Er ikkje pent å banne ,men må sei at det var ikkje berre pene ting som kom ut or munnen til denne gamle og tildels galne kjerringa i femtida på morningen
Slit med nattesøvnen etter seinvakter…og Ingolf som hadde vore inne mens eg var på jobb. Han gjekk ut Og kom ikkje inn selvfølgeleg. Vart ropt på, men katt er katt…
Hadde nett sovna då spetakkelet starta. For eit liv Gamla vakna med eit brak og ut or senga Reiv opp altandøra og ropte på Ingolfen
Det eg ser og høyrer er to store lodne katter på full fart nedover. Kven som er kven ser jo ikkje eg Fram med lommelykt og kraftig stemme
Har nok vekt naboane på hi sida av fjorden og i same slengen
Men,tilslutt kom Ingolfen inn.Sur som ei potte.Såg rett forbi meg. Åt litt tørrfor og la seg..Her passer han på hus og heim,og dette er takka For eit hespetre, tenkte nok han..Han har nok rett. Den sida har eg og.
Vart lite søvn på meg ,og med adrenalinet på topp var det berre å stå opp. Så her sit eg..Trøtt som ein spa og drikkk kaffi Snart jobb…. Ute bles og regnar det og står litt i stil til mitt humør… Skal bli ein dag. Eg og Ingolf har roa oss ned. Men,uten søvn er eg ikkje den enklaste
Nyheitsbilde er det same triste som før Verda er utrygg Ha ein super tirsdag:-)
Du veit..den følelsen… Ein ligg i senga Vil så gjerne ligge litt til Men kroppen verker frå lillefinger og ned i storetåa og seier Det er kaldt ute og eg vil ha varme… Stiv som ein pinne ligg eg der og kjenner på protestane og gir opp Her er det berre å forandre stilling og stå opp.
Kroppen min likar ikkje verforandring. Sånn er det, og slik har det vore Blir ein vane og ein lærer seg å leve med det Blir ikkje bedre med alderen heller:-) Ikkje synd i meg. Mange som har det slik
Viktig med sein start og kaffi:-) Litt grått og surt ute i dag syns eg. Men ser sola klatre over åskammen:-) Vert nok ein fin dag Skal nytast uten nokre planer Treng ein luftetur, kjenner eg,men ikkje nett endå:-) Så det gjenstår og sjå om den vert med eller uten vestlandsbunaden:-)
Krig i Midtøsten med skremmande følgjer Skremmer meg med dei aukande tala krigar rundt oss.
Sjølv sit eg trygt i godstolen og et chips mens eg ser på Skal vi danse.. Håper tryggheita varer og stor kontrast til nyheitsbildet.
Kjenner eg er heldig. Fin dag og kosa meg i godt selskap. Tanka krefter til ny veke. Gjer seg med sol sjølv om ein må kle seg godt og bruke panneband. Ikkje så varmt akkuratt Men gjer godt med frisk luft.
Vurderer å ta fram hekletøyet.. Har hatt sånn gidd ikkje dag🌻
Plutseleg letta regnet. Full fart ut. Berre å nyte sjølv om det er vorten merkbart kaldare. Vinden auka og vart friskt Vått overalt. Komme utrulege mengder vatn. Berre å nyte øyeblikka. Laga meg god middag og koser meg med Foreder på tv. Pakka meg godt inn i pleddet og skrudd opp varmepompa eitpar grader.. Kjølig. Det er helg❤️
Flott at prisen har gått til ei som har kjempa for menneskerettigheitene i Iran. Håper ho ikkje får det verre i fengselet. Statsbudsjettet sovna eg ifrå. Har vore på nattevakt så det er vel lov. Får det nok med meg. Noko har eg då oppfatta. Får det nok i reprise iløpet av dagen.
Ute er det skikkeleg ruskete Sovever. Men,skal ikkje på natt inatt så må innatt på rett spor.
Rett og slett eit volsomt regnver ute..For å sei det pent Glad eg har tak over hovudet Sånn trist høstver Idag hadde eg nesten forsove meg. Klokka ringde den Eg sette på kaffi,gjekk på badet og tok alt i eit seint tempo. Hadde jo god tid,tenkte eg Til eg såg på klokka Det eg hadde gløymt var at sist eg sto tidleg opp var då eg reiste på sjukehuset fredag… Litt seinare enn eg reiser på jobb for å sei det som det er Så kaffien vart med i termokoppen,og eg tenkte det var godt eg hadde kontordag og ikkje trengde tid å skifte klær:) Men,imorra er det nattevakt,så då kan eg sove lenge Godt eg gjekk tur med jobben fr å sei det slik Etterpå har det vore litt mykje regn Har ikkje hekla heller idag. Liksom ikkje hatt ånden.Vondt i skuldra Men fin jobb i regnveret,så skal nok snart bli ferdig,trur eg Må prøve få unna litt
Farmen på tv og eg kjenner at eg trur eg skal finne senga..Trøtt I morra er ny dag og nye muligheiter:-)
Kjekt å bidra med å gå tur Turnus gjer at ikkje alle som vil kan delta på same tid. Sånn er det berre. Vi gjekk folkestien på Sørbøvåg. Øverste løype🙂 Trivelig og sosialt. Får fellesfølelsen og dekka dagens behov for frisk luft må vite. Glatt? Ja det var slept,vått og trening for balansen. Men,kjekt. Starta med opphald og enda med regn. Fekk medalje og heder og ære. Kaffi frukt og gleden av å vere saman om å støtte ei god sak. Takk til dei som kom på at vi skulle vere med❤️
Luffe meg ein tur og nyte roa og naturen. Litt regndråpar kom gjennom skylaget.men meir ser ut som kan dukke opp. Sein frukost i fred og ro. Kjenne at kroppen og sjela finn ro og er klar for ein ny dag Den stadig aukande kriminaliteten skremmer meg. Mange er unger som lærer å løyse problem med vold og drap. Ein banker opp kvarandre og sender det live. Glad eg ikkje er ung idag. Skremmande. Korleis ein skal løyse det har eg ikkje svar på.
Sola skin inn til meg og minner meg på at eg nok bør gjere ein innsats på heimeplan. Ha ein super mandag
Sit fortsatt her eg Sånn i godstolen med kaffikoppen,og myser utover verda rundt meg Seint oppe Kropppen er tung og hovudet dunkar Sikkert sove forlenge Er heldigvis søndag og fri,men trur helst eg treng frisk luft Jaja Trengde det nok
Kiloa eg møysømmeleg hadde klart å ta av.To….Dei har eg ete på meg att,men god hjelp av sjokolade og snop Denne viljestyrken min er heller langt på minussida Får prøve å komme på rett kjøl att Rett og slett å la vere å ha det i hus
Gjesp Ikkje noko hyggeleg å lese i avisene heller. Blir igrunnen berre meir nedstemt Men,sånn er jo verden rundt oss,og eg kan ikkje altid berre dra ned skylappane og late som det ikkje eksisterer
Og gamla skal snart legge seg. Seint oppe og rett frå frukost til underhaldning på omsorgssenteret. Ein flott gjeng frå Atløy. God stemning og full sal. Kjekk føremiddag. Litt uplanlagd for min del .Hadde ikkje tenkt på det før eg fekk melding frå mamma.men ting som skjer på sparket er ofte dei beste Så inntok lunch og kaffi hos mamma når eg først var der før eg rusla på jobb. Sånn kosedag. Kjekk vakt på jobb og berre velstand.
Grytt i meg chips og sjokolade siste timen. Sånn heit uten mål og meining.. Bedre eg hadde lagt meg🌻 God søndag