Sola skin

Våkna til solskinn og fuglesang
Her kan vi nok kose oss dagen lang
Ingolf kom nett inn frå nattevakta si
Svolten og trøtt og ikkje særlig blid

No er det no slik at eg søv av og til
Katten kan ikkje alltid få det som han vil
Er slutt på den tida då eg sat oppe og venta
på at tenåringane skulle ringe og verte henta

Drikk kaffi og funderer over livet generellt
Glad eg ikkje er på ferie i telt
For må innrømme det at før var berre kjekt
Gjev meg no vondt i ryggen og mageverk:-)

I år er det heimeferie på meg
Ikkje alltid ein treng reise sin veg
Håper berre at veret gjer at steinane ikkje er glatte
Då kan eg kanskje gå på fjellet atte

Er nemlig ikkje glad i våte og sleip sti
Er så veldig lett å komme på gli
Har ramla nok for å sei det på den måten
Trur kroppen min er begynnt å bli roten

Ha ein super onsdag

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg