Gratulerer med dagen

17 mai er på hell og eg har hamna i godstolen.
Varma meg pizza for kjende at det var det eg hadde lyst på.

Hatt ein triveleg dag må eg sei.
Starta på omsorgsenteret med kaffi,sosialt samver for så å få med meg kor og tale.

Meir sosialt samver og sneik meg litt betasuppe til lunch.
Kjempegod.
Rett i Skifjorden for å vere litt til nytte
Der var det rømmegraut og kaker..

Mat må ein ha.
Avslutta med luftetur i solskinn.
Berre velstand.
Har rett og slett kosa meg eg.

Mykje slåsting rundtom i landet seier dei på nyheitene..
Det har ikkje eg.
Iallefall ikkje endå.
Glad vi lever i eit land der vi kan feire nationaldagen i fred.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg