Sol❤️

Sola skin og kjenner smilet komme fram.
Jadå..er skyer,men sol er sol

Men kjende på runda mi i går i vinden at iemperaturen går ned.
Hadde trengt panneband.

Halsen min er ikkje heilt i lodd.
Som resten av dama
Tek si tid,merkar eg
Snart ta på meg jakke og rusle på tur

Ser på godmorgennorge og får lyst på kolrabi.
Syns det er godt.
Men,langt til butikken så blir ikkje idag.
No er eg mindre glad i vennskapet mellom Putin og Kim Jong-un
Tøffe tider

Ha ein flott onsdag

Haust

Regn som plasker mot rute
Det er mørkt og stormfullt ute
Mørket kjem tidlegare enn eg helst vil ha
Kjenner at for psyken så er det ikkje bra

Sopp,hjort,poteter og plommer
Er visst ikkje måte på kva som frå naturen flommer
Hos meg er det tomt,men dei har å få kjøpt
Visst ein då ikkje grunna regnet havna i ei grøft

Eg er trøtt og hovudet banker
Som regel er det stappfullt av forskjellige tanker
Halsen den truer meg med å gå tett
Kanskje fordi eg et vel mykje fett

Men høsten betyr at eg tuller meg inn
Og ser ut på mørket mens eg drikk kaffien min
No har vegane nesten forsvunne i regnet
Veit ikkje korleis eg skal tolke det tegnet

Endeleg er den der

Valgdagen
Har vore kjekt å vere med på valgkampen,men no er det kjempegodt at dagen endeleg er her og vi kan få lov å vere opptatt av andre ting.

Når dagen er omme så veit vi meir om kor pila peikar
Veret passer igrunnen bra.
Det høljer ned,så har ingenting anna som fresta
Håper folk stemmer .

Seint oppe og litt hås i halsen
Er vel noko som går,trur eg
Ute er kraftig vind og regn,så har ikkje planer om tur…
Orker ikkje
Det går ei grense,tenkjer eg, og den er ved dette veret

Må mobelisere litt energi og stulle litt heime
Er nok litt lat.
Her fyk ein ikkje gjennom huset med støvkosten for å sei det slik:-)
Burde nok gjordt det.
Godt vi er ulike der.
Har vurdert å kjøpe meg robotstøvsugar, men då må eg nok halde det litt ryddig og sette opp stoler ellers set den seg fast.
Så har til no tenkt det er berre meirarbeid
Og eg har godt av litt bevegelse:-)
Bilen treng service fekk eg melding om
Nok ei utgift,men må vel til
Så får ta ein telefon og finne time som passer i timeplanen
Ingolf bryr seg ikkje
Regnver skal benyttast til søvnseier han og eg er igrunnen einig

Ha ein fin valgdag:-)

Søndagsmorgen

Har pakka meg godt inn i teppet.Småfrys litt på morningen.Ute ligg skodda som eit teppe over naturen
Værskifte

Nyheitsmorgen på Nrk og tv2
Kaffi i koppen og Ingolf sovande ved føttene
Fin start på dagen

Litt greit å få med seg litt anna enn valg.
Partidebatter og terningskast
Beskyldningar ,valgløfter og spekulasjonar.Igrunnen vert ein usikker på om det er storting, eller kommunevalg
Mykje fokus på partitoppane og lite på lokalpolitikk i riksmedia
Men sånn er det jo.
Litt greit at valgkampen no er slutt og vi skal til urnene og stemme
Det syns eg er viktig
Uansett kva parti ein stemmer på
I lokalvalg er det og viktig å tenkje på mangfold og at det kan jo vere at dei som er frå den andre sida av kommunen faktisk og kan gjere ein god jobb
Passe på at partilister ikkje vert nytta som reine bygdelister
Ikkje forbudt, men heller ikkje lurt visst ein tenkjer på truverdigheita til partia.
Det gjeld alle parti

Gjer ein det straffer det seg ved neste valg
Men mange dyktige lokalpolitikara i kommunane rundom som gjer ein kjempejobb
Får jo skulda for det meste som går gale i ein kommune og ingen er feilfrie:-)

Ellers syns eg det er mange ulykker i fjellet og sjøen iår. Bekymrer meg
Er vi vorten meir uforsiktige eller er det andre grunner
Ulykker skjer jo alltid,så kan jo berre vere det at no får vi meir greie på det grunna media

Trur eg skal ha meg ein inne og kosemegdg
Hekle litt,sjå litt tv og ikkje gjere nokon verdens ting.
Sjå repriser på underhaldningsprogramma frå igårkveld.Då var det jobb

God søndag:-)

Natta sin herskar

Ein kan ikkje vere konge om natta og opplagd om dagen seier Ingolf

Fortjener nærheit og omsorg meiner han.

Vore nydelege temperaturar dei siste dagane
Hærlig og kjenner berre kor godt det gjer for psyken.
nydelig kveldstur igår.
Litt meir skya idag men flott temperatur.
Berre å nyte for vipps er det vekke.

God helg

litt av kvart

Relaiteten er at vinteren nermar seg tenkte eg igår på solskinnsturen min.

Der kom det ein kar køyrande og sette opp snøstikker

Blikket mitt gjekk automatisk opp i lufta for å sjekke om kulden kunne komme snikande:-)
Godt kva som er gjordt,men i likheit med grågåsa som reiste tidleg,ga det meg ein litt uggen følelse av tidleg vinter

Men,slike sommerhøstdaga som i går må nytast:-)
Var innom grava til pappa

Blomstrer fortsatt der så berre satte litt lyng på sidene.
Får fikse litt bedre ein annana gang:-)

Nytte sola i den flotte hagen ved omsorgsboligane.
Den er rett og slett flott,syns eg.
Kjekt å sitte der å berre kose seg litt før jobb i godt selskap.

Idag er det skya og grått og tilbake til normalen
Gamla har sove lenge og kjenner at det gjorde berre godt
Sitte her og drikke kaffi og fundere over livet
Heilt stille på fjorden og myggver:-)

Gleder meg til frihelg:-)
Håper på fint ver
Må rydde både inne og ute:-)
Fortsatt ikkje skjekka om det er ei eller fleire poteter i nokre kasser

Tatt opp nokre små avlange kvite.
Koker sunde før ein har fått dei i vatn.
Sette nokre gamle poteter eg hadde i ein pose så er nok dei.Kanskje mandelpotet?Eg aner ikkje.
Ikkje mange ,men potet er potet

Berre eg skjønner korleis eg skal behandle dei:-)
Snart rusle meg ein tur ,kanskje
Ser ut som regndråpane venter på å få sleppe seg ned

Ha ein super dag

Tek litt tid

Er ikkje nett så lettstarta denne kroppen min
Den knirker,knarker og protesterer på det meste
Men,det er den eg har så vi får prøve å komme overeins
Hovudet vil litt meir enn resten ,somregel

Nydelig ute.
Ingolf er nett kommen inn og gått til ro
Nattkatt:-)
Igrunnen godt fornøgd med at eg fortsat sit i stolen så han kan krølle seg ned attmed beina mine

Valget preger nyheitsbildet
Dvs,blir av og til litt usikker på om det gjeld kommunevalg og fylke ,for dreier seg mest om dei på toppen
Men,kven som blir ordfører kor er jo alltid litt opent ,syns eg
Sånn er det vel i dei fleste kommunar

Alle har positive og negative sider.Sånn er det berre

Har ein plan for å sjekke om det fins poteter oppi kassane mine i det heile.
Til no har det ikkje vore det store.
Men,er jo sorten.Berre at det er veldig få:-)
Liksom ingenting som trivast hos meg iår,så må nok legge inn eit ekstra gir neste år
Magre tider,antageleg. Eller lite omsorg. Nok begge deler
Hagedjevelen og ugras veks som berre det.Null problem

No er det hjortejakt og høyrde skot i gårkveld.
Antar det kom frå den andre sida av fjorden.
Mat må ein ha:-)
Dei er no heldige med veret,iallefall

No må eg få i meg restane av kaffien og henge opp litt klær.
Har planlagt det ei stund:-)

Ha ein super dag

Kjøpepress

Vi er inne i ei tid der dei aller fleste har fått trangare økonomi
Ein må vurdere kva ein bruker pengar på og veldig mange har ikkje råd til ekstrautgifter over 10000

Då tenkjer ein at kanskje då dei dyre trendane blandt ungdommen og tenåringane våre slår om til meir gjenbruk ..
Tiktok og dei sosiale mediane har stor innvirkning
Og når influensarane som er in går for rådyre sko og merkeklær…Ja då er det det ein skal ha
Stakkar foreldre tenkjer eg mens eg les i avisene..
Alderen på kjøparane går ned
Ikkje enkelt å vere ung idag og ikkje foreldre heller

Ser jo at meir gjenbruk og er i vinden,men kanskje mest blandt dei som er eldre.
Vil vi ha det sånn…
Skaper berre utenforskap
Sjølv om ein seier at …vi vil gjerne ha desse merka, men vi tenkjer ikkje på om vennene har det ,så er det ikkje slik
Kanskje derfor vi stadig ser meir av stjeling av ting og tang blandt unge i butikkane..

Ikkje enkelt å vere ung idag
Skremmande syns eg.
Mykje er bra og bedre, men ikkje alt.

Funderingar ei morgenstund i regnveret frå ei bekymra bestemor:-)