På jakt etter kondisen

No er veslesysta reist,og her rundt i kommunen er ingen stolpejakt.Aleine med kun kart er eg hjelpelaus.
Redd Røde kors hadde fått nokre leiteoppdrag..
Så no er det 10-tur Hyllestad eg har planer om å fullføre..
Kondis..fins ikkje

Men eg starta i godlage
Akse.

Var vorten ganske så flott sti til dagsturhytta.
Applaus..

Nydelig med dagsturhytta.
Her til var det berre kos,

Berre tanken fekk meg kvalm.ærlig talt..
Nydelig natur,fin sti,vakker utsikt ,.men kos var det langt ifrå.Helseslit
Var utsliten då eg kom opp.
Med tida kan vere eg vil syns slike turer er stas..

Rare greier..
Når ein endeleg når målet og kan nyte utsikt og få i seg næring ,kor humøret snur.
No var alt berre kos.

Om eg nokonsinne finn kondisen..
Sei frå visst de har sett han.

Uffameg….

Godmorgen Norge her sit no eg
Drikk litt kaffi og tenkjer på deg
Må innrømme at eg er utruleg trøtt
syns det å stå opp tidleg er berre sprøtt

Men ute gryr dagen og eg må snart reise
for må nok på jobb sjølv om eg syns det er heise
Ikkje jobben,men det å stå opp
Før eg føler eg har fått sove rimeleg nok

Men veret er bra,og formen går an
Brann vann cupen,så alt går an
Var kjekt at endeleg gullet kom hem
Viktig at sola og smiler til dem

ha ein super søndag

Vi går og går

Holmedal og stolpejakt.
Det var då eg skikkeleg følte på dårleg kondis og gangsperr frå dagen før.

Det var bratt og fjellgeita til ei lillesøster tok stigningar og berga som kom i full fres og forsvann utav syne.
Gamla hang etter som eit slips og måtte puste ut og nyte utsikten stadig vekk.
Her vart det lite med bilder og eg fann ikkje heilt godfølelsen.Er sikkert flott oppover😁

Første delen var tung.siste våt, og eg veit ikkje..
Trur kanskje vi valde feil løype eller helst…ein må vere lokalkjend for å skjønne korleis ein skal unngå å verte frustrert.
Trudde blått betydde forholdsvis greit og langs stien eg..

Jaja..No har eg vore her.
Vått frå oven og nedanfrå.

Skulle avslutte med middag i Dale.
Venta 1 time på maten.
Den kjendes og ut som den hadde venta og bada i salt.
So no har eg vore der og..
Hyggeleg ung jente..
Ho skal få skryt..Ikkje min beste dag altso

Her må det gåast meir for å få opp kondisen og sjølvfølelsen.

Men ikkje idag.
Jobbehelg😁
Må berre få liv i musklaturen først.
Fortsatt grått og trist ver..
Håper vi ser sola att snart.
God lørdag

Askvoll har og stolper❤️

Idag tok søstrene snuse ferja over fjorden til Askvoll
Stolpejakt og butikkkikking.
Vi fann både klær og vin.

Fint i Askoll men veret var både grått og vått.



Stolpejakta var ein fin måte å sjå Askvoll på.


Litt historie skader ikkje


Kort og fin tur,noko neste stopp ikkje var😁
Forsettelse følger…

Stolpejakt på Straumsneset

Kan altså anbefalast
Nydelig bygd i Fjaler kommune
Rett og slett imponert over plassen,naturen og dei fantastiske turstiane.
For eit arbeid og dugnadsinnsats
Litt sliten type

Var litt heldige for traff tre lokalkjende som kunne bekrefte og forklare ruta.
Gjorde alt så mykje greiare.
Flott natur og i tillegg flotte folk.
Og veslesysta.
Var ho som kunne kart og har retningssans.
Redd forklaringane hadde hjelpt meg heller minimalt.
.Men navna dei sa og forklaringane fekk eg med meg altso.


Vi fekk nye venner av den meir innpåslitne typen.
Etter 10 kilometer og fleire timar på tur var vi imål.
Eg er ikkje så sprek.
Men super tur som eg anbefaler på det varmaste.
I kjekt selskap går tida fort.

Brrrr…

Må innrømme eg syns det er litt småkaldt
Hadde gjordt seg med eitpar grader meir 18 mai
Men det er no mi meining,og den gje naturen igrunnen blanke i
Den styrer seg sjølv

Har fri idag ,men ser litt sånn smågrått ut,iallefall frestar ikkje til uteaktivitetar
Sjølv om eg igrunnen hadde tenkt eg skulle verte flinkare med fjellturar..
Men,altso..Litt kan jo veret samarbeide,syns eg

Fullt opp av stillehavsøster langs dei norske strendene.
Kan true badelivet..Her må nok alle bade med sko,ser det ut til.Sånn for sikkerheits skuld.
Stadig nye artar som kjem

Tida går så fort,syns eg.Snart sommar og har fortsatt følelsen av at våren liksom er om hjørnet
Kan vere temperaturane
Håper vi får ein litt varm og god sommar iår.
Eller mulig vi er på veg til den nye istida

Uansett er det godt med ein morning med pysj og kaffi.
Men,må vel kanskje kle meg idag og

Ha ein super kristihimmelfart:-)

Gratulerer med dagen

17 mai er på hell og eg har hamna i godstolen.
Varma meg pizza for kjende at det var det eg hadde lyst på.

Hatt ein triveleg dag må eg sei.
Starta på omsorgsenteret med kaffi,sosialt samver for så å få med meg kor og tale.

Meir sosialt samver og sneik meg litt betasuppe til lunch.
Kjempegod.
Rett i Skifjorden for å vere litt til nytte
Der var det rømmegraut og kaker..

Mat må ein ha.
Avslutta med luftetur i solskinn.
Berre velstand.
Har rett og slett kosa meg eg.

Mykje slåsting rundtom i landet seier dei på nyheitene..
Det har ikkje eg.
Iallefall ikkje endå.
Glad vi lever i eit land der vi kan feire nationaldagen i fred.

Dagens dikt


Jammen bra at det er ein dag til feiring
Her har eg nemlig sofabeleiring
Ikkje den store formen på gamla
Skulle tru at eg hadde or senga ramla.

Føler meg berre frostig og trøtt.
Kunne igrunnen ha sove støtt
Men eg ligg no her på sofaen og fundera
Om livet generellt og litt om verda


Har selskap idag for det regnar ute
Då ligg Ingolfen helst å søv på si pute
Sånn våte pels kan ein berre gløyme
Då ligg han heller på sofaen og drøyme

Null bøy

Skal sei kroppen min har fått det på seg .
Her er det stivt det som kan stivne..
Resten heng som vanleg.
Gjorde vel formykje igår antageleg.
Men,det går seg vel til.

Ute regner det så passer ypperlig med ein ta det med ro dag.
Møte kl.14,så litt må eg ta meg til.

Syns desse er fine.
Var komne på veggen i grendahuset vårt.
Imponert over dugnadsinnsatsen.
Men,uten den fungerer lite i bygdesamfunna rundt om.

Blir imponert over kor mange timar i frivillig ulønna arbeid som vert lagt ned i samfunna rundtom.
Nokre er jo berre heilt rå.

Eg er vaksen opp med at dugnadsarbeid er noko ein gjer.
Kor lite eller .mykje eller kva det er jo eit helsespørsmål.

Sosialt er det og,og ein fin måte å bli kjent med andre på.
Eg er ingen bakar,så vaskar heller opp.
Eller eg kjøper kake.
Har og skjedd.
Skal ikkje verte ein konkuranse.

Gjesp..
Det er ein slik dag idag.
Ser meg rundt og tenkjer at mulig innsatsen idag bør vere heime.
Trengst støvsugast.
Må berre finne arbeidslysta.

Ha ein super dag

Berre kos

Godt med slike dager altso
Sove lenge,dulle på med ingenting og kun gjere det ein har lyst til.
Må innrømme..slo plenen sjølv om det er søndag.
Rakk det ikkje igår.

Tulipanane mine er slett ikkje verst.

Godt fornøgd eg altso.
Ikkje storforlangande.lunch ute


Fekk eit strøk til.
Rakk eg heller ikkje igår
Kosa med ute i sola
Godt å ha slike dager.

Snart middag.
Er rett og slett svolten