Er igrunnen ganske så drittlei alle desse svindelforsøka for tida Syns det har auka Glad eg har varsel for enkelte nummer på telefonen,men det ringer,email,face,instagram Dei er overalt Når ein då i min alder for anselige mengder meldinger frå menn som slår om seg med beskrivelser over kor super eg er på alle måtar ,så skjønner til og med eg at her er det ugler i mosen Har sjølvinnsikt og spegel Men skjønner dei som går fem på Ikkje alltid så enkelt å føle seg åleine, og litt oppmerksomheit treng vi jo alle Men den bør vere frå ekte persomar og vere ærleg meint
Lite søvn på meg inatt.Ryggen er fortsatt på tverka og det er halsen og.Så intet nytt under solen Hadde tenkt å gå ein tur idag,men trur kanskje eg skal la det vere Kanskje ein liten berre hadde gjordt godt for ryggen,men blir iallefall ikkje endå:-) Men skal ein tur på grava.Det har eg forsømt,så på høg tid
Det beste med ferie er å kunne ta dagen som den kjem Berre sitte og nyte roa med kaffikoppen
Ligg litt dis eller rester av skodde over toppane Har eit teppe på fanget Overgang frå varmen,men det er dette kroppen min er vand med Sjøen er spegelblank Kjenner på kroppen at alderen tek tak:-) Dvs eg er ikkje sprek som mange på min alder.Vi er ulike der som ellers
Ingolf har inntatt stillaset og gamla har havna på sofaen Fekk beisa ett strøk men tolde nok ikkje dagens bad.Antar året siste Plutseleg sa ryggen klart frå at den tok ferie Så no ligg eg her Igrunnen ein grei plass Tatt tidleg helg kan ein sei Går nok over denne gangen og Treng Berre litt tid Halsen er sår og er noko der fortsatt.Ubehageleg Vi avventer😘 Feriemodus rundt meg på alle kanter Kjekt med litt meir folk i bygda Merkar det best når det er godvær og alle er ute No kjem styrtregnet så Berre å skalke lukene og passe på at det får renne vekk.Redde inn alt som ikkje skal ha vatn Då vert det innever nokre dagaKan no vere koseleg det og,men for dei som er på Utkantfestivalen så håper eg på at bygene går fort over og det blir så nokonlunde Får sjekke yr.no Her er det kaffi,sofa og innekos
Av og til går det litt fort i svingane og eg passer ikkje nok på Var å bada.Kaffi med.Hett og godt og tatt meg eit bad Sette meg nedatt på benken.Tok koppen og drakk I det samme eg skulle svelge så oppdaga eg at oj,her var noko stort som ikkje skulle ned Men litt for seint No veit eg ikkje om det var kveps eller klegg Iallefall så har eg no noko som er ganske så plagsamt i halsen Om det er stikk eller noko som sit fast Kven veit Eg gjekk rett heim og tok ein allergitablett og håper på at ubehaget og svelgeproblema går over av seg sjølv Visst ikkje så får eg oppsøke lege Men avventar Er jo ofte det ein får beskjed om uansett:-) Huks sjekk koppen før du drikk er mottoet:-)Brukar det normalt eg og
Ute har det regna, noko naturen og blomstene nok er veldig glade for Ser eg burde beisa eit tredje strøk ,men endå er det vått. Stilaset står no der så har inga hast sånn sett Bedre å beise når det ikkje er steike varmt
No er temperaturen tilbake til normalen og badesesongen min er nok over. Sånn sett kan eg nok legge vekk badetøyet Godt å sitte inne og vakne uten at ein skal nokon ting Krig overalt i verda og berre aukar på Berre å nyte freden så lenge vi har den Thailand har gått til krig mot Kambodsja Grensekonflikta som eskalerte Vi får håpe at det ender med dette Nok krig i verden
Får vente til det tørker litt opp ute og ta siste strøket av beisen, tenkjer eg Så er det berre halve balkongen att Det får vente til eg får flytta stilaset:-) Kos mmed ferie:-)Kjem tilbake på jobb kvitbeisa og fin
Litt usikker på kor det er mest beis Der det skal eller der det absolutt ikkje skal Tatt nokre strøk på meg og
Nyt dagen
No har eg hinta om stilas ganske lenge så igår kom eldstemann og barnebarn Har ikkje nok til heile sida så må ta det i fleire omganger No har det fått to strøk Får vere nok Eg har høydeskrekk så må jo halde med fast og. Beisen fyk og renn både her og der Ikkje mi greie men gjer så godt eg kan
Må tørke litt før stillaset må flyttast Og det gjer ikkje eg.Flytter stilaset altso.Tørke gjer eg heller ikkje i varmen Nydeleg dag Må snart kjøle meg ned i sjøen trur eg Kos dåke og carpe diem
Temperaturen er på normalen att og veret er overskya Litt rått i lufta men fjorden er speilblank Svartestille som ein sa før:-) Er ikkje meldt regn idag,men kven veit her er det berre stille oppvakning med ein rygg som er litt på tverke
Kaffi hjelper på det meste:-) Kva eg skal finne på idag veit eg ikkje Burde nok kanskje gått ein tur i marka etter gammalt Jammen lenge sida sist Tiltakslysta er litt på null,men har ferie så gjer ingenting om eg ikkje yter det minste idag
Har alltid noko eg kan finne på viss eg gidd Kjekt med sommar og trafikk på sjøen Ein høyrer ungar som ler og folk som snakker så høgt for å overdøyve motoren på båten at vi nok høyrer dei bedre på land enn det mottagaren gjer Syklistar frå mange land sykler forbi på desse smale vegane våre.Her går visst ei rute forbi Andre er berre på sykkeltrimtur og koster forbi:-) For ikkje å snakke om bubilane.Dei tek meir plass Trekkspelfestival har vi og hatt i denne vesle bygda.Privatarrangert.Liv og røre Det er sommar:-)Dei fekk iallefall eit fantastisk ver
No er varmen over og kanskje det er greit visst eg vil ha gjordt noko ,men dog ikkje med regn i 4 veker:-) Tek gjerne litt sol i ferien eg og:-)Treng ikkje 30 grader Men,veret er ikkje noko vi styrer med heldigvis Bur jo på vestlandet Ha ein fin tirsdag. Skal sjå kva eg gidd:-)
Må nyte desse siste flotte sommerdagene. Rakk nokre få eg og i ferien. Sjølv om sola ikkje skin så mykje idag.Nett starta så kan jo nyte fri sjølv om det er meldt vanleg vestlandssommer resten❤️ Ikkje så varmt i sjøen her med meg. Veit det er fleire grader varmare inni fjorden men gidd ikkje køyre Har bada eg tre dagar på rad,eller fire.Andre bader heile året:-)Eg har som mål å iallefall bade ein gang i året:-) Endeleg kom eg meg uti eg og.Tok si tid Måtte nesten kjøle meg ned Ikkje god i det våte element Ikkje født med gjeller eller sømjehud mellom terne:-) Her er vanvittig med klegg Trur eg blir sjåande ut som spedalsk Snart ikkje ein plass eg ikkje har stikk Kjem Berre smygande kleggen og slår til i stillhet.Strategisk krigar uten omsyn til motstander
Eg er like grønn som utemøblene og fin måte å nytte gamle handdukar i mangel på noko bedre Ser eg har gløymt litt her og der men no har eg lang pause Må jo slappe av litt.Har plan om å høgtrykkspyle ute etterpå..Om eg gjer det er ei anna sak
Veit ikkje om det er solreven som har tatt meg men sove har eg i dag. Skremmande mykje
Fekk slått plenen Slappa av med god bok Sovna selvfølgelig Regnet kom og sofaen vart neste sovestopp Ingolfen har slått føljetong Håper på meir energi i morra Ingen fare for at nokon tek arbeidet frå meg
Etter ei ganske så varm arbeidshelg har gamla endeleg fri Temperaturen har gått ned nokre hakk og skyene har samla seg på himmelen Igrunnen passe temperatur på meg Vorten litt småsnufs og halvsjuk av heile varmen eg
Men stille morning med kaffikoppen og berre nyte morningen er ikkje å forakte Skal berre tanke krefter kjenner eg
Men var godt med litt sommar.Ikkje for tidleg i midten av juli Berre å nyte så lenge det varer:-)
Så får det berre vere at det renn frå nasa og augene:-)
Må iallefall prøve å slå plenen.. Det får vere dagens mål Heldigvis ikkje store biten Her i havneparken var det iallefall eit yrande badeliv i helga Har den som nærmaste nabo til jobben Visste nesten ikkje at det var så mange som heldt til i nabolaget:-)var nok feriefolk og Skikkeleg kjekt å sjå.Bilde er frå dagane før
Lite badeaktivitet på gamla Brukar å vete storetåa Ikkje dei store badetemperaturane her med meg iallefall Er og blir ei pyse Misunner litt dei som har brukt helga på fjorden og,sjølv om eg nok helst berre vil ha blikkstille sjø når eg er på tur Det er det igrunnen sjelden det er Men,ser koseleg ut altso Kanskje eg skal ta med meg kaffikoppen ut på altanen Sola har for øyeblikket vunne over skyene Ha ein super mandag
Kan ein ha det bedre ein vakker sommerdag Berre nyte roa og eit indre velbehag Nyte ein fridag med varme gjer så godt I alle fall for gamla sin korpulente kropp
Litt skyer må eg innrømme igrunnen er eit pluss Så ikkje eg får solstikk for det vert berre kluss Passa perfekt å få krim i posten på ein slik dag Då kan eg lese og nyte og ikkje gjere det slag
Hadde litt god tid før jobb igår og gjekk meg ein tur i Havneparken Heldige som har eit så fint område ved jobben og finare vert det For ei dugnadsånd
Her er buldrevegg,grillplass,bane for mange typar ballspel og sandkasse:-) Fin grillhytte og flott badeplass Og dei jobber på:-) Sat ei lita stund ved grillhytta og berre nytta roa Imponert over all dugnadsinnsatsen som er gjordt og som fortsatt pågår Heldige når ein berre kan rusle ned der aleine eller med ein av bebuarane og berre kose oss
Mykje dugnad som vert lagt ned her og andre plassar I det heile så er det meste som skjer i bygdenorge basert på dugnad uten hadde det vel ikkje vore så mykje aktivitet i det heile
Vi tenkjer ofte forlite på kor mykje arbeid som ligg bak det som vi andre berre kan nyte gleda av Ikkje minst alle turstiane og stolpejakta:-) Pensjonistane er vel kanskje nokre av dei som er ivrigast i dugnadsarbeidet,men går ikkje uten dei yngre heller:-) Må gi litt til fellesskapet for å få litt,tenkjer eg
Idag har eg fri.Sola held seg vekke ,men opplett.Ser det skal verte det flotte veret i morra.Eg jobbar:-) Ei veke att så har gamla ferie.Er nok mange glad for