God morgen:-)

Fredag og ute er det regn og ein grå dag
Men det er mildt og vår i lufta
Sit no hher med kaffikoppen min og funderer over livet

Prøver å forberede meg sjølv på å verte pensjonist
Blir nok ein overgang
Må legge om vanane når inntekta vert mindre:-)

I verden rundt oss herjer krig overalt
Stormaktene rasler med sabler og gjer verden veldig utrygg
Går vel først opp for oss kor gale det er når det rammer oss sjølv

Plutseleg er der krig der ein er på ferie
Ein kjem seg ikkje heim
Er ein av risikoane i denne utrygge verda vi lever i
Vi merkar det vi andre og
Bensinen vert dyrare
Mat vert dyrare og mangel på enkelte ting vil nok komme
Medisinmangel er vel mest skremmande

Men vi kan jo krysse fingrane på at uroa ikkje når oss

Her får det berre i rettsaker av ein eller annan grad
Skandaler og visa versa
Ikkje berre berre å vere ein offentleg person

Det er då ein er glad ein berre er ei grå mus

Her skal eg berre ta verda med ro i helga kjenner eg
Veret ser ut som det blir som idag
Innever

God fredag:-)

Dugnadstid

KVA er bygdenorge uten flinke dugnadsfolk
Ingenting
Er vel slik i bygd og by
No går her i stolpejakt
Løypene opnar 1 april
Vi har gått opp løyper og samla koordinat
Det må merkast og ryddes
Stolpene må klargjerast og settast ut

Mange dugnadstimer og god trim
Viktig å sende ein varm tanke til dei som gjer jobben neste gang vi jakter stolpar

Starta jobben
Håper det tørker fort

Er jo slik med alle små og store turløyper
Går vi oss vill kjem frivillige frå Røde kors

Idretten og kulturen er full av flinke ildsjeler
Nokon er godt synlege men dei fleste jobbar på i det stille

Hurra for alle som yter for at andre skal få nyte💕🎶

Regn:-)

Tilbake til mildt og litt grått vestlandsver
Mars
Sit no her med kaffikoppen min eg
Ser på ein båt som tøffer innover fjorden
Tegn på at våren er kommen

Krig i midtøsten er ikkje det ein vil høyre om på morgonnyheitene
Bomber og folk på flukt
Ukraina kjem i skuggen
Kva skal ein igrunnen oppnå med alle desse krigane
Mange tap på begge sider

Skremmande
Skjønner ikkje alltid logikken og tankegangen

Planen er å lage knekkebrød idag.
Fort gjordt berre eg får fart på kroppen
Det er eit anna tema
Burde nok bake brød eller boller og
Er tomt
Viktig med god tid til planlegging

Ha ein super dag

Mars

Minusgrader om natta og nydelig sol om dagen
Tur ut og frisk luft gjer godt for det meste


Først litt tur langs vegen
Før eg kom på at skog og mark var tingen


Får ro av å rusle rundt i skogen
Merkar at no er det begynt å tine og er litt våtere
Men fortsatt is her og der
Kulden slepp nok taket eingong
Om ikkje i dag

God søndag