Ikkje alt ein skal skjønne her i verda

Kommunikasjon kan vere så mangt og av og til så er det vanskeleg å vite kva folk egentleg vil fram til
Sikkert ikkje enkelt å skjønne meg heller ,men sånn er det no
Kommunikasjon er ikkje enkelt
Om ein skal snakke rundt grauten og la andre tolke ,eller sei ting slik det er
Ikkje enkelt dette her

Gjeld i politikken og ellers i livet
Igrunnen så er det enklast å halde seg for seg sjølv og ikkje snakke med nokon:-)
Ingolf bryr seg lite om kva eg seier så lenge han får mat og omsorg:-)

Nydeleg varmt og godt fortida.Fantastiske temperaturer sånn i oktober
Søndag er det tv aksjon og til ei viktig sak
Sjølv skal eg på haustfest i 4h der barnebarna er:-)
Fri heldigvis:-)Ikkje alltid det har passa slik
Gleder meg eg
Gjeld å nyte dei små øyeblikka

Berre slapper av og later meg .Hekler litt innimellom
Slapp i viljen:-)
Tidleg mørkt no så viktig å ha noko å putle på med:-)
Godt lys og har eg merka meg:-)
Det er denne alderen og dårleg syn:-)
Kompani lauritsen tropp 3
For ein fantastisk gjeng:-)Greit med litt anna enn kjendisar og
Gleder meg litt til Forreder og eg
Likar slike program som går på medmenneskelege samspel og kva ting gjer med relasjoner:-)
Så her sit eg og Ingolfen i sofaen klar for ein fredeleg fredagskveld:-)

Dyrt med kollektivt

Iallefall med ekspressbåten
Tusenlappen tur retur Bergen frå Rysjedalsvika er ganske mykje tenkjer eg
Iallefall visst ein er fleire i familien
Alternativet var buss frå Lavik
Valde det første idag Lite søvn inatt så litt greit å halvsove på båten

Dattera har bursdag så var ein sånn rask bursdagsvisitt:-)
Kjøpte meg kun hårstrikk og maskara:-)
Trefte svigerdatter og barnebarn og, så kjekt
Heller ta ein overnattingstur ein annan gang,når eg er opplagd
Kaldt ikveld syns eg
Så her er eg godt innpakka i pledd mens eg ser 71grader nord
Bilder tok eg ikkje .Var ikkje det fokuset idag:-)Men Bergen er der no seinare og.Menfokuset idag var berre å rusle litt rundt,slappe av og vere sosial:-)

Litt for surt til å sitte iro.Kaldt i Bergen sjølv om sola skein:-)
Trur det skal verte tidleg seng idag:-)Tek på gamle damer:-)

Turmåla iår er nådd med eit nødskrik

Av og til er det litt greit å ha mål slik at ein kjem seg ut døra
Det er ofte det verste det
Å klare forsere denne dørstokken.Av og til verker den veldig høg
For meg er frisk luft godt for kroppen og sjela
Letter på trykket:-)

Kjekt at alle som fullfører ti.turen får premie:-)Godt fornøgd eg:-)
Litt av turopplevelsane og dei var både gode og vonde for å sei det slik
Og eg klarde alle stolpane til Grendalaget i Leirvik:-)Var ein kamp i seg sjølv.Og som ellers
Det gjeld å ha dei rette vennene:-)Så takk til hjelparane både her og der
Retningsansen min er under 0,så er litt avhengig av hjelp
Men sånne småturer syns eg det er heilt flott å gå aleine:-)
Men no er kondisen laber for å sei det pent
Må antageleg ta å trene meg litt opp til neste år ellers er eg redd eg må ha litt lavare mål:-)

No er det hjortejakt,det er veldig vått i marka,det vert tidleg mørkt og eg har veldig mange unnskyldningar for å kun rusle meg ein liten tur etter vegen:-)

Søndagssysler

Ikkje vore utom døra idag
Litt småsnufs og grått og trist ute
Berits glutenfrie knekkebrød
Kjekt med internett og oppskrifter:-)
Laga dei før. Syns dei er gode
No står dei og godgjer seg i ovnen
Kva har eg gjordt
Ete solskinnsboller og drukke kaffi og vore totalt usunn som vanleg
Berre sit her i stolen og hekler litt innimellom og ser på bilde frå tidlegare iår.
Må nok trene litt meir skal eg orke å gå oppatt på Gygrekjeften:-)Gleder meg til vi får sjå deltagarane i 71 grader nord der no i oktober..På skjermen altso:-)Reknar ikkje med at nokon orker få meg oppatt dit visst eg ikkje legg meg i selen.Men håper på litt mindre slitsomme turar

No er visst det store spørsmålet kor det går i landslagskamper mot Østerrike ikveld
Ikkje så direkte mi greie
Må nok lufte meg idag og men ikkje akkurat no❤️Først må knekkebrøda verte stekte og så får eg vurdere om eg gidd

God søndag:-)

Sånn går no dagane

Rett og slett verre surt og kaldt.

Rusla meg èin tur før i dag men i vind og regn frester det ikkje til gjentagelse
Lat er eg og ,gidd ikkje det store
Har ete stekte raspeballer til det formeleg tyt ut øyrene
Men ikkje verst her i godstolen
Angra på bredda på løperen for tek tid.Var igrunnen ei spisebrikke som eg forlenga,men burde snudd litt på mønsteret.Men gjordt er gjordt og vert nok ferdig èin gang.Etterpåklokskap er lite hjelp i.God lørdagskveld:-)

Lenge sidan sist:-)

Har ikkje hatt bloggånden på ei stund
Skrivelysta vart nesten vekke med eit pennestrøk
Har nok med overskuddet mitt generelt, men livet går litt opp og ned

Hatt meg ein augeoperasjon som eg trudde skulle bli sånn enkel og grei og smertefri
Det vart den ikkje verken under eller etter.
Men no håper eg trykket på auget vert bra og gamla er snart heilt fin att:-)

Vel viser sola seg sånn svakt på himmelen idag men er skikkeleg surt og kaldt ute
Høsten på sitt suraste og er så ein nesten kjenner kulden av vinteren

Då er det godt å tenke tilbake på dei få fine haustdagane

Fredsprisen er utdelt og krigane herjer rundt oss
Er urovekkande
Verden er i stor endring
Problema mine er ubetydelege i den samanheng
Fått god tid å sjå på Farmen,Fjellhytta og 71 grader nord no eg har vore sjukemeld.Noko skal ein jo gjere
Såg Vettskremd på nettet igår.
Om ikkje anna fekk eg no le litt
Den menneskelege psyken er så forskjellig og slett ikkje alle som stiller seg sjølv i eit bra lys:-)
Koser meg med desse programma eg
Ellers så har Ingolfen og eg for det meste helde oss i sofaen:-)
Ha ein super dag