Tek litt tid

Er ikkje nett så lettstarta denne kroppen min
Den knirker,knarker og protesterer på det meste
Men,det er den eg har så vi får prøve å komme overeins
Hovudet vil litt meir enn resten ,somregel

Nydelig ute.
Ingolf er nett kommen inn og gått til ro
Nattkatt:-)
Igrunnen godt fornøgd med at eg fortsat sit i stolen så han kan krølle seg ned attmed beina mine

Valget preger nyheitsbildet
Dvs,blir av og til litt usikker på om det gjeld kommunevalg og fylke ,for dreier seg mest om dei på toppen
Men,kven som blir ordfører kor er jo alltid litt opent ,syns eg
Sånn er det vel i dei fleste kommunar

Alle har positive og negative sider.Sånn er det berre

Har ein plan for å sjekke om det fins poteter oppi kassane mine i det heile.
Til no har det ikkje vore det store.
Men,er jo sorten.Berre at det er veldig få:-)
Liksom ingenting som trivast hos meg iår,så må nok legge inn eit ekstra gir neste år
Magre tider,antageleg. Eller lite omsorg. Nok begge deler
Hagedjevelen og ugras veks som berre det.Null problem

No er det hjortejakt og høyrde skot i gårkveld.
Antar det kom frå den andre sida av fjorden.
Mat må ein ha:-)
Dei er no heldige med veret,iallefall

No må eg få i meg restane av kaffien og henge opp litt klær.
Har planlagt det ei stund:-)

Ha ein super dag

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg