.
Berre rusle rundt og ta livet med ro.

Der har vi noko felles.
camp culinares

Gamlemor har rulla seg opp i godstolen og fått på pysjen..
Det er kveld

Rett og slett irritert

Ingolfen her…

No er eg rett og slett både skuffa og irritert
Her går eg rundt og aner fred og fare og vart igrunnen glad vi fekk besøk..
Seier vart.
Det er av familien ein skal ha det..

Sånn uten å spørje meg dundrer han laus.Bråker og styrer og riv ned huset..
Frekt!.

Ga seg til å grave store hol midt i min turveg..
Eg kjefta,masa og ga beskjed..
Til inga nytte.

Svolten vart eg og av alt oppstyret sånn i solskinnet..
Kven trur de fekk mat?
Ikkje meg.

Kven trur dei at dei er..
No har eg tenkt å gå laaaangt vekk.
So kan gamla gaule Ingolf så mykje ho berre kan…

Streik

Storstreiken er eit faktum,og vi vil nok merke det
Når ferjer og hurtigbåtar er innstillt merker kystnorge det
Om øl og bruskranane er stengde så skjer det inga katastrofe, anna enn for dei som driv utelivet
Akkuratt no i godveret kan det nok få konsekvensar visst bedriftene ikkje får øl

Men,vi må ha ei inntekt som står i forhold til prisstigningane
Ikkje alle som klarer å betale alle utgiftene når alle prisane skyt i veret som no.
Nokre klarer seg jo fint,men for dei fleste av oss med normal arbeidsinntekt kan det vere tøfft nok.
Torer ikkje tenkje på korleis dei som lever kun på trygd har det

Kor lenge streiken varer det får vi no sjå–

Sola skin og strømprisane stig.
Brudd for Sandberg og Letnes les eg..Ikkje at eg syns det er ei bombe,og folk må få leve som dei vil:-)
verre at det er krig i verden

Nydelig ver idag og.Gamlemor er trøtt,for søvn er det fortida lite av
Men sitte å krølle tærne ned i teppet mens eg drikk kaffi,er rekreasjon for sjela.

Tenkte eg skulle rusle meg ein morgontur for å få fart i kroppen,men ikkje endå..
Først må eg få greie på kortid eg har den tannlegetimen:-)

Ha ein super dag:-)

Som ei sviske

Trur ikkje eg tåler alt godveret eg🥲
Datt i hop som ei sviske i godstolen.
Hadde planer om luftetur,men bytta den ut med beina høgt og strikketøy.
Lysta er større enn kreftene.

Har kosa meg med kaffikopp ved sjøen i godveret
og vore på besøk hos mamma.
Rett og slett nydelig ute no.

Kom på at eg hadde fått ein time hos tannspesialisten i april.
Men kortid?eg har ikkje snøring og finn ikkje timekortet…
Må ringe imorra..
Bruker få melding dagen før,men ting må planleggast….
Kor timekortet er må fuglane vite…

Tv og strikketid

Der høna sparker

Kjenner alderen kjem snikande når ein ikkje får sove fordi det meste verker og knaker..
Katten derimot er fit for fight og gjer det beste for å takle meg på veg til badet.
Frukost bør serverast 05,og reagerer ein ikkje skulle ein tru det var innbrudd på gang.

No er Ingolf ute
Kaffien er klar og gamlemor på sofaen.
Å sei eg er i godt humør er å lyge.

God morgen Norge er no kos å sjå på

Var flott men mykje vind igår..
Mykje skyer idag ser eg,men kan bli flott..
Blir det streik?
Det ser vi iløpet av helga.
Spennande.
Blir på sofaen ei stund eg.

Ha ein fin dag

Tett i toppen

Tett i toppen og slakk i kroppen…Mange måtar å vere tett i toppen på og tidvis oppfyller eg alle:-)
Fyrt i ovnen og krølla meg godt inn i teppet
Kjennest ut som eg har dratt på meg ein vårforkjølelse

Men mulig eg berre er veldig sliten. Kven veit
Glad og lykkelig over nye lister og foringar her og der. Småplukket som sto att etter tidlegare oppussingar er nesten ferdig.Ser mykje bedre ut.
No gjenstår berre å få vaska ut. Litt støv vert det alltid
Men,orka ikkje idag, så tek det når eg får litt energi
Men kjekt:-)
Rart kor ein venner seg til at det er litt sånn uferdig rundt om..

Fantastisk kletørke ute idag.
Gamla har vaska må vite.Kjekt at endeleg våren er her:-)
No er det berre å sjekke om eg må kjøpe nye sommardekk.Mest truleg alle fire,men får få nokon til å sjekke det for sikkerheitsskuld.Men blir nok litt stor utgift på dei og,når eg no først er i sving med å bruke peng
Men ,men…uten bil går ikkje og dekk må den ha.-)
Eldstemann fylgde til og med opp hengaren med diverse som vart kjørt der det høyrer heime..

Burde nok tatt eit tak i hagen,men grønne fingra er ikkje mi sterke side.
Men poteter skal eg sette når så langt lir:-)
Ser tulipanane prøver så godt dei kan å komme opp av jorda,og påskeliljene står i knopp:-)

Naturen våkner til liv:-)

Vakner vel til liv eg og,om ikkje idag.-)

Grått ,går smått

God morgen.-)
Eller prøver vel kanskje meir å få den til å bli det.
Grått og vått ute.Sånn litt sånn trist dag,liksom
Litt sånn som eg føler meg

Men,nesten alle listene på plass.
Resten blir nok gjordt i dag og mamsen er evig takknemlig
Ingolf derimot syns det blir vel mykje styring i hans hus.
Liker lite bråk:-)

Kaffien er ferdig og godt er det.
Nattesøvn er det lite med fortida.
Er vel slik og at skjer det mykje rundt ein så spinn tankane.
Mine gjer det til vanleg,og no tek dei heilt av.

Litt fasienerande og desse tankane.
Kor dei igrunnen får oss til å tvile på oss sjølv.
Stille oss spørsmål som vi veit er heilt på jordet.
Rote med realitetsvurderinga vår

Ein tenkjer over alt andre seier til og om oss,
kjenner korleis ein vert påvirka av orda.Korleis nokon kan vri rundt i samvittigheita vår,eller prøve å
indirekte sei at slik du er ,det er ikkje normalt.
Prøver å innbille oss med ord og stor innleving at det ein meiner er heilt feil, sjølv om vi innerst inne veit…
Det er eg som har rett og ikkje du…
Sit igrunnen berre att med ein vond klump i magen…

Her er det berre å prøve snu tankegangen.
Sei at …Du er ikkje så verst når alt kjem til alt gamlemor:-)
Ikkje perfekt,men trur igrunnen at eg har eit fornuftig og normalt syn på livet,sjølv om eg snakker på inn og utpust..
Kan vere stille og:-)

Ha ein super 12 mai…Eg tenkjer berre..Hurra det er lønningsdag:-)

Kjekt med litt hjelp.

Har mangla litt lister hist og pist..
Og må ha rørleggjar som har vorte ringt til og venta på litt vel lenge.
No har eldstemann ringt eit anna firma,så har fått dato.
Endelig vert det kobla til att toalett i kjellaren.
Ting tek tid.

Søknad levert om utviding av balkongen.
Reknar med det koster flesk i gebyr.
Men,må halde meg til lova

Litt godt å få gjordt ferdig slike småting.
Sett mykje på Sinnasnekkaren.
Male kan eg få dreisen på,men listinga er verre.


Var ikkje så mykje i den hengaren,men fy f for ein pris…
Men,må til.
Kva røyrleggaren koster torer eg ikkje tenkje på.
Men enkelte utgifter må ein ta om ein vil eller ei.

Blir nok bra til slutt.
Godt å komme heim og,sjølv om eg stort sett sit og tenkjer på det eg burde gjordt.
Våren er her🌻🌻🌻🌻
Med den håper eg ting går seg til.
Ha ein super dag

Stolpejakt

Fin aktivitet som i Oslo iallefall er for alle.
Fysisk aktivivitet som på dei fleste plassar kan nåast av alle.
Reine oppdagelsesfeerda etter kart over stolper plassert i dei ulike bydelane.

Så igår var eg med oslosysta på stolpejakt i gamlebyen.

Må innrømme
Ikkje mi fortjeneste at vi fann fram,men sosialt,fekk frisk luft og oppleve Oslo ganske folketomt.

Starta med god påskefrukost og avrunda i sofaen.

Litt glad for aktivitetar for slike som meg som ikkje alltid orker fjelltura
Skulle faktisk ønska dette alternativet heime..Ja stolpejakta. Går jo uansett

Ha ein super mandag🎈