Null bøy

Skal sei kroppen min har fått det på seg .
Her er det stivt det som kan stivne..
Resten heng som vanleg.
Gjorde vel formykje igår antageleg.
Men,det går seg vel til.

Ute regner det så passer ypperlig med ein ta det med ro dag.
Møte kl.14,så litt må eg ta meg til.

Syns desse er fine.
Var komne på veggen i grendahuset vårt.
Imponert over dugnadsinnsatsen.
Men,uten den fungerer lite i bygdesamfunna rundt om.

Blir imponert over kor mange timar i frivillig ulønna arbeid som vert lagt ned i samfunna rundtom.
Nokre er jo berre heilt rå.

Eg er vaksen opp med at dugnadsarbeid er noko ein gjer.
Kor lite eller .mykje eller kva det er jo eit helsespørsmål.

Sosialt er det og,og ein fin måte å bli kjent med andre på.
Eg er ingen bakar,så vaskar heller opp.
Eller eg kjøper kake.
Har og skjedd.
Skal ikkje verte ein konkuranse.

Gjesp..
Det er ein slik dag idag.
Ser meg rundt og tenkjer at mulig innsatsen idag bør vere heime.
Trengst støvsugast.
Må berre finne arbeidslysta.

Ha ein super dag

1 kommentar
    1. Det merkes på kroppen når hagesesongen er i gang. Da står man gjerne i vonde stillinger og det kjennes etterpå.😨
      Det har heldigvis vært stor dugnadsånd blant befolkningen opp gjennom årene.👌🏻
      Det har blitt skapt mye på den måten.🤩

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg