Søndagsmorgen

Har pakka meg godt inn i teppet.Småfrys litt på morningen.Ute ligg skodda som eit teppe over naturen
Værskifte

Nyheitsmorgen på Nrk og tv2
Kaffi i koppen og Ingolf sovande ved føttene
Fin start på dagen

Litt greit å få med seg litt anna enn valg.
Partidebatter og terningskast
Beskyldningar ,valgløfter og spekulasjonar.Igrunnen vert ein usikker på om det er storting, eller kommunevalg
Mykje fokus på partitoppane og lite på lokalpolitikk i riksmedia
Men sånn er det jo.
Litt greit at valgkampen no er slutt og vi skal til urnene og stemme
Det syns eg er viktig
Uansett kva parti ein stemmer på
I lokalvalg er det og viktig å tenkje på mangfold og at det kan jo vere at dei som er frå den andre sida av kommunen faktisk og kan gjere ein god jobb
Passe på at partilister ikkje vert nytta som reine bygdelister
Ikkje forbudt, men heller ikkje lurt visst ein tenkjer på truverdigheita til partia.
Det gjeld alle parti

Gjer ein det straffer det seg ved neste valg
Men mange dyktige lokalpolitikara i kommunane rundom som gjer ein kjempejobb
Får jo skulda for det meste som går gale i ein kommune og ingen er feilfrie:-)

Ellers syns eg det er mange ulykker i fjellet og sjøen iår. Bekymrer meg
Er vi vorten meir uforsiktige eller er det andre grunner
Ulykker skjer jo alltid,så kan jo berre vere det at no får vi meir greie på det grunna media

Trur eg skal ha meg ein inne og kosemegdg
Hekle litt,sjå litt tv og ikkje gjere nokon verdens ting.
Sjå repriser på underhaldningsprogramma frå igårkveld.Då var det jobb

God søndag:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg