Kattejammer og galne kjerringa

Er ikkje pent å banne ,men må sei at det var ikkje berre pene ting som kom ut or munnen til denne gamle og tildels galne kjerringa i femtida på morningen

Slit med nattesøvnen etter seinvakter…og Ingolf som hadde vore inne mens eg var på jobb. Han gjekk ut
Og kom ikkje inn selvfølgeleg.
Vart ropt på, men katt er katt…

Hadde nett sovna då spetakkelet starta. For eit liv
Gamla vakna med eit brak og ut or senga
Reiv opp altandøra og ropte på Ingolfen

Det eg ser og høyrer er to store lodne katter på full fart nedover.
Kven som er kven ser jo ikkje eg
Fram med lommelykt og kraftig stemme

Har nok vekt naboane på hi sida av fjorden og i same slengen

Men,tilslutt kom Ingolfen inn.Sur som ei potte.Såg rett forbi meg. Åt litt tørrfor og la seg..Her passer han på hus og heim,og dette er takka
For eit hespetre, tenkte nok han..Han har nok rett. Den sida har eg og.

Vart lite søvn på meg ,og med adrenalinet på topp var det berre å stå opp.
Så her sit eg..Trøtt som ein spa og drikkk kaffi
Snart jobb….
Ute bles og regnar det og står litt i stil til mitt humør…
Skal bli ein dag.

Eg og Ingolf har roa oss ned.
Men,uten søvn er eg ikkje den enklaste

Nyheitsbilde er det same triste som før
Verda er utrygg
Ha ein super tirsdag:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg