Godmorgen:-)

Veret er flott ute det,men temperaturen er heller laber
Ikkje for det
Er ikkje uvanleg i mai,men tosifra temperaturar er å foretrekke

Ryggen er i det minste bedre
Sola skin
Fuglane syng
Snart 17 mai
Gauken høyrde eg 2 mai iår
Tidleg
Då kunne ein sette seg på marka sa dei før
No er det så kaldt at det frestar iallefall ikkje .Men reknar med at det endrar seg litt etter litt
Ferdig med gensaren eg strikka på og funne fram ein ufo eg hadde liggande
Litt overgang å gå frå tjukt til tynnt garn
No har eg litt pause,for mønster er ikkje mi sterke side. Når det i tillegg skal teljast ut frå her og der går det ei kule varmt
No ligg det på pause
Igjenn
Fritt ord prisen er utdelt til ei tøff dame Hilde Waage
Er tøfft å vere skeptisk til det andre trur på og grave i etablerte sannheiter Gratulerer:-)


Vorte lite tur og trim på meg i det siste
Ingen stolpejakt eller turer anna enn utafor stovedøra
Håper det kjem ei tid for det og
Av og til er det slik
Ikkje alt går etter det ein sjølv har tenkt eller gjerne vil gjere
Må berre innfinne seg med at slik er det av og til

Snart lage meg litt frukost kanskje
Sit her godt innpakka under pleddet mitt med kaffikoppen
Litt godt med ein roleg start på dagen
Seinvakt

Ha ein super tirsdag:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg