Natt:-)

Ute er det mørkt og natta har så vidt starta
Får ikkje sove etter seinvakt
Heilt normalt ,og har fri imorra så greit nok
Ialle tilfelle så er det meldt regn og ruskever og eg har tenkt å ha ein kose meg inne dag:-)

Ingolf derimot fekk behov for ein luftetur ut.Var opplett då eg kom heim.
Mat vart servert og ut gjekk han
Kortid han kjem heim,det sa han ingenting om
Dukker vel opp når det regner som mest:-)

Lørdag starta underhaldningshausten at på tv
Litt greit å sleppe å sjå på berre repriser..
Kan verte lei av det og
Er ikkje så billig med den tven.Litt kan ein kanskje forlange å få for prisen ein betaler
Skal vi danse og Stjernekamp.Eg får med meg det meste,om i reprise

Glad i jobben min,men må innrømme..
Skal verte veldig godt med ein fridag..Snart tid for å pusse tenner og få på pysjen

Ha ein god natt:-)
mandag og nye muligheiter:-)

Lokalvalg

Det kjekkaste med å stå på stand er felleskapet, dei gode samtalane og diskusjonane

Kjekke partikollega.

Men og kjekke politiske motstandara
Dei gode samtalane som kjem når folk kjem bortom og vi alle saman lufter våre tankar og meiningar om kommunen og verden ellers.Likheiter og ulikheiter kjem fram
Kom Høgre og idet eg gjekk og måtte på jobb, men er det same der.
Var ganske så kaldt og surt å stå der på slutten,så valgkamp er ingen kjære mor:-)

Vi har ulikheiter men alle vil vi jo det beste for innbyggjarane og fellesskapet..
På kvar vår måte.
Kven folk stemmer på er opp til dei.Men gå og stem
Ender vel ofte med kven dei ynskjer som ordførar..
Mange flinke politikara i politikken.
Nokre er stille,andre tek plass,men saman fungerer det.Uansett parti

Alltid noko som kan bli bedre.
Ting kan og bli verre
Noko kan vi styre
Andre ting må vi ta når det kjem.

Idag har gamla sove lenge,er sliten
Glad for fri imorra
Men til eg skal på seinvakt skal eg gjere null og niks..Ilag med Ingolfen.Det regner ute:-)

God søndag frå meg og Ingolfen

I September

Idag startar hjortejakta
Då kan eg med god samvittigheit la vere å gå på fjellet
Iallefall dei første vekene
Ei tid då refleksvest er standarantrekk for fjellturar her i skogens land:-)

Best å vere på den sikre sida og ikkje verte upopulær iallefall første vekene

Morgonstemning her hos gamlemor,som selvfølgeleg ikkje fekk sove lenge idag heller
Ingen sin feil.Berre kroppen min som ikkje alltid er så grei å ha med å gjere.Vi vert ikkje heilt einige om dagsplanen

Burde støvsuge i det minste,ser eg
Hjelpe og trøste
Men vi får sjå kva eg gidd før jobb
Prioriterer stipa mi etter vegen:-)
Høsten er ei fin tid,med varme flotte fargar,men likar ikkje mørke kveldar.
Ikkje rare potethøsten hos meg iår heller.Men litt poteter fekk eg,så må skjerpe meg til neste år
Gartnargena mine er nermast null.
Ingen plommer heller.Kanskje treea ikkje får den næringa dei skal ha.
Lever nok på fattigdomsgrensa dei og

I desse tider er det mange som slit med å klare seg og få pengane til å gå rundt
Frukt er jo kjempedyrt
Mat generellt er til tider reine luksusen
Kostnadsnivået er tildels skyhøgt
Kvifor alt vert dyrt er vanskelig å sei og har mange samanfallande årsaker
Likar mindre at dei store kjedane styrer kva type epler og frukt vi skal kjøpe i butikkane og kva produsentane får lov å levere
Litt skremmande

Men,mange tankar som flyg rundt tidleg ein morning
Treng litt meir kaffi før kroppen klarer å komme i sving

God helg