Søndagsmorgenblues

Du veit..den følelsen…
Ein ligg i senga
Vil så gjerne ligge litt til
Men kroppen verker frå lillefinger og ned i storetåa og seier
Det er kaldt ute og eg vil ha varme…
Stiv som ein pinne ligg eg der og kjenner på protestane og gir opp
Her er det berre å forandre stilling og stå opp.

Kroppen min likar ikkje verforandring.
Sånn er det, og slik har det vore
Blir ein vane og ein lærer seg å leve med det
Blir ikkje bedre med alderen heller:-)
Ikkje synd i meg. Mange som har det slik

Viktig med sein start og kaffi:-)
Litt grått og surt ute i dag syns eg.
Men ser sola klatre over åskammen:-)
Vert nok ein fin dag
Skal nytast uten nokre planer
Treng ein luftetur, kjenner eg,men ikkje nett endå:-)
Så det gjenstår og sjå om den vert med eller uten vestlandsbunaden:-)

Er litt godt å sitte her under pleddet mitt og vite at dagen er heilt uten planer:-)

Ha ein super søndag

4 kommentarer

Siste innlegg