I September

Idag startar hjortejakta
Då kan eg med god samvittigheit la vere å gå på fjellet
Iallefall dei første vekene
Ei tid då refleksvest er standarantrekk for fjellturar her i skogens land:-)

Best å vere på den sikre sida og ikkje verte upopulær iallefall første vekene

Morgonstemning her hos gamlemor,som selvfølgeleg ikkje fekk sove lenge idag heller
Ingen sin feil.Berre kroppen min som ikkje alltid er så grei å ha med å gjere.Vi vert ikkje heilt einige om dagsplanen

Burde støvsuge i det minste,ser eg
Hjelpe og trøste
Men vi får sjå kva eg gidd før jobb
Prioriterer stipa mi etter vegen:-)
Høsten er ei fin tid,med varme flotte fargar,men likar ikkje mørke kveldar.
Ikkje rare potethøsten hos meg iår heller.Men litt poteter fekk eg,så må skjerpe meg til neste år
Gartnargena mine er nermast null.
Ingen plommer heller.Kanskje treea ikkje får den næringa dei skal ha.
Lever nok på fattigdomsgrensa dei og

I desse tider er det mange som slit med å klare seg og få pengane til å gå rundt
Frukt er jo kjempedyrt
Mat generellt er til tider reine luksusen
Kostnadsnivået er tildels skyhøgt
Kvifor alt vert dyrt er vanskelig å sei og har mange samanfallande årsaker
Likar mindre at dei store kjedane styrer kva type epler og frukt vi skal kjøpe i butikkane og kva produsentane får lov å levere
Litt skremmande

Men,mange tankar som flyg rundt tidleg ein morning
Treng litt meir kaffi før kroppen klarer å komme i sving

God helg

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg